Joiken til samane

Joiken til samane er ein viktig kulturarv. Men kva er eigentleg joik?

Accessibility icon Joiken til samane

Joik – ei tradisjonell samisk musikkform

Joiken til samane er ei av  dei eldste formene for folkemusikk i Europa. Joik er ein viktig del av kulturen til samane. Før blei samiske forteljingar overførte munnleg frå ein generasjon til den neste. Joik er derfor både litteratur og musikk.

Joik er framleis ein viktig kunst. Eigentleg blir det ikkje brukt instrument til joiken, berre stemma. På samisk heiter å joika juoigat. 

Joik og religionen

Før brukte sjamanen joik saman med runebommen under religiøse seremoniar. Ofte inneheldt desse joikane epos, som er eit langt dikt. Eposa kunne fortelja ei historie om livet til nokon. Nokre gonger gjekk historia gjennom fleire generasjonar. Dei kunne òg handla om eldgamle segner.

📷 Ein runebomme med motivstruktur av sørsamisk type.

Kjenneteikn ved joiken

Den spesielle bruken av stemma er eit av kjenneteikna ved joik. I tillegg har joik melodi, rytme og takt. Joikmelodien går i ein sirkel, og han er ikkje delt inn i vers som i vanlege songar. Vi kan derfor seia at joik aldri tar slutt. 

Joiken skal innehalda namnet til den eller det joiken handlar om. Han, ho eller det blir omtala med en joikemelodi. Ein kan òg joika på ulike dialektar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å joika nokon

Det er vanleg å seia at ein joikar ein person, eit dyr eller eit landskap. Ein seier ikkje at ein joikar om noko eller nokon. Ein joikar nokon eller noko. 

Personjoik

Det er ei ære å få sin eigen joik. Han har ofte blitt gitt som gåve, for eksempel til dåp og konfirmasjon. Rytmen og melodien fortel mykje om personlegdommen og eigenskapane ved personen det blir joika om. 

Joiken skildrar vanlegvis berre positive trekk ved personen. Personjoik kan òg brukast for å minnast nokon eller for å æra nokon. Då kong Olav opna Sametinget i 1989, fekk han sin eigen joik. Kong Harald og dronning Sonja har også fått sine joikar.

Joik kan òg brukast til flørting. Å få ein flørtejoik er det same som at ei jente eller ein gut seier mykje fint om deg, kanskje i håp om å bli kjærasten din. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Dyrejoik og landskapsjoik

Dyr kan òg få sin eigen joik. Melodien skildrar noko ved eit dyr, som storleiken og rørslene til dyret. Det kan brukast til å oppmuntra dyr til å vera flinke, for eksempel å springa fortare.

Ein naturjoik kan skildra ei årstid, reinbeite eller for eksempel eit fjell. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Joik som protest

Nokre joikar handlar om det som skjedde med samane for fleire hundre år sidan. Då blei dei pressa nordover og tvinga til å bli kjende med kristendommen. Joiken blei brukt for samhald og protest. Sjølv om embetsmenn og misjonærar kunne noko samisk, var desse protestane vovne inn med ord og uttrykk som dei ikkje kunne. Dei kunne forstå joiken, men ikkje bodskapen. 

Joik er kulturarv

Joik blei forbode då samane ble kristna. Ikkje-samar meinte at joik var synd. I mange område forsvann joiken heilt. Joik er ein gammal samisk kulturarv som det er viktig å føra vidare. Dei som ikkje kan læra joik heime, lærer det ofte på skulen eller på kurs. 

Joikekurs med Berit Alette Mienna
Joikekurs med Berit Alette Mienna

Den moderne joiken

I dag er det ny interesse for joik. Joiken gir inspirasjon til ulike musikksjangerar og ulike aldersgrupper. Joik kan oftare høyrast på radio eller sjåast på TV, som i «Stjernekamp» eller under Spellemannsprisen på NRK. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Gaski, Harald; Ledang, Ola Kai; Aksdal, Bjørn: joik Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/joik

Bilet- og videorettar:

    1. Jørn Pettersen / Riksarkivet 
    2. Åge Hojem / NTNU Vitenskapsmuseet (CC BY 2.0)
    3. Getty Images / NRK Skole
    4. Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
    5. Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
    6. Ukjent
    7. Daniel Skog / Riddu Riđđu
    8. Tore Sætre (CC BY-SA 4.0) / NRK – YouTube