Det største geniet i verda? 

Albert Einstein er nok den mest berømte fysikaren i verda. Ideane hans endra korleis vi forstår verda, og leidde til utviklinga av all mogleg slags moderne teknologi. Han føresåg også svarte hòl og andre fenomen som vi først klarte å påvise mange år seinare. 

Einstein blei kjend for å ha utvikla to vitskaplege teoriar . Den eine handlar om korleis tid og rom heng saman, og korleis fysikken sine lover er dei same uansett korleis ein flytter på seg. Dette blir kalla den spesielle relativitetsteorien. Den andre handlar om korleis tyngdekraft kan påverke tid og rom. Tida går nemleg meir sakte dersom ein opplever sterk tyngdekraft. Dette blir kalla den generelle relativitetsteorien. 

Alt dette høyrest kanskje innvikla ut, men tankane til Einstein førte til at forskarar over heile verda fekk ein ny måte å sjå verda på. Han har difor hatt enormt mykje å seie for utviklinga av samfunnet vårt. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Fødd i Tyskland 

Albert Einstein blei fødd i Tyskland i 1879, i ein by som heiter Ulm. Då han var fem år gammal, fekk han eit kompass, som han studerte mens han låg sjuk i senga. Han blei fascinert over at nåla fann vegen mot nord same korleis han vreid og vende på kompasset. Det fekk han til å undre seg over korleis det låg noko skjult bak alt i verda. 

Albert Einstein som barn

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!