Kva er demokrati?

Demokrati tyder «folket bestemmer». I land med demokrati skal innbyggjarane vera med på å velja kven som skal bestemma over landet. Fleirtalet skal med andre ord bestemma korleis ting skal vera. Slik er det ikkje i alle land. I nokre land er det éin eller få personar som bestemmer. Det er ikkje demokratisk.

 

Kven har makt?

Makta skal fordelast. All makt kan ikkje vera på same staden. Då kan dei som har makta enkelt misbruka henne. For å unngå misbruk, har vi ei løysing der makta er fordelt.

  • Ei lovgjevande makt
  • Ei utøvande makt
  • Ei dømmande makt

Den lovgjevande makta

På Stortinget jobbar politikarane som vi innbyggjarar har valt. Stortinget er den lovgjevande makta i Noreg. Det tyder at dei har ansvar for å bestemma lovar. Dei bestemmer kva som er ulovleg, og dei bestemmer til dømes at alle barn har rett til å gå på skule.

Den utøvande makta

Ein del av politikarane på Stortinget er også ein del av regjeringa, og det er det også vi innbyggjarar som har valt. Regjeringa er den utøvande makta. Dei har ansvar for å ta i bruk lovane som Stortinget har bestemt. Kvart år deler regjeringa ut pengar, til dømes til bygging av skular slik at det er skuleplass til alle barna.

Den dømande makta

Viss nokon har gjort noko ulovleg, er det domstolen som bestemmer kva straffa skal vera. Domstolen er den dømande makta. Dei har ansvar for å døma dei som ikkje følgjer lovane som Stortinget har bestemt.

Kort om maktfordelinga

Parlamentarisme

Parlamentarisme tyder at makta ligg hos fleirtalet av nasjonalforsamlinga, altså Stortinget. Noreg, som mange andre land i Europa, har parlamentarisme som styreform. I Noreg blei parlamentarisme innført for over 100 år sidan.

På Stortinget er det 169 politikarar som innbyggjarane har stemt fram. Desse politikarane høyrer til ni ulike politiske parti. Dei partia som har flest politikarar på Storinget kan danna regjering. Regjeringa i dag er sett saman av Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti. Dei har også støtte frå Framstegspartiet, og dei har difor fleirtal på Stortinget.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det politiske systemet i Noreg

Noreg er eit ordentleg demokrati, styrt av parlamentarisme og med eit monarki. Monarkiet er kongehuset, med det har eigentleg ikkje så mykje makt. Danmark og Sverige har det på same måten.

Lokal makt

Noreg blir styrt på tre ulike nivå:

  1. Landet vårt blir styrt av regjeringa og politikarane på Stortinget.
  2. Fylka våre blir styrt av politikarane i det som heiter fylkeskommunen.
  3. I kvar kommune har vi ein ordførar og eit kommunestyre som bestemmer.

Kvart fjerde år blir vi innbyggjarane kalla inn til val for å stemma inn politikarane vi støttar til Stortinget, eller til fylkes- og kommunestyret. Alle kan ikkje stemma. For å stemma i stortingsvalet må du vera 18 år eller eldre, og du må vera norsk statsborgar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Partia på Stortinget

I Noreg, som i resten av Skandinavia, har vi mange politiske parti. Vi deler ofte partia i grupper og snakkar om ei sosialistisk og ei borgarleg side.

⬅  Her ser du talet på mandat og sete veljarane gav partia i stortingsvalet i 2017.

Dei borgarlege partia i Noreg: 

  • Høgre er opptekne av butikkar, fabrikkar, skular og lågare skattar
  • Kristeleg folkeparti er opptekne av barn, familiar og fattigdom
  • Venstre er Noregs eldste parti og vil arbeide for smarte oppfinningar, miljø og skule
  • Framstegspartiet er opptekne av lågare skattar, og dei ønskjer mindre innvandring

Dei sosialistiske partia i Noreg:

  • Arbeidarpartiet er opptekne av arbeid, helse og industri
  • Sosialistisk venstreparti er opptekne av rettferd, fattigdom og miljø
  • Raudt er opptekne av rettferd, arbeid og miljø
  • Senterpartiet er opptekne av distrikta og landbruk

Midt imellom

I tillegg har vi Miljøpartiet Dei Grøne. Dei er opptekne av miljø, naturvern, transport og livskvalitet. Dei politiske partia har ulike meiningar om korleis landet vårt skal fungera. Når det er val, prøver partia å overtala innbyggjarane til å stemma på dei.

Andre demokrati

Noreg er eit demokrati med parlamentarisme og monarki. Vanskelege ord! Kongen er ein del av monarkiet, men han har ikkje noka formell makt. Makta ligg hos folket fordi folket har stemt fram politikarane som jobbar på Stortinget.

Andre land har noko som heiter republikk. I ein republikk vel folket ein president til å vera sjef for landet. Dei har ikkje ein konge eller ei dronning. Finland, Frankrike og USA er døme på land som har republikk.

⬅  Slik såg Kronprins Harald ut i 1959.

Demokratiet i USA

USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seie at USA ikkje har konge, og at landet har 50 delstatar som stort sett bestemmer over seg sjølve. Samstundes har USA også ein president som bestemmer litt over heile landet. Presidenten jobbar i hovudstaden Washington D.C.

⬅  Dette er Det kvite huset i Washington D.C., der presidentfamilien bur.

Makta i USA

Akkurat som i Noreg er makta fordelt på tre ulike stadar:

  • Kongressen blir rekna som den lovgjevande makta.
  • Domstolen er den dømande makta, og han passar på at staten følgjer den amerikanske grunnloven.
  • Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre veljast igjen éin gong.

Topartisystem

I motsetning til Noreg er USA styrt av berre to parti. Dei har to store politiske parti som dominerer politikken, demokratane og republikanarane.

Republikanarane er konservative. Å vera konservativ tyder at ein ønskjer å verna noko slik det har vore, og at ein ikkje ønskjer store endringar. Donald Trump var republikanar.

Demokratane er liberale og progressive. Er ein liberal, ønskjer ein større fridom for folket. Progressiv tyder at ein ønskjer framsteg. President Joe Biden er representant for demokratane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kvifor esel og elefant?

Kjelder:

  • Thorsen, Dag Einarradikal i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. september 2020 frå
    https://snl.no/radikal
  • Knutsen, O (2017): The Nordic Models in Political Science.
    Fagbokforlaget

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Redaksjonen
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)
    6. NRK Skole
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Stortinget
    11. Redaksjonen
    12. Redaksjonen
    13. Redaksjonen
    14. NRK Skole
    15. Ukjent
    16. Getty Images
    17. Pete Souza
    18. Getty Images
    19. NRK Skole