Bli kjenD med …

Tyrannosaurus

Tyrannosaurus er kanskje den mest kjende og populære dinosauren i verda.

Tyrannosaurus uten bakgrunn
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Tyrannosaurus var ein tobeint dinosaur som kunne bli opptil 12,5 meter lang og 4 meter høg ved hofta. Vekta kunne variere frå 4 til 18 tonn. Han  vart rekna som den største rovdinosauren inntil ein fann den endå større  Giganotosaurusen i 1993.

Kjevane til Tyrannosaurus var utstyrte med svært mange tenner som kunne bli opptil 15 centimeter lange. Tennene kunne gå tvers igjennom kraftige knoklar.

Forbeina var små og nådde ikkje fram til munnen. Kroppen var relativt kort og kraftig, med eit enormt hofteparti som festa dei lange og kraftige bakbeina. Halen var lang og kunne ha så mykje som 40 halevirvlar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosaurus
Tyrannosaurus

Levevis

Tyrannosaurus hadde enorme kjevemusklar og antakeleg eit av dei kraftigaste bitta hos noko landlevande dyr. Slike kraftige bitt er typiske hos rovdyr som primært lever av åtsel. Åtsel er daude dyr som har begynt å rotne. I vår tid er hyenar typiske åtseldyr.

Om Tyrannosaurus var ein åtseletar, eller om han drap sin eigen mat, er førebels usikkert. Uansett kunne den store kroppen jage vekk andre dyr medan han dreiv jakt eller åt.

Tyrannosaurus voks til full storleik før dei vart 20 år. Dei kunne bli nesten 30 år gamle. Den raske veksten er ei av årsakene til at mange forskarar meiner at Tyrannosaurus hadde relativt høg kroppstemperatur. Han kunne springe i ein fart av 29 kilometer i timen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Tyrannosaurus Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 18 frå https://snl.no/Tyrannosaurus

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images