Skriv ein god jobbsøknad

Nå får du endeleg sjansen til å vise andre kor flink du er! 

Vi skal vise deg korleis du kan vise den framtidige sjefen din at akkurat du passar best til jobben.

Her kan du laste ned ein mal for korleis ein søknad kan sjå ut.

Kva vil arbeidsgivaren ha?

Les annonsen godt, så du veit kva arbeidsgivaren ønskjer seg. Då er det lettare å skrive ein god søknad.

Finn nøkkelord
Sjå etter spesielle ord i annonsen som kan fortelje deg kva sjefen vil ha.

Forstå kva jobben går ut på
Er det noko du har lyst til å drive med? Kan du noko om det frå før? 

Personlege eigenskapar
Ser arbeidsgiveren etter ein som er kreativ og flink til å samarbeide? 

Viss du har desse eigenskapane, må du skrive om det i søknaden din. Då blir søknaden din lagt merke til!

En fyr som står og ser igjennom et forstørrelsesglass
En fyr som står og ser igjennom et forstørrelsesglass

Bli kjend med deg sjølv

Tenk på kva du er flink til og kva du har lyst til å jobbe med. 

Spør deg sjølv:

  • Kva liker eg å gjere?
  • Kva er eg flink til?
  • Kva vil eg jobbe med?

Er du flink i matte? Eller kanskje du liker å lage mat? Dette er ting som kan gjere at ein arbeidsgivar legg merke til deg.

En gutt sitter oppslukt og holder på med noe han liker
En gutt sitter oppslukt og holder på med noe han liker

Skriv som ein Proff!

Jobbsøknaden er reklame for deg. Sjekk teksten nøye for skrivefeil. Ikkje bruk emojiar og sms-språk.

Fortel litt om deg sjølv og kvifor du er interessert i jobben. Vis sjefen kvifor arbeidsplassen blir betre med deg på laget.

En jente sitter og ser på pcen imens hun skriver på et papir
En jente sitter og ser på pcen imens hun skriver på et papir

Du må ha ein CV

En CV viser ferdigheitene og erfaringane dine. Her skriv du:

  • Fullt namn og kontaktinformasjon.
  • Utdanning og andre jobbar du har hatt. 
  • Hobbyar og kurs du har gått.

Du kan enkelt laste ned ein mal frå nettet og fylle den ut.

En holder et kort med bilde av en superhelt på
En holder et kort med bilde av en superhelt på

Ver deg sjølv, og ver stolt!

Når du søkjer jobb, er det viktig å vere ekte. Vis kven du er og kva som gjer deg spesiell.

Viss du er blid og positiv, er du eit stort skritt nærmare draumejobben! 

Jente hopper av glede ute på en gressplen
Jente hopper av glede ute på en gressplen

Tips til søknadsskriving

  • Vis at du passar til jobben.
  • Kom med døme på ting du kan.
  • Forklar korleis du kan bidra i jobben.

 

Framhev eigenskapane dine
Du kan til dømes fortelje om ein gong du hjelpte ein ny elev. 

Lær deg kodane i arbeidslivet
Forstå kva arbeidsgivaren liker. Forklar at du har desse eigenskapane.

Avslutt med ein takk
Sjekk søknaden for skrivefeil. Avslutt med å takke for moglegheita til å vise kven du er.

Øving gjer meister

Det kan verke vanskeleg å skrive ein god jobbsøknad, men øving gjer meister! 

No kan du vise verda kven du er, og at den som tilset deg, er heldig!  

Lykke til, og ikkje gi deg viss du får avslag – plutseleg finn du draumejobben!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En blokk med masse papirer
En blokk med masse papirer