Ein kamp mot urettferd

På begynnelsen av 1900-talet var India styrt av Storbritannia. Mange opplevde dette som djupt urettferdig. Britane bestemte over landet, tok store delar av ressursane og behandla ikkje den indiske befolkninga som likeverdige. Etter kvart voks motstanden, og indarane ønskte fridom og å eige sitt eige land. Fleire byrja å meine at det einaste som kunne føre til fridom, var å kjempe tilbake med vald.

Det var i denne situasjonen advokaten Gandhi tredde fram. Han var samd i at noko måtte endrast, men stilte eit spørsmål som fekk store konsekvensar: Viss målet er eit rettferdig samfunn, kan vi då bruke urettferdige midlar for å komme dit?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Mahatma Gandhi mot en klar blå himmel
En statue av Mahatma Gandhi mot en klar blå himmel

Ein radikal tanke

Gandhi meinte at middelet og målet heng saman. Om ein bruker vald for å skape eit rettferdig samfunn, risikerer ein å føre vidare nettopp det ein kjempar imot. Vald skaper lett meir vald, og makta kan berre skifte hender utan at samfunnet eigentleg blir betre.

Gandhi var dessutan hindu, og ifølgje trua hans er idealet ahimsa, å ikkje skade levande vesen. Derfor valde han ikkje-vald som sin veg. Ikkje fordi han trudde kampen var enkel, men fordi han meinte det var den einaste måten å skape ekte forandring på.

Dette var ein radikal tanke. For kva gjer ein då når ein møter urett? Korleis kjempar ein utan å skade?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe unge voksne som sitter ned under en demonstrasjon
En gruppe unge voksne som sitter ned under en demonstrasjon

Korleis får ein eit heilt folk med seg?

Det spesielle med Gandhi var ikkje berre kva han meinte, men korleis han klarte å få resten av befolkninga med på kampen mot det britiske kolonistyret.

Han snakka ikkje først og fremst til politikarar, men til vanlege menneske. Bønder, arbeidarar, kvinner og studentar vart inviterte inn i kampen, og det avgjerande var dette: Dei trong ikkje våpen for å delta. Han oppmoda folk til å gjere noko som verka enkelt, men som fekk store konsekvensar: å ikkje samarbeide, og han bad folk følgje si religiøse tru og overtyding.

Dei slutta å kjøpe britiske varer. Dei slutta å betale visse skattar. Dei slutta å følgje lover dei meinte var urettferdige. Når nok menneske gjer det same, byrjar systemet å vakle.

Eit imperium fungerer berre så lenge folk følgjer reglane. Gandhi fekk folk til å slutte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Folk følger en leder
Folk følger en leder

Å gjere motstand utan å slå tilbake

Gandhi organiserte både protestar, marsjar og boikottar. Han oppmoda folk til å stå imot, roleg men bestemt og utan å bruke vald. Dei fredelege aksjonane fekk merksemd langt utanfor India. Når tusenvis av menneske marsjerte utan våpen, og likevel vart møtte med vald, skapte det sterke reaksjonar.

Aviser skreiv om det. Bilete og forteljingar spreidde seg. Og i Storbritannia byrja vanlege folk å stille spørsmål: Var dette rett?

På den måten pressa Gandhi ikkje berre makthavarane politisk, men også moralsk. Han gjorde uretten synleg.

Saltmarsjen – ei lov blir broten

Eit av dei mest kjente døma er saltmarsjen i 1930. Britane hadde gjort det ulovleg for indarar å lage sitt eige salt. For mange var dette ein liten ting, men for Gandhi handla det om noko større: retten til å bestemme over eige liv.

Han gjekk over 300 kilometer til kysten. Undervegs slutta fleire og fleire seg til. Då han til slutt bøygde seg ned og tok opp ei handfull salt, var det ei enkel handling, men ho fekk enorm betydning. Plutseleg var det ikkje berre ei lov som vart broten. Det var eit heilt system som vart utfordra.

Denne typen handling blir kalla sivil ulydnad. Det betyr å bryte lover medvite og opent, fordi ein meiner dei er urettferdige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statuer av Mahatma Gandhi og følgere under Saltmarsjen
Statuer av Mahatma Gandhi og følgere under Saltmarsjen

Kvifor verka det?

Ikkje-vald kan lett oppfattast som svakt. Likevel fekk Gandhis strategi svært store konsekvensar.

For det første vart det vanskeleg for britane å slå opprør hardt ned utan å verke brutale. Når fredelege menneske blir møtte med vald, ser det annleis ut enn når to partar kjempar mot kvarandre.

For det andre vart det rett og slett for vanskeleg å styre India. Når millionar av menneske nektar å samarbeide, stoppar samfunnet opp. Lover mistar kraft om ingen følgjer dei.

Og samtidig skjedde noko utanfor India. Etter andre verdskrigen var Storbritannia svekt, og presset for sjølvstende auka. India var ikkje lenger mogleg å kontrollere på same måten som før.

I 1947 vart landet sjølvstendig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Politibetjent som overvåker en fredelig demonstrasjon
Politibetjent som overvåker en fredelig demonstrasjon

Eit vanskeleg spørsmål

Men historia stoppar ikkje her, for Gandhi gir oss ikkje berre eit døme, han stiller oss også overfor eit dilemma.

Hadde India vorte fritt utan presset han skapte? Og kva med andre land? Mange stader i verda har menneske kjempa seg til fridom gjennom krig og vald. Under andre verdskrigen vart diktatur nedkjempa med våpen, ikkje med fredelege protestar.

Det gjer spørsmålet vanskelegare, ikkje enklare.

Har Gandhi rett i at vald aldri kan føre til ekte rettferd? Eller finst det situasjonar der vald er nødvendig?

En fredsdue som symboliserer frihet, med en olivengren i nebbet, kaster en skygge formet som en bombe
En fredsdue som symboliserer frihet, med en olivengren i nebbet, kaster en skygge formet som en bombe

Ikkje berre historie

Sjølv om Gandhi levde for lenge sidan, møter vi liknande spørsmål i dag. Når menneske protesterer mot det dei opplever som urett, vel nokre fredelege metodar, medan andre meiner sterkare verkemiddel må til.

Når samiske aktivistar kjempar mot inngrep i natur og kultur, eller når elevar streikar for klimaet, blir grensene utfordra mellom det som er lov, og det som blir opplevd som rett.

Då dukkar det same spørsmålet opp igjen:

Skal vi alltid følgje reglar? Eller finst det situasjonar der det er rett å bryte dei? Viss målet er godt, er då alle middel tillatne? Eller må måten vi kjempar på, også vere rett.

Person står på asfalt foran to gule piler som peker i motsatte retninger
Person står på asfalt foran to gule piler som peker i motsatte retninger

Eit val utan fasit

Gandhi gir oss ikkje eit enkelt svar, men han gir oss ei retning å tenkje i.

Han minner oss om at det ikkje er nok å spørje kva vi vil oppnå. Vi må også spørje korleis vi går fram for å få det vi ønskjer oss, fordi måten vi handlar på, er med på å forme verda vi lever i.

Kanskje er det nettopp derfor historia hans framleis er viktig. Du må sannsynlegvis ikkje kjempe mot eit imperium i livet ditt, men du vil møte urettferd i mindre skala. Då står du overfor det same spørsmålet som Gandhi.

Kva gjer du? Følgjer du reglane, sjølv om dei er urettferdige, eller bryt du dei. Og om du vel å bryte dei, korleis gjer du det?

Her finst det ikkje noko rett svar, men det finst mange val. Og det er nettopp der etikken begynner. Då handlar det ikkje berre om kva vi meiner og tenkjer, men kva vi gjer i praksis.

Kjempar vi tilbake med same midlar, eller prøver vi, slik Gandhi gjorde, å finne ein annan veg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Veier som deler seg i den grønne skogen
Veier som deler seg i den grønne skogen

Kjelder

Bilde- og videorettar

  1. Adobe Stock
  2. Adobe Stock
  3. Adobe Stock
  4. Wikipedia
  5. Adobe Stock
  6. Getty Images
  7. Adobe Stock
  8. Getty Images
Close Icon

Loading...