Sunt badevit!

Når vi badar, er det lett å gløyma at vi ikkje er sjødyr. Å hoppa, stupa og symja kjem kanskje heilt naturleg for deg, men ikkje gløym at både sjøen og havet kan vera farlege. Derfor er det viktig å kunna nokre reglar for korleis du kan ha det trygt og gøy i vatnet.

Far med hans to sønner bader

1. Lær deg å symja

Pass på at du sym godt òg om det er kaldt i vatnet.  

Gutt stuper i basseng
Gutt stuper i basseng

2. Bad aldri aleine

Bading er noko ein gjer saman, ikkje aleine. Følg med på dei andre du er saman med når du badar drukning kan skje raskt og stille.

Drukning ser ikkje ut som det gjer på film …

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To jenter som bader
To jenter som bader

3. Ikkje bad når du er svolten 

Det er ein myte at det er farleg å bada når ein akkurat har ete, men det er lett å bli sliten når du ikkje har ete på ei stund. Mange blir kvalme når dei badar på full mage. Då blir det også fort slutt på moroa.

Gutt spiser maiskolbe på stranden
Gutt spiser maiskolbe på stranden

4. Ikkje stup utan å vita kor djupt det er 

Det er ikkje lett å vurdera avstanden til botnen frå over vatnet. Gå uti og sjekk om det er trygt før du stuper.

Jente stuper i havet
Jente stuper i havet

5. Sym langs land og på trygge stader 

Ikkje sym under bryggjer, framfor stupebrett eller der folk hoppar.

Hadde du tort å symja i ein tank full av pirajaer? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

6. Ikkje dytt andre ut i vatnet 

Det kan oppstå farlege situasjonar når folk ikkje har kontroll på korleis dei fell i vatnet. Det som starta som ein vennleg spøk, kan fort bli veldig alvorleg om nokon skadar seg.

7. Dukk aldri nokon andre under vatn 

Dersom du overraskar folk idet dei pustar inn, kan det gå gale. Sjølv om det går bra, får dei ei dårlegare badeoppleving med deg.

8. Gå på land dersom du kjenner deg kald eller uvel 

Du bør vera i fin form når du badar. Er du kvalm eller kald, er det eit teikn på at kroppen ikkje har det bra. Då bør du komma deg opp.

To jenter bader i sjøen
To jenter bader i sjøen

9. Rop om hjelp berre  om du er i fare, aldri elles 

Folk flest er villige til å gå langt for å hjelpa nokon i naud. Ikkje utnytt det for ein kort spøk.

10. Bruk godkjend redningsvest

Når du er i båt, kan du plutseleg få eit ufrivillig bad viss du fell ut i sjøen. Då er du mykje tryggare om du bruker redningsvest.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Redningsselskapet
    4. Getty Images
    5. Redningsselskapet
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Redningsselskapet
    10. Getty Images
    11. Getty Images