Frå sjåverdig til underverk

Dei sju underverka var fantastiske byggverk som la lista for kva mennesket i si tid kunne oppnå. Kolossale statuar, eit fantastisk tempel og ein enorm pyramide høyrer nærmast fantasien til. Historikarane den gongen var i hovudsak reisande grekarar. Dei  utforska det andre sivilisasjonar hadde erobra, og i bøkene sine skildra dei det mest fantastiske og sjåverdige dei fekk oppleve i Egypt, Persia og Babylon. Dei opplevde først og fremst områda rundt Middelhavet, noko som også forklarer kvifor dei sju underverka er å finne der.  

Grekarane laga guidebøker over dei mest sjåverdige tinga, og dette var meint som råd til framtidige reisande. Sjølv om dei fleste av underverka, med unntak av eitt, no er borte, har desse bøkene gitt oss ei historisk innsikt som i dag pirrar fantasien, inspirerer arkeologar og motiverer skattejegarar.  

Byggverka, som både forbausa og inspirerte dei, var kalla «theamata» («må sjåast»), men dette utvikla seg snart til det meir storslegne namnet «thaumata», som betyr «underverk».  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramide, Cairo, Egypt

Fleire lister

Dei sju underverka vi kjenner i dag, er ei samansmelting av alle dei ulike listene frå antikken. Dei best kjende versjonane kjem frå Antipatros frå Sidon frå 100-talet f.Kr. og frå Philo frå Bysants. Vi kan også nemne Kallimakhos frå Kyrene og den store historikaren Herodot. Kva som kom på listene deira, var avhengig av kvar dei reiste, og kva som var deira personlege meining. Sjølv om vi kjenner Fyrtårnet ved Alexandria som eit underverk i dag, var det enkelte som utelet det og meinte ein heller burde sjå  Istarporten i Babylon i staden. 

Statue av Herodot
Statue av Herodot

Kvifor sju?

Trass i at det var ei mengd byggverk og statuar i den antikke verda som fortente å bli inkluderte, har det alltid vore berre sju underverk. Grekarane valde dette talet fordi dei trudde det hadde åndeleg betydning og representerte perfeksjon. Dette kan vere fordi det var fem kjende planetar på den tida, som saman med sola og månen blir sju. 

Gamle egyptere som bygger en pyramide
Gamle egyptere som bygger en pyramide

Den store pyramiden i Giza

Mens dei andre seks underverka har vore tapt i århundre, står Den store pyramiden i Giza framleis stolt i det nordlege Egypt. Egyptarane reiste bygget i cirka 2500 f.Kr. som grava til farao Kufu. Den 55 000 kvadratmeter store sokkelen på pyramiden er brei og solid, og han sørgjer for at det eldste underverket no også er det einaste. 

Verdas høgaste

Opprinneleg var han 146,5 meter høg, og han regjerte som verdas høgaste byggverk heilt til Lincolnkatedralen i England vart reist på 1300-talet. Med åra har det ytre kalksteinslaget erodert og kutta nesten åtte meter av høgda, men pyramiden er framleis det mest ekstraordinære og sjåverdige bygget  på jorda. Ein reknar med at det tok om lag 14 år å transportere og plassere dei 2,3 millionar steinblokkene. 

Gav innblikk

Ein diskuterer framleis korleis pyramidene vart bygde, og korleis egyptarane for 4000 år sidan justerte byggverka sine til kompassretningane. Pyramiden har sine mysterium, men han har også gitt turistar, arkeologar og historikarar i moderne tid ei unik innsikt i korleis livet var i det gamle egyptiske samfunnet. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pyramide fra Giza
Pyramide fra Giza

Mausoleet i Halikarnassos

Den persiske satarpen (guvernøren) Mausolos bygde ein storslegen ny hovudstad til seg sjølv og kona Artemisia i Halikarnassos, på vestkysten av dagens Tyrkia. Han sparte ikkje på noko for å fylle byen med vakre marmorstatuar og tempel. På lik linje ønskte han å nyte den same luksusen etter sin død (han døydde i 353 f.Kr.), og mens han levde, sette han i verk bygginga av ei majestetisk grav til seg sjølv. Det monumentale byggverket var laga av kvit marmor og låg på ein ås med utsyn mot hovudstaden han hadde bygd. 

41 meter

Byggverket var teikna av dei greske arkitektane Pytheos og Satyros. Bygget hadde tre nivå, som kombinerte lykisk, gresk og egyptisk arkitektonisk stil. Det lågaste var rundt 20 meter høgt og danna ein sokkel av trapper som førte til det andre nivået, omgitt av 36 søyler. Taket var pyramideforma, og på toppen var det ein skulptur av ei vogn med fire hestar som gjorde høgda på gravmælet til cirka 41 meter. Fire av dei mest verdsette kunstnarane i Hellas skapte andre skulpturar og friser rundt grava, slik at kvar av dei dekorerte ei av sidene. 

Lever vidare

Grava kan ha blitt øydelagd av jordskjelv i mellomalderen, men ein del av henne lever likevel vidare den dag i dag. Den endelege kvilestaden til Mausolos var så praktfull at namnet hans førte til ordet «mausoleum», som betyr monumentalt gravmæle. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mausoleum, Halicarnassus
Mausoleum, Halicarnassus

Zevsstatuen i Olympia

Olympia var ein heilagdom i Hellas i antikken. Staden der dei første olympiske leikane fann stad, er også kjend for å huse eitt av underverka. Zevs, gudane sin gud, vart heidra med ein enorm statue. Skulptøren Phidias reiste meisterverket sitt  i Zevstempelet i Olympia i dagens Hellas i cirka 435 f.Kr. 

Bygd av tre

Zevs sat prektig på ei trone laga av sedertre dekorert med gull, ibenholt, elfenbein og edelsteinar. Toreguden heldt ein statue av Nike, sigersgudinna, i den utstrekte høgre handa si, og eit septer med ei ørn på toppen i den venstre handa. Han var dessutan smykka med gull og elfenbein. Det betydde at tempelprestane måtte olje statuen jamnt og trutt for å beskytte han mot det varme og fuktige klimaet i det vestlege Hellas. Statuen var nesten 12 meter høg, så stor at han knapt fekk plass i tempelet. Dette førte til replikken:  «Viss Zevs skulle reise seg opp, ville han ha rive taket av tempelet.» 

Brann opp

I 800 år reiste folk til Olympia berre for å sjå statuen. Han overlevde galskapen til den romerske keisaren Caligula, som ønskte å bringe statuen til Roma slik at hovudet på statuen kunne erstattast med hans eige portrett, men Zevs gjekk til slutt tapt. Det kan ha skjedd då tempelet vart øydelagt i 426 e.Kr., eller så vart han gjort til oske av ein brann etter å ha blitt transportert til Konstantinopel. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av Zeus
Illustrasjon av Zeus

Dei hengande hagane i Babylon 

Det finst detaljerte skildringar i mange antikke tekstar, både greske og romerske, men ingen av dei andre underverka er så mystiske som dei hengande hagane i  Babylon. Skildringane er ikkje førstehands, og det finst enno ingen endelege bevis på at dei har eksistert i det heile. Viss dei var verkelege, demonstrerte dei ein  ingeniørkunst langt føre si tid, sidan det ville ha vore litt av ein prestasjon å halde hagen frodig og grøn i ørkenen i det som no er Irak. 

Konetrøyst

Ein teori er at den babylonske kongen Nebukadnesar II fekk bygd dei hengande hagane i cirka 600 f.Kr. for å trøyste kona si som lengta til det frodige mediske heimlandet sitt (no Iran). Dei kan ha vore ein stigande serie av takhagar, og nokre av terrassane skal ha vore så høge som 23 meter. Dette gav inntrykk av eit fjell av blomstrar, plantar og urter som vaks ut frå hjartet av Babylon.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Babylons hengende hager
Babylons hengende hager

Avansert vatning

Den eksotiske vegetasjonen må ha blitt vatna av eit sofistikert system av pumper og kanalar som leidde vatn frå elva Eufrat. Det er sagt at hagen vart vatna med hjelp av ein tidleg versjon av Arkimedes’ skrue, der vatnet vart leitt gjennom akveduktar.  

Alternativ plassering

Det er nyleg påstått at Dei hengande hagane eksisterte, men ikkje i Babylon. Dr. Stephanie Dalley ved University of Oxford hevdar at hagane og vatningssystemet var verket til den assyriske kongen Sankerib. Hagen låg i palasset hans  i Ninive, som ligg 480 kilometer mot nord ved elva Tigris. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vann transportør fra 1800-tallet
Vann transportør fra 1800-tallet

Fyrtårnet ved Alexandria

Det var vanskeleg for båtar å navigere inn i hamna i Alexandria fordi det var grunt og mange skjer i sjøen. Det måtte finnast ei løysing for den blomstrande middelhavshamna på kysten av Egypt. Løysinga kom i form av eit fyrtårn på øya Faros, rett utanfor hamna. 

Synleg på 49 kilometers avstand

Den greske arkitekten Sostratos frå Knidos fekk jobben, som tok godt over ti år å fullføre. Ein trur at fyrtårnet var 140 meter høgt, noko som gjorde det til det nest høgaste menneskeskapte byggverket på den tida, etter Den store pyramiden i Giza. Tårnet var delt i ein kvadratisk base, ein åttekanta midtseksjon og ein rund seksjon øvst. Alle var bundne saman med ein spiralrampe, slik at det kunne tennast ein eld på toppen. Denne skal ha vore synleg 49 kilometer unna. Alle fyrtårn sidan er laga som ein blåkopi av denne utforminga. 

Jordskjelv

Som fleire av dei andre sju underverka blei fyrtårnet offer for jordskjelv. Det overlevde fleire store skjelv, men ikkje utan alvorlege skadar som førte til at det ble forlate. Ruinane kollapsa for godt på 1400-talet. Det var likevel ikkje det siste som blei sett av fyrtårnet, for franske arkeologar oppdaga massive steinar i sjøen rundt Faros i 1994, som dei hevdar utgjorde delar av oldtidsbyggverket. I 2015 kunngjorde egyptiske myndigheiter at dei vil byggje opp att fyrtårnet. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt
Fyrtårn, Alexandria, Egypt

Artemistempelet i Efesos

I eit dikt skrive rundt år 140 f.Kr. skildra den antikke greske poeten Antipatros frå Sidon Artemistempelet som det mest storarta av Dei sju underverka. Han hadde openbert sett alle sju, og han meinte tempelet for gudinna Artemis tok glansen frå dei alle. 

Fleire versjonar

Men tempelet vart øydelagt og gjenoppbygd fleire gongar. Først vart det øydelagt av ein flaum på 600-talet f.Kr., så i 356 f.Kr. av ein brannstiftar med namn Herostratos, som ville bli berømt koste kva det koste ville, og deretter av eit plyndringstokt av dei austgermanske gotarane i det tredje århundret f.Kr. Det vart til slutt heilt øydelagt i 401 e.Kr. I dag er det svært lite igjen av tempelet. Berre éi søyle står att, men det finst fragment som kan besøkast i British Museum i London. 

Vakkert

Av alle versjonane tempelet framstod i, var versjonen som inspirerte den begeistra skildringa til Antipatros, truleg den mest imponerande. Marmortempelet var då 110 x 55 meter stort. Heile langsida var utsmykka med utskjeringar, statuar og 127 søyler. Inne stod ein statue av Artemis, gudinna for jakt og jomfrudom, som drog mange tilbedarar til Efesos for å ofre ved føtene hennar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.
Tempel i Ephesus, Turkey, 1933-1934.

Kolossen på Rhodos

Kolossen på Rhodos, reist cirka 282 f.Kr., var det siste underverket som vart bygd, men blant dei første som vart øydelagt. Han sto i mindre enn 60 år. Men det markerte ikkje slutten på statusen som underverk. 

Solguden Helios

Den mektige statuen av solguden Helios hadde blitt reist i løpet av 12 år av skulptøren Khares frå Lindos for å feire ein militær triumf etter eitt års beleiring. Ifølgje legenda selde folket på Rhodos verktøya som fienden hadde etterlete seg, for å bidra til å betale for Kolossen. Dei smelta våpna til bronse- og jernbyggverket og brukte eit beleiringstårn som stillas. 

32 meter

Helios-kolossen stod med utsyn over hamna, var om lag 32 meter høg, og truleg heldt han ei lykt eller eit spyd. Nokre avbildingar viser han ståande til skrevs over hamneinnløpet, slik at skip kunne sigle mellom beina hans, men dette ville ha vore umogleg med dei støypeteknikkane ein hadde på den tida. Uansett ville ikkje Kolossen ha vore sterk nok til å motstå eit jordskjelv i 226 f.Kr., og statuen blei smadra mot bakken. 

Seld som skrap

Etter jordskjelvet låg giganten i bitar på bakken og vart liggande slik i over 800 år. Likevel heldt den falne kjempa fram med å tiltrekkje seg forundra besøkande. Det blir sagt at få menneske klarte å famne armane rundt tommelen på statuen, og at kvar av fingrane var større enn dei fleste vanlege statuar. Då fiendestyrkar til slutt selde Kolossen som skrapmetall på 600-talet, måtte det 900 kamelar til for å frakte alle bitane. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos
Illustrasjon av Kolossen på Rhodos

Underverk vi kan sjå i dag

Det finst nok av meisterverk innan ingeniørkunst som framleis står, men som ikkje er del av dei sju opphavelege. Kanskje du har vore så heldig å oppleve nokre av dei? 

Cristo Redentor
Den 30 meter høge Kristus-statuen er ideelt plassert for utsyn over Rio de Janeiro i Brasil. 

Den kinesiske muren
I løpet av årtusenar blei om lag 8850 kilometer med forsvarsverk bygt for å gjere Kina trygg mot inntrengjarar. 

Machu Picchu
Høgt oppe i fjella i Peru ligg ruinane av ein Inka-by som først vart oppdaga i 1911. 

Petra
Den vakre oldtidsbyen ligg nede i ein dal i Jordan og er hogd ut av den raude steinen i fjellet. 

Colosseum
I Romas enorme stadion kunne titusenar av romarar sjå gladiatorkampane.

Chichen Itza
Maya-byen i Mexico er dominert av den 30 meter høge trappepyramiden El Castillo. 

Taj Mahal
Fantastisk arkitektur og kunst gjer dette mausoleet til ein av dei vakraste bygningane i verda. 

Eiffeltårnet
Det parisiske landemerket tiltrekkjer seg millionar av besøkande kvart år, og mange av dei går dei 1710 trinna til toppen. 

Sagrada Familia
Bygget er enno ikkje ferdig, men det gotiske meisterverket til Antoni Gaudi er ein av dei mest unike katedralane i verda. 

Hagia Sofia
Istanbul sin katedral frå 500-talet er den viktigaste bygningen frå den bysantiske perioden. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Kinesiske mur
Kinesiske mur

Kjelder:

  • Historiens største mysterier (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Alamy
    7. Ukjent
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images