Topp sju

Mange er glade i å lage lister over favoritt-tinga sine. Har du nokon gong laga ei slik liste? Til dømes ei liste over kva slags mat du synest er best, eller kva slags musikk du liker?

Dette har menneske faktisk halde på med i tusenvis av år. Ei av dei mest kjende listene er lista over dei sju underverka. Dette er ei liste som gamle greske historikarar kom opp med for over 2000 år sidan. Denne tida kallar vi antikken. På lista står det sju byggverk som ein meinte var spesielt imponerande.

Dei sju underverka på lista er: 

  1. Den store pyramiden i Giza
  2. Mausoleet på Halikarnassos
  3. Zevs-statuen i Olympia
  4. Dei hengande hagane i Babylon
  5. Fyrtårnet ved Alexandria
  6. Artemis-tempelet i Efesus
  7. Kolossen på Rhodos

… men berre eitt av desse underverka finst framleis i dag. Veit du kva for eit? 

Grekarane i antikken budde i Hellas, og dei reiste ikkje så langt heimanfrå. Dei hadde ikkje fly eller moderne skip, så derfor kunne dei ikkje dra så langt. Når dei skulle lage ei liste over dei flottaste bygga i verda, så talde dei berre med bygg som låg i nærleiken av Hellas. Ingen drog til England, Kina eller Sør-Amerika!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramide, Cairo, Egypt

Fleire lister 

Folk har ofte ulik smak, og slik var det også i antikken. Derfor har vi funne fleire lister som alle er litt ulike. Derfor måtte ein slå saman alle listene til ei superliste. Det blei gjort mange år etter antikken.

Her er nokre av grekarane som lagde lister: 

  • Antipatros frå Sidon 
  • Philo fra Bysants 
  • Kallimakhos frå Kyrene 
  • og historikaren Herodot 

Alle levde meir enn 100 år før år null. Vi kallar dette før vår tidsrekning, eller før Kristus (f.Kr.).  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Herodot
Statue av Herodot

Kvifor sju? 

For grekarane i antikken var sju eit viktig tal. Dei hadde oppdaga sju store ting på himmelen. Sola, månen og fem planetar. Det vart til saman sju spesielle himmellekamar. Derfor meinte dei at det skulle vere sju underverk på lista.

Gamle egyptere som bygger en pyramide
Gamle egyptere som bygger en pyramide

#1 Den store pyramiden i Giza

Sjølv om alle dei andre underverka har blitt øydelagde, står pyramiden i Giza framleis. Han vart bygd omtrent 2500 år f.Kr., altså for 4500 år sidan! Likevel finst han i dag, du kan dra og sjå han nord i Egypt. Pyramiden vart laga for at faraoen Kufu skulle bli gravlagd der. Ein trur at det tok rundt 14 år å byggje pyramiden.

Høgast i verda 

Då pyramiden var ferdig, var han 146,5 meter høg. Ingen bygningar i verda var så høge før på 1300-talet, då Lincoln-katedralen i England tok rekorden.

Pyramiden er også veldig stor. Sokkelen er på 55 000 kvadratmeter, og heile pyramiden består av 2,3 millionar steinblokker.

I dag er pyramiden litt lågare enn han var, fordi sand og vind har slite bort dei øvste steinane. Likevel er han eit utruleg imponerande syn.

Det egyptiske samfunnet 

Vi veit framleis ikkje heilt sikkert korleis pyramidane vart bygde. Egyptarane må ha vore veldig dyktige for å få til noko sånt. Pyramidane er fulle av mysterium og spor etter dei som brukte dei. Ved å studere dei kan vi lære om korleis livet var i det gamle egyptiske samfunnet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramidene i Egypt
Pyramidene i Egypt

#2 Mausoleet i Halikarnassos

I Midtausten låg det ein gong eit stort rike som heitte Persia. Her heldt Mausolos til. Han var ein rik guvernør som bygde ein heil hovudstad til seg og kona Artemisia. Byen låg omtrent der Tyrkia er i dag, og vart kalla Halikarnassos.

Mausolos var glad i luksus og fylte byen med vakre statuar og tempel. Han ville også ha den same luksusen når han var død, derfor bygde han ei kjempestor grav til seg sjølv. Grava vart kalt Mausoleum. Mausolos døydde i 353 f.Kr. Klarer du å rekne ut kor mange år det er sidan?

41 meter 

Mausoleet vart teikna av to greske arkitektar som heitte Pytheos og Satyros. Det var bygd opp litt som ei kake, med tre nivå i ulike stilar. Rundt kanten var det 36 søyler, og det var trapper som leidde opp til nivåa over.

På toppen av det spisse taket var det ein statue av ei vogn med fire hestar. Viss vi reknar med denne, var heile bygget cirka 41 meter høgt. Det var også andre skulpturar og dekorasjonar rundt grava på alle sider.

Lever vidare 

Truleg vart grava øydelagd av eit jordskjelv, ein gong i mellomalderen. Ein ting som lever vidare, er ordet «mausoleum». I dag bruker vi det om alle store, fine byggverk som er laga for å vere graver.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mausoleum, Halicarnassus
Mausoleum, Halicarnassus

#3 Zevsstatuen i Olympia

Olympia var ein heilag stad i Hellas i antikken. Grekarane trudde det var der guden Zevs slo seg ned, herskaren over alle dei andre gudane. Her heldt ein blant anna dei første olympiske leikane. Eitt av dei sju underverka vart også reist i Olympia til ære for Zevs. Det var ein enorm statue som sto inne i tempelet til Zevs.

Statuen var laga av skulptøren Phidias cirka 435 år f.Kr.

Bygd av tre 

Statuen viste Zevs på ei trone av tre. I den eine handa heldt han eit septer med ei ørn på. I den andre var det ein liten statue av gudinna Nike. Heile Zevs og trona var dekorert med gull, elfenbein og edelsteinar. Prestane i tempelet var nøydde til å olje statuen ofte for å beskytte han mot klimaet i Hellas.

Statuen var nesten 12 meter høg, og han fekk nesten ikkje plass inne i tempelet. Det vart sagt at viss Zevs reiste seg, ville han rive sundt taket.

Brann opp 

Folk drog til Olympia for å sjå statuen i 800 år. Den galne romerske keisaren Caligula ville frakte han til Roma og byte ut hovudet med sitt eige. Det vart det aldri noko av.

Ein veit ikkje heilt kor det vart av statuen. Det kan vere han vart frakta til ein annan by, og at han brann opp der. Tempelet vart øydelagt i år 426 etter Kristus (e.Kr.), så det er mogleg at det var då statuen vart borte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av Zeus
Illustrasjon av Zeus

#4 Dei hengande hagane i Babylon

Ingen av dei andre underverka er så mystiske som dette. Hagane blir skildra i mange antikke tekstar frå Hellas og Roma, men vi er ikkje sikre på om dei har eksistert. Viss dei fanst, må babylonarane ha vore flinkare til å byggje enn alle andre folk på den tida. Å ha ein stor, fin hage midt i ein ørken er vanskeleg nok, men korleis fekk dei vatn heilt opp på taket?

Ei kone med heimlengt 

Ei av historiene om hagen var at kong Nebukadnesar II bygde han til kona si, fordi ho lengta heim. Ho var frå det frodige landet Media, som låg der Iran er i dag. Tekstane fortel at bygget hadde mange hagar i fleire etasjar, så det såg ut som eit fjell av blomstrar, plantar og urter.

Avansert vatning 

For å frakte vatn til ein hage som er på taket, må ein få vatnet til å renne oppover. Det er ikkje lett. Ein teori er at dei brukte ein slags skrue som dytta vatnet oppover i eit rør. Oppfinnaren Arkimedes laga ein slik skrue, men han levde lenge etter at hagane skal ha blitt bygde.

Ein annan stad 

Det kan ha vore at historikarane har teke feil, og at hagen ikkje låg i Babylon. Det står nemleg ingenting om hagen i babylonske tekstar, noko som er litt rart.

Forskarar ved Oxford-universitetet har funne tekstar om ein annan hage som vart bygd av kong Sankerib av Assyria. Kan det vere denne kongen grekerane snakka om? I så fall har ein leita på feil stad etter ruinane frå hagen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Babylons hengende hager
Babylons hengende hager

#5 Fyrtårnet ved Alexandria

Ved nordkysten av Egypt var det grunt og mange skjer i sjøen. Derfor var det vanskeleg for båtar å navigere inn til hamna i Alexandria. Løysinga vart å bygge eit enormt fyrtårn på øya Faros, rett utanfor hamna.

Synleg på 49 kilometers avstand 

Den greske arkitekten Sostrados fekk jobben, og over ti år seinare stod tårnet ferdig. Ein trur at det var 140 meter høgt – det nest høgaste bygget i verda  på den tida.

Tårnet var firkanta på botnen, åttekanta på midten og rundt på toppen. Det var rampar så ein kunne kome seg heilt til topps for å tenne elden. Når elden brann, kunne ein sjå lyset 49 kilometer unna.

Jordskjelv 

Underverket vart øydelagt av jordskjelv. Ein trudde det vart fullstendig borte på 1400-talet, men i 1994 fann ein steinar i sjøen rundt Faros, som kan ha tilhøyrt fyrtårnet. Egyptiske myndigheiter har sagt at dei har lyst til å byggje opp tårnet igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt

#6 Artemistempelet i Efesos

Diktaren Antipatros meinte Artemistempelet var det flottaste av alle dei sju underverka. Dette skreiv han om i eit dikt 140 år f.Kr.

Måtte byggast opp fleire gongar 

Mykje rart skjedde med dette tempelet! Det vart nemleg øydelagt og bygd opp igjen fleire gongar.

På 600-talet f.Kr. vart det tatt av ein flom. I år 356 f.Kr. brann det ned fordi ein mann som heitte Herostratos sette fyr på det. Han gjorde det for å bli kjendis. På ein måte fungerte det også, vi veit jo framleis om han i dag! På 200-talet f.Kr. vart det plyndra av gotarane. Til slutt vart det heilt øydelagt i år 401 e.Kr., og berre éi søyle står igjen i dag.

Vakkert 

Den versjonen av tempelet som Antipatros dikta om, var nok den mest imponerande. Då var det 110 meter langt og 55 meter breitt. Langsida var pynta med utskjeringar, statuar og 127 søyler. Inne stod ein statue av Artemis, gudinna for jakt. Mange grekarar drog til Efesos for å be til henne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.

#7 Kolossen på Rhodos

Denne statuen vart bygd i år 282 f.Kr., og var derfor det yngste av alle underverka. Han vart også øydelagt først, berre 60 år seinare.

Solguden 

Statuen var av solguden Helios, og var bygd av jern og bronse. Skulptøren heitte Khares og var frå ein stad som heiter Lindos. Han fekk i oppgåve å designe statuen for å feire ein militær siger. Ei legende fortel at statuen vart laga av våpena og utstyret til fienden dei hadde slått.

32 meter

Statuen såg ut over hamna og var cirka 32 meter høg. Kanskje heldt han også ei lykt eller eit spyd i handa. Ein teiknar han ofte med eitt bein på kvar side av hamna, men det ville ikkje ha vore mogleg å støype noko slikt på den tida. Han sto nok med beina saman, sånn som andre statuar. Same korleis han såg ut, vart han knust av eit jordskjelv i 226 f.Kr.

Seld som skrap 

Etter jordskjelvet låg statuen i bitar på bakken. I over 800 år kom folk for å sjå på bitane. Det blir sagt at få menneske klarte å ta armane rundt tommelen til statuen, så han var nok ganske stor. Til slutt vart Kolossen seld som skrapmetall på 600-talet e.Kr. Då dei skulle frakte alle bitane, måtte dei bruke 900 kamelar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos

Underverk vi kan sjå i dag

Det finst mange flotte gamle bygg i dag, som ikkje stod på lista til grekarane. Kva bygg synest du burde ha vore med?

Cristo Redentor 

Den 30 meter høge Kristus-statuen ser ut over Rio de Janeiro i Brasil.

Den kinesiske muren 

Kinesarane bygde ein mur som er 8850 kilometer lang, for å beskytte Kina mot inntrengjarar.

Machu Picchu 

Høgt oppe i fjella i Peru ligg ruinane av ein by som Inka-folket bygde. Vi oppdaga han ikkje før i 1911.

Colosseum 

På det enorme stadionet i Roma kunne romarane sjå på gladiatorkamp. Det hadde plass til titusenvis av tilskodarar.

Chichen Itza 

Maya-folket i Mexico lagde også ein imponerande by. Der står det blant anna ein 30 meter høg pyramide som heiter El Castillo.

Taj Mahal 

Dette indiske byggverket er eit av dei vakraste i verda.

Eiffeltårnet 

Millionar av menneske dreg til Paris kvart år for å sjå dette tårnet. Mange av dei går dei 1710 trinna til toppen.

La Sagrada Familia 

Denne katedralen er enno ikkje ferdig, sjølv om dei har halde på med å byggje han i over hundre år. Han står i Barcelona.

Hagia Sofia 

Katedralen i Istanbul frå 500-talet er den viktigaste bygningen frå den bysantiske perioden.

Kjelder: 

  • Aarli, Gunn: Sagrada Familia i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/Sagrada_Familia
     
  • Historiens største mysterier, Orage AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Alamy
    7. Ukjent
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Ukjent
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Ukjent
    18. Ukjent
    19. Ukjent
    20. Ukjent