Verdsreligionane – kristendommen

Kristendommen er den største religionen i verda. Han består av mange ulike kyrkjesamfunn, men alle kristne har til felles at dei trur på Jesus som Guds son og verdas frelsar.

Accessibility icon Verdsreligionane – kristendommen
Verdsreligionane:

Kristendommen 

Kristendommen oppstod rundt år 30 e.Kr. i området der Israel ligg i dag. Kristendommen begynte med Jesus frå Nasaret. Religionen som rådde på hans tid, var jødedommen, og Jesus og dei første tilhengjarane hans var jødar. Vi kan ikkje vere sikre på om Jesus faktisk ville stifte ein ny religion. Kristendommen vart først sett som ei retning innanfor jødedommen, men etter kvart vart han ein heilt eigen religion.

Kors på et fjell i solnedgang
Kors på et fjell i solnedgang

Utbreiing 

I dag er kristendommen den største religionen i verda. Det finst cirka 2,2 milliardar kristne, noko som utgjer 32 prosent av heile befolkninga i verda. Den er òg den religionen med størst utbreiing. Det finst kristne i alle land i verda. Kristendommen begynte først å slå røter i Europa, før han spreidde seg til andre verdsdelar.

Den kristne trua er delt i mange ulike retningar, som utøver trua si på litt ulike måtar. Vi har mellom anna den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja, den anglikanske kyrkja, dei protestantiske kyrkjene og mange fleire.

Kristendommen er òg opphav til tidsrekninga vår – vi lever i år 2021 etter Kristus – det vil seie etter at Jesus Kristus vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stallen, krybben og Jesus
Stallen, krybben og Jesus

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!