Kva er syrer og basar?  

Du veit kanskje at sitron smaker surt fordi han inneheld syre. Kanskje har du òg høyrt om pH, skalaen vi bruker for å seie kor surt eller basisk eit stoff er.

Sterke syrer kan etse ting i stykke, men korleis fungerer eigentleg det? Og kva vil det seia at basar er det motsette av syrer?

Hydrogen

For å forstå syrer og basar, må vi vite litt om hydrogen. Hydrogen er eit viktig atom i naturen. Det består vanlegvis av to partiklar – eit stort proton i midten og eit lite elektron som svirrar rundt. Protonet er markert med eit pluss, fordi det er positivt. Elektronet er negativt, og blir markert med minusteikn. Vi seier at desse partiklane har elektrisk ladning. Atomet vil helst ha like mykje pluss og minus.

Viss hydrogenatomet mister elektronet sitt, er det berre eit proton igjen. Då er det ikkje lenger balanse, og atomet blir berre pluss. Då blir det eit ion vi kallar H+. Eit slikt ion prøver hardt å hengje seg fast i elektrona til andre atom, for å få betre balanse mellom pluss og minus.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!