10 meter kvar

Når vi tar med alle fjordar og øyar, har Noreg ei kystlinje på 57 000 kilometer. Nok til alle, tenker du kanskje. Jau då, men deler du talet på kilometer på 5,4 millionar innbyggjarar, blir det faktisk berre drygt 10 meter til kvar. Og då er det vel ganske viktig korleis det ser ut på dine tilmålte 10 meter?

Ung jente med blondt hår på en strand

Allemannsretten

Sjøen er fri for alle, så der kan ingen nekta deg å vera. Allemannsretten betyr rett og slett at alle mann har rett til å bruka naturen. Men det inneber også at du må følga dei reglane som gjeld, og ikkje plaga andre. Så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og bryggjer, kan du fortøya båten og bada nesten kvar du vil i skjergarden. Du kan òg slå opp telt i to netter eller sova under open himmel.

Gutt som sitter på Huvudskar og ser utover
Gutt som sitter på Huvudskar og ser utover

Naturmangfaldslova

Då den første lova om naturvern kom her i landet, var det for å ta vare på artar av vitskapleg eller historisk verdi, og lova tok til å gjelda første gong ved at 52 planteartar på Dovre blei freda (1911).

Opp gjennom åra har innhaldet i naturvernomgrepet vore i stadig endring. Det har blitt meir utvida og blir i dag sett inn i ein større samanheng. Omgrepet omfattar no òg vern av kulturlandskap.

Det nære forholdet mellom mennesket og naturen er viktig. Det blir òg lagt stor vekt på å ta vare på naturens kvalitetar for etterslekta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre lundefugler på Spitsbergen i Svalbard
Tre lundefugler på Spitsbergen i Svalbard

Reglar for fiske

I sjøen kan du fiska med stong eller snøre heile året, anten du er i båt eller står på bryggja. Er du under 16 år og skal fiska etter anadrom laksefisk (fisk som har vakse opp i havet, og som går opp i elvar for å gyta, til dømes laks, sjøaure og sjørøye) eller innlandsfisk i vatn og vassdrag, treng du ikkje betala fiskaravgift, men du må ha gyldig fiskekort.

Viss du skal bruka garn, ruser eller teiner, må du merka dei med namn og adresse eller registreringsnummeret til båten.

Ikkje la deg freista til å ta fisk fra andre sine garn. Ikkje nok med at eigaren kanskje må nøya seg med å servera fiskepinnar til festmiddagen – du risikerer òg ei klekkeleg bot!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann som holder en fiskestang
Mann som holder en fiskestang

Reglar for sjøfuglreservat

For at fuglane skal få ro i hekketida, finst det mange fuglereservat langs kysten. Desse øyane er tydeleg merkte med skilt, og det er ikkje lov å komma nærare enn 50 meter i hekketida.

Tidspunkt for ferdselsforbodet varierer frå område til område. Ta kontakt med miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i ditt fylke for meir informasjon.

⬅ Hekkande toppskarv (Phalacrocorax aristotelis). ⮕

Toppskarv
Toppskarv

Forsøpling

All forsøpling er ulovleg og dermed også straffbart. Søppel i naturen er stygt og kan gjera stor skade. Oljeutslepp er særleg skadeleg for sjøfugl. Berre ein liten oljeflekk kan vera livstruande, sidan oljen øydelegg varmeisolasjonen i fjørdrakta.

Ungdommer plukker søppel på en strand
Ungdommer plukker søppel på en strand

Draum vs. verkelegheit

Samanlikna med Karibia har Noreg kanskje reine strender, men la oss hugsa på at havet ikkje kjenner nokon grenser, og søpla kan flyta til – og frå – oss frå fleire verdshjørne.

Visste du at …

… viss du tenner eit bål på svaberget, vil berget kunna sprekka og bli øydelagt for alltid?

… viss du heller eit halvt glas spillolje i sjøen, blir 100 000 liter sjøvatn forureina?

… ein eingongsgrill er enkel og praktisk i bruk, men skjemmande viss han blir liggande? Dypp han i sjøen etter bruk, og legg han i næraste søppelcontainer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vakkert bilde tatt fra en norsk skjærgård
Vakkert bilde tatt fra en norsk skjærgård

Kjelder:

  • Redningsselskapet
  • Sjøfartsdirektoratet

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Purpose17 – Bærekraftskanalen Youtube
    8. Getty Images