Skriv ein god jobbsøknad

Det høyrest kanskje vanskeleg ut å skrive ein god jobbsøknad, men det er faktisk ganske gøy! No skal du få vise verda kor flink du er!  

Det er viktig å skrive ein god søknad, der du forklarer den framtidige arbeidsgivaren din kvifor akkurat du er den rette for jobben. No skal vi vise deg korleis du best kan skilje deg ut i mengda, slik at den som les søknaden din, legg ekstra godt merke til akkurat deg!

Her kan du laste ned ein mal for korleis ein søknad kan sjå ut.

Kva vil arbeidsgivaren ha?

Når du finn ein stillingsannonse for ein jobb du vil søkje på, er det viktig å forstå kva arbeidsgivaren ser etter. Då er det lettare å skrive ein søknad som viser at du er den rette for jobben! 

Finn nøkkelord
Sjå etter spesielle ord i annonsen som beskriv kva dei treng. Desse nøkkelorda fortel deg kva for ferdigheiter, eigenskapar og erfaringar arbeidsgivaren ønskjer seg. 

Forstå kva jobben inneber.
Les om kva jobben går ut på. Tenk på om det er oppgåver du har lyst til å gjere kvar dag. Har du gjort noko liknande før, anten heime  eller i ein klubb eller foreining?

Personlege eigenskapar
Kva eigenskapar ser arbeidsgivaren etter? Kanskje dei treng nokon som er kreative, eller som er flinke til å samarbeide? Viss du kan gi døme på at du har desse eigenskapane, er det gull verd i søknaden din!

Ver grundig når du les stillingsannonsen, og bruk informasjonen til å vise kor godt du passar til jobben. Då vil søknaden din skilje seg ut, og du blir lettare lagt merke til.

En fyr som står og ser igjennom et forstørrelsesglass
En fyr som står og ser igjennom et forstørrelsesglass

Bli kjend med deg sjølv

Tenk på kva du liker å gjere, kva du er flink til, og kva du drøymer om. Liker du å løyse problem? Elskar du å jobbe med dyr? Kan du mykje om dataspel? Dette er ting du kan fortelje om i ein jobbsøknad! 

Spør deg sjølv:

  • Kva liker eg å gjere?
  • Kva er eg skikkeleg god til?
  • Kva vil eg jobbe med i framtida?

Kva er heilt spesielt for akkurat deg? Har du nokre ferdigheiter som andre ikkje har? Kva verdiar står du for? Dette er eigenskapar som kan gjere deg til ein attraktiv kandidat for potensielle arbeidsgivarar.

En gutt sitter oppslukt og holder på med noe han liker
En gutt sitter oppslukt og holder på med noe han liker

Skriv som ein Proff!

Fortel kven du er. Gjer teksten spennande! Jobbsøknaden din skal vere reklame for deg. Bruk god tid, og sjekk teksten nøye for skrivefeil. Hugs at du aldri må bruke emojiar eller sms-språk i søknaden din.

Begynn med å fortelje litt om deg sjølv og kvifor du er interessert i jobben. Bruk eit språk som gjer teksten enkel å lese. Allereie her skal sjefen begynne å tenkje at arbeidsplassen blir betre med deg på laget.

En jente sitter og ser på pcen imens hun skriver på et papir
En jente sitter og ser på pcen imens hun skriver på et papir

Du må ha ein CV

Ein CV (eller curriculum vitae) er ei oversikt over kva utdanning og arbeidserfaring du har.

På CV-en må du skrive namn og adresse, der du har gått på skule, og kva du har jobba med tidlegare. Ta gjerne med andre erfaringar òg, som viss du har vore trenar for eit idrettslag eller viss du har vore på språkreise.

Alt du skriv, fortel noko om kven du er. Viss du synest det er vanskeleg å skrive CV, kan du enkelt laste ned ein mal frå nettet og fylle han ut.

En holder et kort med bilde av en superhelt på
En holder et kort med bilde av en superhelt på

Ver deg sjølv, og ver stolt!

Når du skal søkje jobb, er det viktig å vera ærleg og fortelje kven du er. Ver hyggjeleg og positiv, og fortel gjerne sjefen kvifor du har valt å søkje på akkurat den jobben.

Ingen er perfekt, men viss du klarer å formidle at du er blid, omgjengeleg og villig til å lære det som skal til for å gjere deg flink i jobben din, er du allereie langt på veg!

Jente hopper av glede ute på en gressplen
Jente hopper av glede ute på en gressplen

Tips til å skrive ein god søknad

  • Bruk det du veit om deg sjølv for å bli lagt merke til.
  • Vis korleis dine styrkar og interesser passar med det arbeidsgivaren vil ha.
  • Kom med døme på ting du kan.
  • Vis korleis du passar inn i teamet og kan bidra positivt.

Framhev eigenskapane dine
Skriv litt om korleis du pleier å bruke ferdigheitene og verdiane dine.

Viss du er inkluderande, kan du til dømes fortelje om ein gong du hjelpte ein ny elev med å finne seg til rette.

Lær deg kodane i arbeidslivet
Forstå kva arbeidsgivaren er på jakt etter, og gi døme på korleis du lever opp til desse verdiane.

Avslutt med takksemd
Sjekk søknaden din for skrivefeil, og avslutt med å takke for moglegheita til å presentere deg sjølv for bedrifta.

Øving gjer meister

I begynnelsen kan det verke vanskeleg å skrive ein god jobbsøknad. Men alt er vanskeleg når ein aldri har gjort det før! Viss du tek deg tid til å øve, vil det gå lettare etter kvart. Sjå på jobbsøkinga som ei moglegheit til å vise verda at du er påliteleg og flink, og at den som tilset deg, er heldig!

Lykke til, og hugs at kvar søknad er eit skritt nærare den første jobben din! Ikkje gi deg viss du får avslag – plutseleg finn du draumejobben.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En blokk med masse papirer
En blokk med masse papirer