10 meter kvar

Når vi reknar med alle fjordar og øyar, har Noreg ei kystlinje på 57 000 kilometer. Det tenker du kanskje at er nok til alle? Jau då, men viss vi tenker oss at vi gir ein like stor del av dette til alle i Noreg, så blir det berre litt meir enn 10 meter til kvar. Og då er det vel ganske viktig korleis det ser ut på dine 10 meter?

Ung jente med blondt hår på en strand

Allemannsretten

Sjøen er fri for alle, så der kan ingen nekta deg å vera. Allemannsretten betyr rett og slett at alle har rett til å bruka naturen. Men det betyr òg at du må følga dei reglane som gjeld, og ikkje plaga andre. Så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og bryggjer, kan du fortøya båten og bada nesten kvar du vil i skjergarden. Du kan òg slå opp telt i to netter eller sova under open himmel.

Gutt som sitter på Huvudskar og ser utover
Gutt som sitter på Huvudskar og ser utover

Naturmangfaldslova

Då den første lova om naturvern kom i Noreg, var det for å ta vare på viktige artar. Lova blei første gong brukt då 52 planteartar på Dovre blei freda i 1911.

Sidan då har ordet naturvern endra meining. No snakkar ein òg om vern av område som er påverka av menneske når ein snakkar om naturvern.

Det nære forholdet mellom mennesket og naturen er viktig. Ein er også opptatt av å ta vare på naturen for dei som kjem etter oss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre lundefugler på Spitsbergen i Svalbard
Tre lundefugler på Spitsbergen i Svalbard

Reglar for fiske

I sjøen kan du fiska med stong eller snøre heile året, anten du er i båt eller står på bryggja. Er du under 16 år og skal fiska etter innlandsfisk i vatn og vassdrag, eller fisk som laks, sjøaure og sjørøye som er fødd i havet, men går opp i elvene når dei skal få ungar, treng du ikkje betala fiskaravgift. Du må berre ha gyldig fiskekort.

Viss du skal bruka garn, ruser eller teiner, må du merka dei med namn og adresse eller registreringsnummeret til båten.

Ikkje la deg freista til å ta fisk fra andre sine garn. Ikkje nok med at eigaren kanskje må nøya seg med å servera fiskepinnar til festmiddagen – du kan òg få ei skikkeleg bot!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann som holder en fiskestang
Mann som holder en fiskestang

Reglar for sjøfuglreservat

For at fuglane skal få ro mens dei legg egg og tar seg av ungane sine, finst det mange fuglereservat langs kysten. Desse øyane er tydeleg merkte med skilt, og det er ikkje lov å komma nærare enn 50 meter i hekketida.

Tidspunkt for når ein må halda seg unna, varierer frå område til område. Ta kontakt med miljøvernavdelinga i ditt fylke for meir informasjon.

⬅ Hekkande toppskarv (Phalacrocorax aristotelis). ⮕

Toppskarv
Toppskarv

Forsøpling

Å kasta søppel er ulovleg og dermed også straffbart. Søppel i naturen er stygt og kan gjera stor skade. Oljeutslepp er spesielt farleg for sjøfugl. Berre ein liten oljeflekk kan vera livsfarleg, fordi oljen gjer at fjørene ikkje held fuglane varme lenger.

Ungdommer plukker søppel på en strand
Ungdommer plukker søppel på en strand

Draum vs. verkelegheit

Samanlikna med Karibia har Noreg kanskje reine strender, men vi må hugsa på at havet dekker heile verda, og søpla kan flyta kvar som helst.

Visste du at …

… viss du tenner eit bål på svaberget, vil berget kunna sprekka og bli øydelagt for alltid?

… viss du heller eit halvt glass brukt olje i sjøen, blir 100 000 liter sjøvatn forureina?

… ein eingongsgrill er enkel og praktisk i bruk, men søppel viss han blir liggande? Dypp han i sjøen etter bruk, og legg han i næraste søppelkasse.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vakkert bilde tatt fra en norsk skjærgård
Vakkert bilde tatt fra en norsk skjærgård

Kjelder:

  • Redningsselskapet
  • Sjøfartsdirektoratet

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Purpose17 – Bærekraftskanalen Youtube
    8. Getty Images