Den største månen til Saturn

Av dei over 60 månane til Saturn er Titan ikkje berre den største, men også ein av dei mest interessante og mystiske. Han er omtrent 50 prosent større enn månen til jorda og nokre hundre kilometer større enn planeten Merkur.

Titan og Saturns ringer

Titan blir ofte samanlikna med jorda. Atmosfæren har skyer som gir regn, og det er store innsjøar i polområda. Stabile sjøar av denne typen finst ingen andre stadar enn på Titan og her på jorda.

Titan har også føreseieleg ver, vulkanar og truleg kontinentalplater som rører seg, slik som på jorda. Dette gir landskap med fjellkjeder, sanddyner, dalar og strender.

Mange astronomar ser på Titan som ei tidleg utgåve av jorda. Dei trur at atmosfæren og overflata til saturnmånen, som nesten ikkje har nedslagskrater, minner om vår eigen klode på den tida då livet oppstod.

Men Titan får berre eit par prosent av det sollyset som jorda får, blant anna fordi nitrogenatmosfæren er så tjukk og disig. Den tette atmosfæren og den store avstanden til sola gjer at så å seia alt på denne månen er veldig kaldt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av Saturn og månen

Atmosfæren på Titan er ganske tett – lufttrykket er nesten halvannan gong høgare enn på jorda. Sidan Titan har liten tyngdekraft, endå mindre enn vår eigen måne, strekker atmosfæren seg ti gonger lenger ut i rommet enn atmosfæren på jorda gjer. Atmosfæren på Titan består av mange lag. Det er 98,5 prosent nitrogen, 1,3 prosent metan og 0,2 prosent hydrogen. Det er også spor av ei mengde andre hydrokarbon og gassar.

Illustrasjon av Titans atmosfære

TitanCassini-Huygens-ferda var eit felles prosjekt i regi av NASA, ESA og den italienske romfartsorganisasjonen. Etter å ha passert Titan fleire gonger landa Huygens-sonden på denne spennande månen i 2005. Sonden sende bilete og data opp til Cassini. Sonden samla data om  atmosfæren på Titan, ver og landskap. Landingsstaden var ei enorm slette dekt med steinar av vassis.

Tethys, Mimas and Enceladus orbiting around Saturn planet. 3d render

Bane og rotasjon

Titan brukar 15 døgn og 22 timar på å krinsa rundt Saturn. Samstundes spinn han éin gong rundt sin eigen akse – det tyder at månen har bunden rotasjon og alltid vender den same sida mot Saturn.

Liv på månen?

Ekspertar meiner at det kan finnast liv på Titan. Ein treng flytande stoff. Her på jorda har me vatn som kjelde til alt liv. På Titan kan stoffet metan fungera på den same måten.

Vanskeleg å sjå

Titan kan vera veldig vanskeleg å sjå i teleskop frå jorda, fordi han krinsar så nær Saturn og dei blendande lyssterke ringane.

Titan som koloni

Titan blir rekna som ein klode som me kanskje kan kolonisera. Det er fordi det finst store mengder hydrokarbon der – betydeleg meir enn alle førekomstane av olje og gass på jorda.

Draumen om å fly

På Titan er det tenkeleg at menneske kan fly ved hjelp av vingar festa til armane. Tyngdekrafta er låg, og den disige atmosfæren er tett.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Titan

Kjerne

Innvendig består Titan truleg mest av is, men astronomane trur han har ein steinkjerne som kanskje er varm, og som er omgjeven av ein slags is under høgt trykk, eit lag av flytande ammoniakk og vatn, og lengst ute ei skorpe av is.

Atmosfæren

Atmosfæren på Titan består for det meste av nitrogen, men inneheld også metan, hydrogen og små mengder andre gassar.

Skorpe av is

Isskorpa består av ein spesiell type is som dannar sekskanta krystallar som minner om snøfnugg. Islaget er lett og flyt truleg på laget av vatn og ammoniakk.

Vatn og ammoniakk

Huygens-sonden oppdaga veldig lange radiobølgjer som truleg slo tilbake frå dette havet i det indre i kloden. Ammoniakken held vatnet i flytande form sjølv i sterk kulde.

Is under høgt trykk

Høgtrykksformer av is med tett krystallstruktur oppstod antakeleg då månen blei danna.

Steinkjerne

Kjernen til Titan er truleg av steinmaterialar og omtrent 5000 kilometer i diameter.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Illustrasjon av hva Titan består av

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Ukjent
    4. Getty Images og NASA Jet Propulsion Laboratory Youtube
    5. Getty Images
    6. Ukjent