Vår vakre verd – Europa

Verda vår består av mange mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss og krydra landskapet med spesiell arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre få eksempel frå Europa. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet.

1. Neuschwanstein slott | Tyskland

Neuschwanstein slott i Bayern i Tyskland er ein labyrint av tårn, vridde trapper og glasmåleri. Slottet var ein inspirasjon for Walt Disneys slott. I motsetnad til Disney-versjonen er Neuschwanstein 100 prosent ekte. Du kan faktisk utforska dei overdådige romma og salane – akkurat som sjølvaste Oskepott.

Neuschwanstein blei bygd seint på 1800-talet som eit slott for kong Ludvig av Bayern. Kongen var ein ulykkeleg mann med uvanleg smak.

Slottet ligg på ei bratt høgde ved foten av Alpane ved ein idyllisk innsjø. Det er lett å skjøna kvifor han valde denne plassen for draumehuset!

Dessverre fekk kongen aldri sjå slottet ferdig sidan han døydde under bygginga. Kongen drukna i innsjøen sin på mystisk vis.

Neuschwanstein opna dørene for publikum for å skaffa pengar til å fullføra slottet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Neuschwanstein slott i Tyskland
Neuschwanstein slott i Tyskland

2. Giant’s Causeway | Nord-Irland

Nord-Irlands største attraksjon er full av mystikk, med ei utruleg utsikt over til Skottland.

Ifølgje legenden skal Causeway ha blitt laga av kjempa Finn McCool. Han kasta steinar ut i vatnet for å kunna kryssa over til Skottland for å gi ei anna kjempe ein lærepenge. I røynda er steinane 60 millionar år gammal lava som har stivna til meir enn 40 000 stolpar.

Det er lett å forstå kvifor Giant’s Causeway kom på UNESCO si liste i 1986. Denne staden er Nord-Irlands einaste attraksjon som står på lista. Staden er høgt verdsett innan både vitskapen og kunsten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Giant's Causeway i Nord-Irland
Giant's Causeway i Nord-Irland

3. Alhambra | Spania

Alhambra ligg i byen Granada i Andalucia-regionen. Med sine hagar, bogegangar og skinande blå fontener er Alhambra eit av Europas finaste eksempel på islamsk kunst og arkitektur.

Men Alhambra har ikkje berre eitt slott – det har tre.

Alhambra starta som ei romersk festning. Så på 1100-talet blei det bygd om av ein arabisk herskar så det fekk utsikt over byen.

Spania blei kristna på nytt i 1492. Etter det bygde dei katolske kongane og dronningane sine eigne slott på staden der Alhambra står. Dette gjorde dei for å stilla det som blei bygd av dei tidlegare muslimske herskarane i Spania, i skuggen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Bledsjøen | Slovenia

Bledsjøen er draumen til ein fotograf! Innsjøen ligg i Alpane nordvest i Slovenia, like ved landsbyen Bled. Denne idylliske staden er omringa av fjell og skogar

Slottet Bled ligg høgt over innsjøen på den nordre breidda. Her er det ei fantastisk utsikt over vatnet, øya og fjelltoppane rundt. Slottet er frå 1100-talet. Her kan ein òg læra om trykkerikunsten i trykkeriet på slottet.

Midtpunktet i alt dette vakre er øya som ligg midt ute i innsjøen. Hovudbygningen på øya er ei kyrkje som hyllar jomfru Maria.

Kyrkja blei bygd på 1600-talet og har eit 52 meter høgt tårn. 99 trappetrinn går opp frå vasskanten!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bledsjøen i Slovenia
Bledsjøen i Slovenia

5. Meteora | Hellas

Hellas er kjent for sine kloster, kyrkjer og andre religiøse stader. Desse er ofte bygde på fjerne fjelltoppar og steinete holmar ute i havgapet. Blant desse er klostra i Meteora. Her klamrar seks kloster seg til klippekanten.

Her kan ein òg sjå vakre hagar og smart teknologi som gjer livet på klippene litt enklare for munkane.

Religiøse menneske har budd i denne fjerne delen av Hellas sidan kristendommen sine første dagar. Trusselen om invasjon tvinga dei til å trekka opp i fjella. Etter kvart blei bygningane deira bygde på steinsøyler eller på kanten av høge klipper. Dette gjorde bygningane vanskelege å finna for fiendar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Meteora i Hellas
Meteora i Hellas

6. Quinta da Regaleira | Portugal

Quinta da Regaleira blei bygd på bestilling frå ein brasiliansk millionær seint på 1800-talet. Designet var ein kombinasjon av lidenskapen hans for natur, mytologi og filosofi.

Staden har vore open sidan 1998. Då blei han tatt over av dei lokale styresmaktene.

Quinta da Regaleira har ein spesiell brønn. Denne brønnen er eit 27 meter djupt «tårn» under bakken! Ein må gå gjennom dei mørke tunnelane for å komma til brønnen. Deretter går ein opp ei ti etasjar lang spiraltrapp!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Quinta da Regaleira i Portugal
Quinta da Regaleira i Portugal

7. Tsarskoje Selo | Russland

Tsarskoje Selo er ein av dei mest overdådige turistattraksjonane i Russland. Staden ligg berre 24 kilometer frå St. Petersburg. Slottet ligg i landsbyen Pusjkin, som er oppkalla etter den store russiske poeten Aleksandr Pusjkin.

Slottet og parkanlegget har noko av den mest imponerande arkitekturen i verda. Blant desse er det berømte Katarinapalasset frå 1700-talet.

Slottet blei bygd som sommarresidens under keisarinne Katarina I av Russland. Dottera til Katarina, keisarinne Elisabet, bygde om slottet til rokokkostil for å kunna konkurrera med slottet i Versailles i Frankrike.

Då Katarina den store tok over trona, mislikte ho stilen og fekk ein arkitekt til å oppgradera slottet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tsarskoje Selo i Russland
Tsarskoje Selo i Russland

8. Plitvičesjøane | Kroatia

Kvifor besøka berre éin innsjø når du kan sjå 16 innsjøar som er bundne saman via fossefall? Du kan gå over trebruene som går på kryss og tvers over Plitvičesjøane i Kroatia. Her er du omringa av smaragdgrønt vatn som har forma landskapet i fleire tusen år.

Innsjøane er faktisk ein del av den langstrekte elva som renn mellom to fjell. Minerala i elva gir innsjøane den spesielle fargen.

Skogane rundt elva er heimstad for mange utryddingstrua artar.

Plitvičesjøane fekk plass på UNESCOs verdsarvliste i 1979, og dei er framleis Kroatias mest populære turistattraksjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Plitvice i Kroatia
Plitvice i Kroatia

9. Stonehenge | Storbritannia

Dette er eit landemerka i Storbritannia som er lett å kjenna igjen, men ingen veit heilt sikkert korleis det blei til. Steinane har stått der i minst 3500 år! Tusenvis av turistar besøker staden kvart år.

10. Dei greske øyene | Hellas

Hellas har meir enn 200 bebudde øyer som tilbyr meir enn berre sol, hav og sand. Kvar enkelt øy er ei unik blanding av historie og kultur.

Kreta er den største av dei greske øyene. Øya er spesielt interessant viss du likar historie, arkeologi og mytologi.

Ei anna historisk øy er Rhodos. Gjennom hundreåra har ho blitt forma av romersk, bysantinsk, genovesisk, osmansk og italiensk påverknad.

Med sine landsbyar, klipper og berømte solnedgangar er Santorini ei av dei mest besøkte greske øyene. Santorini blir òg kalla juvelen i Egearhavet.

Kanskje den mest berømte attraksjonen blant alle dei greske øyene er Navagiobukta – også kalla Shipwreck Beach – på øya Zakynthos.

Det rustne skipsvraket er midtpunkt på den smale stripa med kvit sand. Skipsvraket ligg i botnen av ei klippe omgitt av krystallklart, turkist vatn.

Stranda blir vist på mange postkort og brosjyrar, og ho blei kåra som ei av dei beste strendene i verda i 2017.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Santorini i Hellas
Santorini i Hellas

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ukjent
    11. Getty Images