Vår vakre verd – Oseania

Verda vår har tallause unike, mystiske og vakre stader. Naturen har gjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss og krydra landskapet med arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre stader i Oseania. Dette er ni av dei mest spesielle stadene i Australia og på New Zealand.

Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.
Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.

1. Great Barrier Reef | Australia

Great Barrier Reef er verdas største korallrev. Ein korall er eit bitte lite dyr som lever i havet. Der desse dyra samlar seg i store flokkar, vert blir det til eit korallrev. Great Barrier Reef har 3000 slike korallrev. Det er ei fantastisk oppleving å sjå korallreva frå ein båt med glasbotn, eller med dykkardrakt og snorkel.

Great Barrier Reef er som eit enormt akvarium. Her er det over 2000 fiskeartar som gøymer seg i dei fargerike korallane. Er du heldig, kan du oppleve hoppande delfinar eller ein kval mellom bølgjene.

Det beste er å sjå korallrevet frå lufta. Gjerne med helikopter eller småfly. Men Great Barrier Reef består også av hundrevis av øyar som du kan besøke med hjelp av båt.

Dykking og snorkling i vatnet rundt Great Barrier Reef er ei fantastisk oppleving. Revet er enormt, og vatnet har ein behageleg temperatur heile året. Er du ekstra eventyrlysten, kan du utforske SS Yongala, eit passasjerskip som sokk i 1911. Dette er rekna for å vere verdas beste vrak å dykke i.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.

2. Franz Josef-breen | New Zealand

Franz Josef-breen er ein av tre isbrear på New Zealand. Han er 12 kilometer lang og ligg berre nokre hundre meter frå kysten. Du stussar kanskje over namnet, men det kjem frå ein tyskar som utforska isbreen i 1865. Han kalla breen opp etter keisar Franz Josef I av Austerrike.

Det finst ei anna forklaring på namnet også. I følgje ei maorisk segn forelska snøprinsessa Hine Hukatere seg i ein vanlig mann med namnet  Wawe. Dei to gjekk opp på eit høgt fjell for å be gudane gjere henne til menneske. Men verguden Tawhirimatea dytta Wawe ned frå fjellet og rett i døden. Tårene til Hine Hukateres danna då isbreen. På maorispråket heiter isbreen «Ka Roimata o Hine Hukatere» som betyr dei frosne tårene til Hine Hukateres.

Franz Josef-breen bevegar seg nesten 50 centimeter om dagen. Isbreen etterlet seg holer, bresprekkar og tunnelar som endrar seg frå dag til dag. To brevandringar er derfor aldri like. Noko anna som er unikt, er at isbreen ligg rett ved regnskogen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Franz Josef isbreen på New Zealand.
Franz Josef isbreen på New Zealand.

3. Samoa | Stillehavet

Samoa er ei lita øy i Stillehavet. På øya er det heilt fantastisk natur: krystallklart vatn, kvite strender, frodige skogar og flotte fossefall. Ein vulkan har også danna to djupe hol som heng saman med ei hole. I eit av desse hola badar turistar og fastbuande.

 

📷  Tradisjonelt strandhus på Samoa.

Samoa består at to vulkanske øyar. Den største vulkanen er framleis aktiv. Store delar av øya er prega av vulkanen. Her kan du sjå gapande krater og eldgamle toppar med avkjølt lava. Dei som bur her, veit at vulkanen søv mykje av tida, men at han kan vekkjast til live når som helst. 

På den andre øya bur tre fjerdedelar av befolkninga. Her ligg også hovudstaden Apia. Her kan du oppleve samoisk kultur på sitt beste. Mange får også ei tatovering her som eit ferieminne. Apia er den beste staden om du har lyst til å oppleve ein Fiafia-kveld: fargerike kostyme og tradisjonell song og dans, kombinert med ein betre middag.

På Samoa lever framleis mange eit avslappa liv. Det finst hotell her, og øyane har tilgang til internett. Likevel prøver dei å leve så avslappa og roleg som mogleg, utan å bli avhengig av ein moderne livsstil.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.

4. Lake Hillier | Australia

Innsjøen ligger rett utanfor vestkysten av Australia. Han er knall rosa heile året. Forskarar er ikkje heilt sikre på kvifor. Nokre trur det kjem av ein bakterie som finst i vatnet, mens andre trur årsaka er ein alge. Innsjøen ligg rett ved Stillehavet, som er like blått som det alltid har vore. Kontrasten mellom dei to er derfor både forbløffande og fascinerande sett ovanfrå.

Lake Hillier er ikkje den einaste rosa innsjøen i verda. Likevel er han heilt unik. Vatnet endrar ikkje farge viss du fyller opp eit glas. Innsjøen vart oppdaga av den britiske eventyraren Matthew Flinders i 1802 og vart oppkalla etter William Hillier, som var med i reisefølgjet til Flinder. Lake Hillier er ingen stor innsjø, men vart i fleire år brukt til utvinning av salt. Utvinninga stoppa då det vart oppdaga at saltet var giftig.

Er det trygt å bade i det rosa vatnet? Du kan bade der, men det er eigentleg ikkje så lurt. Det finst ingen farlege dyr der, men saltinnhaldet er ekstremt høgt. Ønskjer du eit morosamt bilde til Instagram, kan du hoppe uti, ta bilde og komme deg på land igjen. Der kan du puste letta ut når du oppdagar at huda di ikkje har blitt rosa. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.

5. Rotorua | New Zealand

Denne byen på New Zealand har mange varme kjelder og avslappande gjørmebad. Her er også ei av verdas beste løyper for terrengsykling. Byen er også kjend for ein sprutande geysir. Ein geysir er kokande vatn som sprutar rett opp frå bakken. Dette skjer minst 20 gonger i døgnet! I tillegg kan du oppleve fleire hundre år gammal maorisk kultur her.

Rotorua ligger midt i eit vulkansk område, og det er faktisk ein stor fordel. Varm gass frå det indre av jorda kjem opp frå fjellet og varmar opp dei naturlege bassenga i området. Her er det vatn med ein temperatur på 35 grader.

Vil du prøve gjørmebad, kan du dra til Hells Gate. I tillegg kan du sjå eit av verdas største varme fossefall. Det meste på Rotorua er dermed varmt!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

6. Sydney | Australia

Sydney er av mange rekna for å vere ein av dei vakraste og mest spektakulære byane i verda. Ikkje minst på grunn av Sydney Harbour Bridge og operahuset. Brua er kjend for mange på grunn av det fantastiske fyrverkeriet på nyttårsaftan. Operahuset er Australias mest berømte landemerke.

St. Marys katedral er også verd eit besøk. Ikkje minst for å sjå dei vakre glasmåleria og høyre kyrkjekoret syngje på søndagar. Til jul er det tusenvis av lys i kyrkja. 

Det er mykje å oppleve i Sydney. Her finn du Royal Botanic Garden med fuglar, sommarfuglar, reptil og fisk. Kunstgalleriet i New South Wales er også verdt eit besøk. Elskar du sol og sommar, har Sydney over 100 strender. Den mest kjende er kanskje Bondi Beach.

Sydney kan også by på mange spennande dyr. Her finn du knølkvalar, koalabjørnar, kenguruar, krokodillar og vombatar. Vombat er eit lite pungdyr som liknar på ein liten bjørn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

7. Uluru | Australia

Uluru, også kalla Ayers Rock, er ein stor turistattraksjon som ragar 348 meter over bakken. Han er danna av ca. 600 millionar år gamle sedimentære bergartar og er den einaste forhøginga i fleire mils omkrets. Når den australske sola skin, ser det ut som om fjellet gløder i oransje og raudt. Fjellet er viktig for aboriginarane sin religion.

Hundretusenar har gått opp på Uluru for å sjå på soloppgangen. I 2019 vart det forbode å klatre til toppen. Mange vel likevel å gå rundt foten av fjellet, ein tur på 9,4 kilometer. Der kan du sjå holemåleri som vart måla av aboriginarane for meir enn 5000 år sidan.

Staden har også eit yrande dyreliv. Det finst meir enn 170 fugleartar, fleire titals reptilartar og meir enn 20 forskjellige pattedyr. Firfisler og slangar er dei du oftast støyter på. Er du heldig, kan du sjå kenguruar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Det røde fjellet Mount Connor i Australia
Det røde fjellet Mount Connor i Australia

8. Waitomo-grottene | New-Zealand

Eit fantastisk lysshow har gjort Waitomo Caves til ein av New Zealands mest populære attraksjonar. Grunnen er ein bitte liten orm som sender ut eit blått lys. Lyset bruker han for å fange andre insekt.  Dei vert lokka inn i eit klissete nett av silketrådar, og så blir dei til mat.

Det er ikkje berre lysshowet som lokkar turistane. Grottesystemet i seg sjølv er også spennande å utforske, anten til fots eller med båt. Underjordiske elvar har grave seg gjennom den mjuke kalksteinen i millionar av år, og det er desse som har gitt grottene namnet Waitomo. Det er maoriane sine ord for «elv som flyt ned i holet under bakken».

Inne i grottene har dryppande vatn og kalkstein skapt imponerande skulpturar som heng ned frå taket eller strekkjer seg opp frå golvet. Grotteveggane er laga av fossil av skjel som ein gong låg på havbotnen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

9. Tahiti | Fransk Polynesia

Langt ut i Stillehavet liggFransk Polynesia. Etter ein krig i 1889 tok franskmennene over makta i dette området. Her finn vi øyane Bora Bora, Tahiti og Mo`orea. Øyhopping er  veldig populært her.

Fransk Polynesia ligg ganske aude til. Frå Europa er reisetida på meir enn 24 timar!

Frå Tahiti er Mo’orea den lettaste øya å nå med båt. Her finn du varemerket til Tahiti : bungalowane på vatnet. Du kan også reise litt innover på øya for å utforske dei fascinerande grøne fjella som ruvar over landskapet.

Dyrelivet på Tahiti er også heilt unikt. Både på land og blant korallane i havet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.

Alltid ein ny stad å reise til

For ei verd vi lever i! Det er så mange spennande og fantastiske stader å oppdage. Neste gong du skal ut og reise, kan du gjerne leggfje vegen til ein stad du aldri har vore før. Då har du alltid eit nytt reisemål i sikte.

Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.
Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettigheter:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images