Kva er demokrati?

Demokrati tyder «folket bestemmer». I land med demokrati skal innbyggjarane vera med på å velja kven som skal bestemma over landet og korleis. Fleirtalet skal med andre ord bestemma korleis ting skal vera. Slik er det ikkje i alle land. I nokre land er det éin eller få personar som bestemmer. Det er ikkje demokratisk.

Mange land i verda seier at dei er demokratiske, men det held ikkje å berre seia at ein er det. Ein må også ha frie val, ytringsfridom, ein uavhengig domstol og individuelle rettar.

Maktfordelingsprinsippet

Maktfordelingsprinsippet går ut på at makta skal vera fordelt. All makt kan ikkje vera på den same staden. Ideen kjem frå den franske filosofen Montesquieu. Han meinte at «han som har makt, fort kan misbruka henne». For å unngå misbruk, laga han ei løysing der makta er fordelt på tre uavhengige delar: ei lovgjevande, ei utøvande og ei dømande makt. Denne løysinga gjev oss innbyggjarar eit ordentleg demokrati.

Den lovgjevande makta

På Stortinget jobbar politikarane som vi innbyggjarar har valt. Stortinget er den lovgjevande makta i Noreg. Den lovgjevande makta har ansvar for å bestemma lovane i Noreg, til dømes loven om at alle barn har rett til å gå på skule.

Den utøvande makta

Ein del av politikarane på Stortinget er også ein del av regjeringa, og det er det også vi innbyggjarar som har valt. Regjeringa er den utøvande makta. Dei har ansvar for å ta i bruk lovane som Stortinget har bestemt. Til dømes ved å gje pengar til kommunane, slik at dei kan byggja skular med plass til alle barna.

Den dømande makta

Dersom nokon har gjort noko ulovleg, er det domstolen som bestemmer kva straffa skal vera. Domstolen er den dømande makta. Han har ansvar for å døma dei som ikkje følgjer lovane som Stortinget har bestemt. Sjølv om domstolen er statleg, kan ikkje regjeringa bestemma over domstolen.

Kort om maktfordelinga

Parlamentarisme

Parlamentarisme tyder at makta ligg hos fleirtalet i nasjonalforsamlinga, altså Stortinget. Noreg, som mange andre land i Europa, har parlamentarisme som styreform. I Noreg blei parlamentarisme innført i 1884. Johan Sverdrup er kalla «parlamentarismens far».

Ein må altså ha fleirtal i Stortinget for å kunne danna regjering. Stortinget har 169 mandat som er fordelte etter distrikt og politiske parti. Mandat er politikarar som vi innbyggjarar har stemt fram. Regjeringa i dag (2020) har fleirtal ved at partia Høgre (45 representantar), Venstre (8 representantar) og Kristeleg folkeparti (8 representantar) har danna regjering saman. Dette har dei gjort med støtte frå FrP (27 representantar). Det kallar vi ei koalisjonsregjering. Til saman har dei fleirtal på Stortinget med 88 representantar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det politiske systemet i Noreg

Noreg er eit ordentleg demokrati, eller nærare bestemt eit konstitusjonelt demokrati, styrt av parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Monarkiet er kongehuset, men det har eigentleg ikkje så mykje makt. Danmark og Sverige har den same modellen.

Tre administrative område

Noreg blir styrt på tre ulike nivå: staten, fylke/region og kommune.

Dei tre ulike nivåa har ulike arbeidsoppgåver. Til dømes er det staten som har ansvar for høgare utdanning og forsking. Fylket, derimot, har ansvar for vidaregåande skular, og kommunen administrerer barne- og ungdomsskulen.

Kvart fjerde år blir vi innbyggjarane kalla inn til val for å stemma inn politikarane vi støttar til Stortinget, eller til fylkes- og kommunestyret.

Alle kan ikkje stemma. For å stemma i stortingsvalet må du vera 18 år eller eldre, og du må vera norsk statsborgar. I kommune- og fylkesval gjeld dei same reglane, men utanlandske borgarar som har budd i Noreg i over tre år, kan også stemma.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Partia på Stortinget

I Noreg, som i resten av Skandinavia, har vi eit mangfald av politiske parti. Vi skil som regel mellom sosialistisk og borgarleg side.

⬅  Her ser du talet på mandat og sete veljarane gav partia i stortingsvalet i 2017.

Dei borgarlege partia i Noreg: 

  • Høgre er oppteknne av næringslivet, utdanning og lågare skattar
  • Kristeleg folkeparti er opptekne av kristne verdiar, barnetrygd og bistand til låginntektsland.
  • Venstre er Noregs eldste parti og vil arbeide for innovasjon, miljø og skule.
  • Fremskrittspartiet er opptekne av lågare skattar og avgifter og ein streng innvandringspolitikk.

Dei sosialistiske partia i Noreg:

  • Arbeidarpartiet har vore veldig viktig for norsk politikk og får ofte æra for å ha forma store delar av den norske velferdsstaten – det som gjer Noreg til eit av verdas beste land å bu i. Arbeidarpartiet er opptekne av arbeid, helse og industri.
  • Sosialistisk venstreparti er opptekne av likestilling, fattigdom og miljø.
  • Raudt er opptekne av offentlege velferdstenester og likestilling.
  • Senterpartiet er opptekne av distrikta, landbruk og «norsk kultur». Dei har samarbeidd med parti på dei to ulike sidene av politikken. Vi kallar ofte desse sidene for blokker.

Midt imellom

Mellom desse blokkene har vi Miljøpartiet Dei Grøne. MDG er opptekne av miljø, naturvern, transport og livskvalitet. Dei politiske partia har ulike syn på korleis samfunnet skal fungera. Partia prøver å overtala veljarane til å stemma på dei ved å presentera forslag til korleis dei kan forbetra politikken i Noreg.

Høgre/venstre-aksen

Ulike demokratiske styreformer

Noreg er eit konstitusjonelt demokrati. Det vil seia at vi har parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Statsoverhovudet er kongen, men kongen har ikkje noka formell makt. Makta ligg hos folket fordi folket har stemt fram politikarane som jobbar på Stortinget.

Det motsette av konstitusjonelt monarki er republikk. Republikk er ei styreform der statsoverhovudet er ein folkevald president. Finland, Frankrike og USA har republikk.

⬅  Slik såg ein ung Kronprins Harald ut i 1959.

Det demokratiske systemet i USA

USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seia at USA ikkje har konge, og landet har 50 delstatar som stort sett bestemmer over seg sjølve. Til dømes har staten Texas i sør heilt andre lovar enn Minnesota i nord. Samstundes har USA også ei sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.

⬅  Dette er Det kvite huset i Washington D.C., der presidentfamilien bur.

Maktfordelinga i USA

Kongressen blir rekna som den lovgjevande makta, og består av representantar frå alle statane i USA. Kongressen har to ulike delar: Senatet og Representantanes hus.

Høgsteretten er den dømande makta i USA, og han passar på at staten følgjer den amerikanske grunnloven.

Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre veljast att éin gong.

Tidlegare president Barack Obama og dåverande president Donald Trump i Det ovale kontoret, like etter at Trump hadde vunne valet i november 2016.

Topartisystem

I motsetning til Noreg, som har fleire politiske parti, blir USA styrt med eit topartisystem. Det vil seie at dei har to store politiske parti som dominerer politikken.

Republikanarane blir rekna som konservative. Å vera konservativ tyder at ein ønskjer å verna noko slik det har vore, og at ein ikkje ønskjer store endringar. Donald Trump var representant for Republikanarane.

Demokratane blir rekna som liberale og progressive. Er ein liberal, ønskjer ein større fridom og sjølvstende for folket. Progressiv tyder at ein ønskjer framsteg og utvikling. President Joe Biden er representant for demokratane.

⬅  Dyremaskotar: Eselet representerer demokratane, og elefanten representerer republikanarane. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kvifor esel og elefant?

Kjelder:

  • Thorsen, Dag Einarradikal i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. september 2020 frå
    https://snl.no/radikal
  • Knutsen, O (2017): The Nordic Models in Political Science.
    Fagbokforlaget

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Redaksjonen
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)
    6. NRK Skole
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Stortinget
    11. Redaksjonen
    12. Redaksjonen
    13. Redaksjonen
    14. NRK Skole
    15. Ukjent
    16. Getty Images
    17. Pete Souza
    18. Getty Images
    19. NowThis World – YouTube