Ansiktsuttrykk i kommunikasjonen vår

Ansiktsuttrykk i kommunikasjon

Accessibility icon Ansiktsuttrykk i kommunikasjonen vår

Kva kan eit ansikt fortelje oss? 

Viss du var glad då du gjekk til skulen i dag, var det lett å sjå. Glade, triste  og  sinte ansikt er lette å forstå. Før så  trudde ein  at menneske berre kunne vise seks kjensler i ansiktet;  glad, trist, redd, sint, overrasking og  hat. 

Ansikt og kjensler 

No meiner ein at det finst langt fleire kjensler ein kan vise enn desse seks.   

Eit  smil kjem ikkje alltid av glede. Det kan òg komme fordi ein føler seg flau eller fordi ein fekk lyst til å le. 

Kva vil du dei rundt deg skal forstå? 

Kvifor smiler du til andre? Er det fordi du har ei kjensle i deg som du berre ut? Eller smiler du nokre gongar fordi du vil at andre skal føle noko spesielt? 

Tenk deg at du ser sint bror din. Gjer du det fordi du plutseleg blei sint? Eller vil du at han skal forstå at du synst det han nettopp sa var urettferdig? Eller gjer du det fordi du er skuffa over at han ikkje spurde om du òg vil ha ein is? 

Nokre gongar er ansiktsuttrykka våre styrde av både kjensler og tankar. Det betyr at vi kan bruke ansiktsuttrykka våre både til å uttrykkje kjensla vi har inne i oss, og til å styre kjenslene mellom oss slve og andre. 

Vi kan for eksempel ønskje å gjere mamma glad når ho ser lei seg ut. Då smiler vi pent, for vi veit at det gir henne ei god kjensle. Men det kan hende at vi inne i oss eigentleg er litt triste slv fordi bestevennen blei med nokon andre heim frå skulen i dag. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ekte eller ikkje? 

Smila våre kan klart vere ekte òg. 

Når du scora mål i cupkampen i helga, eller fekk ei hyggeleg melding frå ein du er forelska i,  då smilte  du stort fordi det bobla  over inne i deg. 

Men når ein god venn i klassa kjem med eit rett svar i timen, smiler vi nok ikkje av boblande glede, men av eit ønske om å støtte ein venn. Og den dårlege vitsen til læraren ler vi kanskje av fordi vi ønskjer at læraren skal like oss, ikkje fordi han var bra? 

Vi lærer etter kvart å skilje dei uekte frå dei ekte uttrykka i ansiktet. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Lese kjensler 

Er det viktig at eit smil er ekte? Nokre gongar smiler vi sjølv om vi ikkje har lyst, så dei rundt oss skal tru at vi er glade. Viss dei rundt oss forstår dette som eit  ekte  smil, vil dei ikkje merke nokon skilnad. 

Men viss vi misforstår eit uttrykk,  kan vi få problem.  Tenk deg at du er med ein venn på kino for å s yndlingsfilmen din. Du har gledd deg, og håper han òg gler seg. Men i kinosalen sit han og ser sur ut og lagar  grimasar. Du forstår det som at han ikkje likar  filmen,  og blir derfor lei deg. Men vennen er ikkje sur på grunn av filmen. Han har berre vondt i magen og lagar derfor grimasar. Slik kan det oppstå misforståingar mellom dykk to. Desse kan føre til både kranglar og vonde kjensler. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis tolke ansiktsuttrykk?

Emojiar 

Når vi ikkje ser kvarandre, så sender vi ofte SMS frå mobilen eller chatmeldingar gjennom spel. 

Ein  emoji er ein liten figur på mobilen. Ofte kan dei brukast for å vise kjensler i SMS du sender. Slik at du får vist endå betre kva du meiner. Emojiar hjelper deg å skildre kjensler når du ikkje ser personen du skal gi ein beskjed til. 

Dei fyrste emojiane 

Folk har teikna ansikt i tekst i fleire hundre år.  På 1980-talet,  då datamaskinar og mobiltelefonar var noko nytt, byrja folk å lage symbol.  🙂  betydde for eksempel glad, og  🙁  trist. 

I 1999 laga den japanske  designaren  ShigetakaKurita  176 symbol for å representere enkle idear som vêr, sport eller mat. Dette var dei fyrste  emojiane.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Emojiar i staden for ansiktsuttrykk? 

Eit problem vi møter på ved bruk av  emojiar er at vi har forskjellige  tankar om kva  som skal brukast og når. Somme meiner at ein bør avslutte alle meldingar med eit smilefjes, mens andre meiner dette blir for mykje.  

Når og kvar?

Vi bruker smilefjes aller mest i private situasjonar. Det er derfor ikkje  så lurt  å  bruke dei i skulearbeidet.  Det finst heller ingen reglar for bruk av emojiar, men det er alltid lurt å tenkje seg litt om før ein bruker dei. Slik at ein er sikker på at dei som mottar meldinga, forstår kva du meiner. 

17. juli er verdas  emojidag.

Teikn ein emoji 

Kjelder:

  • Slik funker verden (2019)
    Orage Forlag AS
  • Språkrådet 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Shutterstock
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Emojipedia.org
    11. Getty Images
    12. Art for Kids Hub Youtube