Sunt badevit!

Når vi badar, er det lett å gløyma at vi ikkje er sjødyr. Sjølv om du er flink til å hoppa, stupa og symja, så må du ikkje gløyma at både sjøen og havet kan vera farlege. Derfor er det viktig å kunna nokre reglar for korleis du kan ha det trygt og gøy i vatnet.

Far med hans to sønner bader

1. Lær deg å symja

Pass på at du sym godt òg om det er kaldt i vatnet.  

Gutt stuper i basseng
Gutt stuper i basseng

2. Bad aldri aleine

Bading er noko ein gjer saman med andre, ikkje aleine. Følg med på dei andre du er saman med når du badar drukning kan skje raskt og stille.

Drukning ser ikkje ut som det gjer på film …

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To jenter som bader
To jenter som bader

3. Ikkje bad når du er svolten 

Det er ein myte at det er farleg å bada når ein akkurat har ete, men det er lett å bli sliten når du ikkje har ete på ei stund. Mange blir òg kvalme når dei badar på full mage. Då blir det fort slutt på moroa.

Gutt spiser maiskolbe på stranden
Gutt spiser maiskolbe på stranden

4. Ikkje stup utan å vita kor djupt det er 

Det er ikkje lett å sjå kor djupt vatnet er når du står på land. Gå uti og sjekk om det er trygt før du stuper.

Jente stuper i havet
Jente stuper i havet

5. Sym langs land og på trygge stader 

Ikkje sym under bryggjer, framfor stupebrett eller der folk hoppar.

Hadde du tort å symja i ein tank full av pirajaer? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

6. Ikkje dytt andre ut i vatnet 

Det kan vera farleg å falla i vatnet viss ein ikkje vel det sjølv. Det som starta som ein vennleg spøk, kan fort bli veldig alvorleg om nokon skadar seg.

7. Dukk aldri nokon andre under vatn 

Dersom du overraskar folk idet dei pustar inn, kan det gå gale. Sjølv om det går bra, får dei ei dårlegare badeoppleving på grunn av deg.

8. Gå på land dersom du kjenner deg kald eller uvel 

Du bør passa på at du kjenner deg frisk når du badar. Er du kvalm eller kald, er det eit teikn på at kroppen ikkje har det bra. Då bør du komma deg opp.

To jenter bader i sjøen
To jenter bader i sjøen

9. Rop om hjelp berre  om du er i fare, aldri elles 

Folk flest er villige til å gå langt for å hjelpa nokon i naud. Ikkje utnytt det til å lura nokon berre for å vera morosam.

10. Bruk godkjend redningsvest

Når du er i båt, kan du vera uheldig og falla i vatnet. Då er du mykje tryggare om du bruker redningsvest.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Redningsselskapet
    4. Getty Images
    5. Redningsselskapet
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Redningsselskapet
    10. Getty Images
    11. Getty Images