Algebraiske lover
Dei algebraiske lovene er reglar som viser korleis vi skal rekne når vi skal leggje saman, trekkje frå, gonge eller dele.
Vi har tre slike lover: kommutativ, assosiativ og distributiv lov.
Når vi reknar, kaller vi det å gjere matematiske operasjonar. Ein matematisk operasjon er derfor det same som ein framgangsmåte, regel eller prosedyre.
![De fire regneartene som hvite symboler på fargerik bakgrunn.](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/11/GettyImages-515705646-1280x1280.jpg)
![Ruteark](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/10/GettyImages-890426794-1-1.jpg)
Ruteark
Kommutativ lov
Denne lova handlar om addisjon (leggje til) og multiplikasjon (gonge).
Lova seier at viss vi har to tal, som vi kan kalle a og b, så gjeld følgjande:
- a + b = b + a
- a x b = b x a
Dette betyr at det ikkje spelar nokon rolle kva slags rekkefølgje faktorane (a og b) kjem i. Med andre ord er 4 + 5 = 5 + 4.
Eller du kan sjå det som at å seie «eg har eit eple og ein appelsin», gir deg akkurat dei same fruktene som å seie «eg har ein appelsin og eit eple».
![En person holder frem et eple og en appelsin.](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/11/GettyImages-155371940-1280x853.jpg)
![Ruteark](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/10/GettyImages-890426794-1-1.jpg)
Ruteark
Assosiativ lov
Denne lova gjeld også for addisjon (leggje saman) og multiplikasjon (gonge).
Loven seier at
- (a + b) + c = a + (b + c)
- (a x b) x c = a x (b x c).
Vi får altså same resultatet (svaret) uansett kva for ei rekkefølgje vi legg saman tala i eller i kva for ei rekkefølgje vi gongar.
![Treklosser med bokstavene ABC i ulike farger.](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/11/GettyImages-156147050-1280x853.png)
![Ruteark](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/10/GettyImages-890426794-1-1.jpg)
Ruteark
Distributiv lov
Denne lova handlar om bruk av parentesar. Når vi skal multiplisere ein heil parentes med eit tal, som vi her kallar a, så reknar vi slik:
- a(b + c) = (a x b) + (a x c)
Mellom a og (b + c) står det eigentleg eit multiplikasjonsteikn (gongeteikn), men vi pleier ikkje å skrive det.
Viss vi tenkjer oss her at a er brunost og b og c er to brødskiver, seier vi først at brunost (a) skal på begge brødskivene (b+c) – og etter likdomsteiknet har vi omformulert til å seie at først har eg brunost på skive b (a x b), og så har eg brunost på skive c (a x c).
![Skjære brunost med ostehøvel.](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/11/GettyImages-614703896-1280x853.png)
![Ruteark](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/10/GettyImages-890426794-1-1.jpg)
Ruteark
![Stabel med tolv bøker på et bord med lyseblå bakgrunn.](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/11/GettyImages-1258065804-e1637237836381-1280x855.jpg)
Stabel med tolv bøker på et bord med lyseblå bakgrunn.
Kjelder:
- Hofmann, Andrea: den distributive lov i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/den_distributive_lov
- Hofmann, Andrea: den kommutative lov i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/den_kommutative_lov
- Hofmann, Andrea: den assosiative lov i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/den_assosiative_lov
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-