Ansiktsuttrykk i kommunikasjonen vår
Ansiktsuttrykket vårt utgjer ein stor del av kommunikasjonen vår. Når vi ikkje står ansikt til ansikt, bruker vi emojiar for å formidle dei same ansiktsuttrykka.
Kva er eit ansiktsuttrykk?
Viss du var glad då du gjekk til skulen i dag, var nok det lett å sjå. Glad, trist og sint er ansiktsuttrykk som er lette å tolke. Forskarar gjennom tidene har skrive mykje om menneskeleg samhandling gjennom ulike uttrykk i ansiktet. Sidan 1600-talet har ein meint at menneske berre har seks ansiktsuttrykk: glede, tristheit, frykt, sinne, overrasking og avsky.
Mange ansiktsuttrykk
De siste ti åra har nokre forskarar byrja tvile på dette. I dag er det fleire som har funne ut at det finst langt fleire ansiktsuttrykk enn desse seks. Forskarar har også funne ut at smil ikkje nødvendigvis kjem av glede, men kan komme av lyst, kjærleik, beundring eller interesse. Eit smil kan uttrykkje ei kjensle av å vere flau, lattermild eller «glad og rampete».
Korleis tolke ansiktsuttrykk?
Emojiar
Når vi ikkje er saman med dei vi kjenner, sender vi gjerne meldingar på SMS eller sosiale medium.
Kvar dag blir det sendt rundt 20 milliardar meldingar, og emojiar, som er laga for å gjere meldingane lettare å forstå. Tonen i stemma di kan fortelje om du er sint eller trist, og eit ansiktsuttrykk kan vise kva du føler, men ord på ein skjerm er ikkje like tydelege. Ein emoji, som er ein liten figur eller eit symbol i teksten, kan brukast for å vise kjensler i teksten, eller dei kan førestille ein idé eller gjenstand.
Kan emojiar erstatte ansiktsuttrykk?
Kan vi bruke emojiar heilt uten problem? Korleis blir ei melding med emojiar opplevd, mot den same meldinga utan? Eit problem vi møter på ved bruk av emojiar, er at vi har forskjellige tankar om kva som skal brukast og når. Somme meiner at alle meldingar bør bli avslutta med eit smilefjes, mens andre meiner dette blir for mykje.
Misforstått emoji
Nokre emojiar ser forskjellige ut fordi mobil eller PC har ulike tekniske løysingar. Viss versjonane er veldig forskjellige frå kvarandre, kan det hende dei ikkje lenger formidlar same kjensle eller gjenstand. Det vil lett kunne føre til misforståingar.
Når og kvar?
Vi bruker smilefjes aller mest i private situasjonar, og det er derfor ikkje så lurt å bruke dei i skulearbeid. Det finst i dag ingen reglar for bruk av emojiar i setningar. Det finst heller ingen reglar for bruk i sosiale medium, men det er alltid lurt å tenkje seg litt om. Det finst heller ingen reglar for rettskriving med emojiar. Men viss du skal bruke ein emoji i ei setning, vil det vere både lurast og penast å leggje han til etter punktum.
Kjelder:
- Slik funker verden (2019)
Orage Forlag AS
- Forskning.no (19.08.2020): Ansiktsuttrykk viser hva vi ønsker, ikke hva vi føler, ifølge forskere
https://forskning.no/biologi-hjernen-menneskekroppen/ansiktsuttrykk-viser-hva-vi-onsker-ikke-hva-vi-foler-ifolge-forskere/1644839
- Forskning.no (19.08.2020): Derfor er vi så dårlige til å tolke ansiktsuttrykk
https://forskning.no/psykologi/derfor-er-vi-sa-darlige-til-a-tolke-ansiktsuttrykk/1276785
- Språkrådet
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Shutterstock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Emojipedia.org
-
Getty Images
-
Getty Images
-