Atmosfæren – jordas usynlege livsrom
Atmosfæren er noko vi sjeldan tenkjer over, men som vi er heilt avhengige av, kvart einaste sekund. Han er usynleg, men livsnødvendig. Han gir oss luft å puste i, vernar oss mot farleg stråling, og skaper vêr og klima. I denne artikkelen skal vi utforske kva atmosfæren eigentleg er, korleis han fungerer, og kvifor han er så viktig for livet på jorda.
Illustrasjon av jorden sett fra verdensrommet hvor man ser gravitasjonseffekten.
Kva består atmosfæren av?
Atmosfæren er ei blanding av mange gassar, men dette er dei viktigaste:
- Nitrogen (N₂ – 78 %) – den mest vanlege gassen. Han er ganske passiv, men viktig for balansen.
- Oksygen (O₂ – 21 %) – det vi treng for å puste og for at ting skal kunne brenne.
- Argon (Ar – 0,93 %) – ein edelgass som ikkje reagerer med så mykje.
- Karbondioksid (CO₂ – ca. 0,04 %) – finst i små mengder (rundt 0,04 %), men har likevel stor betydning for klimaet.
- Vassdamp (H₂O) – varierer mykje, men er heilt avgjerande for vêr og klima.
I tillegg finnes det sporgassar som metan, ozon og lystgass, samt aerosolar som støv, pollen, salt og forurensning. Desse små mengdene kan ha stor effekt, både på klima, helse og vêr.
Illustrasjon av hva luften inneholder.
Vassdamp – vêrmaskinens drivstoff
Vassdamp er spesielt viktig. Han varierer frå nesten null i kalde, tørre område til fleire prosent i tropane. Vassdamp er også ein kraftig drivhusgass, og han er med på å danne skyer og nedbør. Utan vassdamp ville vêret vore ganske kjedeleg, og jorda mykje kaldare.
Det er fordi vassdamp er sjølve drivstoffet i vêrmaskinen vår. Vassdamp er nemleg ein drivhusgass som held på varme, og han er heilt avgjerande for at det skal dannast konveksjon, altså at varm luft stig og kald luft søkk. Det er denne rørsla som lagar skyer, regn og snø.
Utan vassdamp ville himmelen vore stort sett skyfri, og vêret ville vore det same kvar dag, ingen regnbogar, ingen snøstormar og ingen dramatiske skyer. Berre blå himmel og stilleståande luft.
Regnbue og truende skyer over et jorde.
Jordas lag med atmosfære.
Mesosfæren (50–80 km)
Her blir det kaldt, faktisk den kaldaste staden i atmosfæren, med temperaturar ned mot –90 °C. Det er her meteorar brenn opp når dei treffer lufta, og desse kan vi sjå som stjerneskot på himmelen.
Bilde av meteorer i mesosfæren
Termosfæren (80–700 km)
I dette laget stig temperaturen igjen, opp mot 1500 °C, men lufta er så tynn at det ikkje kjennest varmt. Det er her nordlyset dansar, og det det er her den internasjonale romstasjonen ISS går i bane. Vêrsatellittar, telekomsatellittar og GPS-satellittar går også i bane her. Termosfæren overlappar med ionosfæren, som er viktig for radiokommunikasjon.
Jorda fra Termosfæren med nordlys og satelitt. Boble på bilde: Visste du at thermo er gresk og betyr varme?
Satelitt som kretser rundt jorda fra verdensrommet, eksosfæren.
Sherpa som bærer oksygenflasker opp til foten av de høye fjellene.
Flyvinge i solnedgang
Modell av gassmolekyler
Kjelder:
Forskning.no. (2021). Hvorfor forsvinner ikke all lufta ut i verdensrommet? https://www.forskning.no/romforskning/hvorfor-forsvinner-ikke-all-lufta-ut-i-verdensrommet/1863284
Miljødirektoratet. (u.å.). Klimagasser og klimasystemet. Henta frå: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/fns-klimapanel-ipcc/dette-sier-fns-klimapanel/sjette-hovedrapport/klimagasser-og-klimasystemet/
Met office What are the layers of the atmosphere Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=LPHF323XlWw
NASA Earth Observatory (2011) The Carbon Cycle Henta frå: https://earthobservatory.nasa.gov/features/CarbonCycle
Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC (2023) Climate Change 2023: Synthesis Report. Intergovernmental Panel on Climate Change. https://www.ipcc.ch/report/ar6/syr/
Store norske leksikon. (u.å.). Atmosfæren. Henta frå: https://snl.no/atmosf%C3%A6ren