Verdsreligionane – jødedommen

Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.

Accessibility icon Verdsreligionane – jødedommen
Verdsreligionane:

Jødedommen  

Jødedommen er cirka 3000 år gammal og voks fram i Midtausten. Historia til jødane begynner med Abraham. Han inngjekk ei pakt mellom Gud og etterkommarane sine. Dei skulle mellom anna få sitt eige land.

Abraham blir rekna som stamfar til både jødedommen, kristendommen og islam. Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).

Utbreiing 

Landet som jødane var lova av Gud, var plassert mellom fleire stormakter. Det førte til krigar og uro. Jødane måtte derfor flykte frå stad til stad. Mange flytta òg frivillig og slo seg ned andre stader. Jødane har derfor levd som minoritet saman med andre kulturar og religionar.

Samtidig med at kristendommen voks og vart ein eigen religion, voks òg motstanden til dei kristne mot jødedommen. Mange kristne hata jødane. På 1800-talet utvikla dette seg til antisemittisme i Europa. Adolf Hitler, leiaren i nazistane, utnytta jødehatet på 1930-talet. Det førte til eit av dei mørkaste kapitla til historia – Holocaust – folkemordet på jødane før og under andre verdskrigen.

På grunn av jødeutryddinga fekk jødane etter krigen ein eigen stat, Israel. Han vart oppretta av FN. No skulle jødane endeleg få det landa Gud hadde lova dei. Det var berre eitt stort problem: Det budde nokon der frå før – palestinarane. Palestina erklærte krig med Israel frå første stund. Krigen førte til at Israel tok meir land enn FN hadde bestemt.

Sidan har uro og konfliktar prega området. Styresmaktene i Israel har forfølgt og undertrykt palestinarane, og mange har flykta.

I dag bur det seks millionar jødar i Israel og fem millionar jødar i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
A Jewish boy surrenders in Warsaw
A Jewish boy surrenders in Warsaw

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!