Den franske revolusjonen 1789-1799

For å forstå den franske revolusjonen må vi vite kvifor det vart revolusjon. Vi bør òg kunne noko om kva som skjedde. Men kanskje aller viktigast: vi bør forstå kva slags forandringar som skjedde etterpå. Ikkje berre i Frankrike, men i verda.

Det franske flagget som ser gammelt og slitt ut.
Det franske flagget som ser gammelt og slitt ut.

Kongen bestemte alt

I Frankrike på 1700-talet bestemte kongen alt. Han var eineveldig. Folket og kongen trudde han hadde fått makta frå Gud. Kongen bestemte lovene i landet og kven som skulle betale skatt. Det er pengar som folk betaler til staten og dei som bestemmer.

📷  Kopi av ei av maskene til kong Ludvig 14. Han var konge i Frankrike mellom 1643 og 1715.  

Pengane som folk betalte i skatt, vart ofte brukte til krig. Dei franske kongane kriga mykje for å gjere Frankrike til eit større land. Alle krigane gjorde at pengane til staten vart brukte opp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kong Ludvig 14. med gullmaske pyntet med papegøyefjær.
Kong Ludvig 14. med gullmaske pyntet med papegøyefjær.

Stendersamfunnet

Det franske folket var inndelt i ulike grupper eller klassar. Klassane vart kalla for førstestand, andrestand, tredjestand og dei standslause.

Prestane var i førstestanden. Dei rikaste var i andrestanden. I tredjestanden fann ein dei fleste vanlege folk. Dei var ofte bønder eller handverkarar.

Ingen i dei to øvste klassane måtte betale skatt. Dei slapp å dele rikdommen sin med resten av folket. I tredjestanden var det både rike og fattige. Dei standslause var dei aller fattigaste.

Betaling av skatt

Tredjestanden måtte betale 80 prosent i skatt! Det meste av desse pengane vart gitt til dei rikaste. Bønder og handverkarar hadde derfor veldig lite igjen å leve av.

Matmangel og fattigdom

Det var stor mangel på mat, og dei fattige hadde ofte store barneflokkar. Mange måtte klare seg nesten utan mat. Samtidig levde dei rike i luksus. Dei fattige begynte derfor å stille spørsmål om dette var rettferdig.

Dei fattige ønskjer rettferd

Dei som stilte for mange spørsmål, kunne bli kasta i fengsel. Kongen likte ikkje folk som var misnøgde. Ingen var på lag med dei fattige.

Folk diskuterte korleis samfunnet kunne bli meir rettferdig. Vi kallar denne tida for opplysingstida. Folk ville at alle menneske skulle ha same verdi uansett klasse.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Illustrasjon om klasseskillet i Frankrike på 1700-tallet der den fattige bærer de rike på ryggen.
Illustrasjon om klasseskillet i Frankrike på 1700-tallet der den fattige bærer de rike på ryggen.

Kvifor revolusjon?

Ei av årsakene til revolusjon var mangel på pengar. Frankrike hadde brukt enormt mykje pengar på krig. Skattesystemet gjorde at dei rike slapp å betale. Dei som lånte ut pengar, slutta med det. Alt dette gjorde at statskassa vart tom. Dermed måtte folk betale endå meir i skatt.

Kongen mister makta

For å endre skattesystemet innkalla kongen til eit møte. Her skulle dei ulike klassane stemme over ulike forslag. Tredjestanden var i fleirtal, og kongen vart tvinga til å samarbeide. Dermed forsvann makta til kongen, og Frankrike fekk noko som liknar på eit demokrati.

Kongen angrar

Det tok ikkje lang tid før kongen angra på dette. Han ønskte å ha all makt. Tredjestanden vart rasande på kongen, og 14. juli 1789 braut revolusjonen ut. Kongens soldatar gjekk til angrep på innbyggjarane i Paris for å verne kongen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Angrepet på fengselet Bastillen i Paris i 1789.
Angrepet på fengselet Bastillen i Paris i 1789.

Fridom, likskap og brorskap

Tredjestanden ønskte at alle skulle bli behandla likt og rettferdig. Kongen kunne ha noko makt, men folket skulle bestemme. Slagordet for revolusjonen vart «fridom, likskap og brorskap».

Menneskerettar

Frankrike danna ei nasjonalforsamling som kan likne litt på vårt Storting. Dei samla seg på slottet Versailles. Der skulle dei bestemme korleis landet skulle styrast vidare. Lovene skulle bli bygde på menneskerettane. Vi kallar dette menneskerettserklæringa.

I erklæringa stod det at alle var frie og skulle ha same rettar. Ingen måtte bli straffa på grunn av meiningane sine. Staten skulle verne innbyggarane og sørge for at ingen vart sette i fengsel utan lov og dom.

📷  Slottet i Versailles med drakefontenen i forgrunnen.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sorthvitt tegning av slottet og stor fontene i Versailles utenfor Paris.
Sorthvitt tegning av slottet og stor fontene i Versailles utenfor Paris.

Kvinnetoget til Versailles

Sjølv om noko hadde vorte betre, mangla folket framleis mat. Kvinnene var lei av dette. Dei gjekk dermed i protesttog til kongen i Versailles utanfor Paris. Der lova kongen at han skulle sørgje for meir mat.

Kvinnene kravde òg at kongen skulle flytte nærare folket i Paris. Dette nekta han. Dermed storma dei slottet og tok med seg kongefamilien til Paris. Denne hendinga blir kalla Kvinnetoget til Versailles.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange kvinner i tog der de drar på en kanon.
Mange kvinner i tog der de drar på en kanon.

Var kongen ein forrædar?

Kongen var sterkt imot revolusjonen. Han ville ikkje forandre på nokon ting. Derfor fekk han hjelp frå utanlandske soldatar til å slå ned opprøret. Dermed oppstod det krig i Frankrike. Kongen vart skulda for å vere ein forrædar. Han svikta sitt eige folk.

Kongen blir drepen

I 1792 storma dei som støtta revolusjonen, slottet med kongen i Paris. Dei sette fyr på slottet og tok kongefamilien til fange. Då kongefamilien prøvde å flykte, vart dei kasta i fengsel. Kong Ludvig XVI og dronning Marie Antoinette vart drepne ved halshogging i 1793. No var kongedømmet i Frankrike over.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Skrekk og drap

Vart alt bra etter at kongen vart avsett? Nei, ikkje i det heile. No vart det ein blodig kamp mellom dei som ønskte å få makta. Det enda med at mange tusen menneske vart drepne. Mange av dei vart drepne med giljotin.

📷  Giljotinen i bruk i Paris.

Ein av dei som ønskte å få makta, var Maximilien de Robespierre. Han var skuld i at 30 000 menneske vart drepne. Han meinte det var rett å ta livet av fiendane i landet. Han vart sjølv dømd til døden i 1794.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En stor folkemengde ser på at en person blir ført fram til giljotinen som kappet hodet av folk.
En stor folkemengde ser på at en person blir ført fram til giljotinen som kappet hodet av folk.

Hæren får stor makt

Revolusjonen hadde vist at landet trong ein profesjonell hær for å slå ned opprør. Samtidig hadde Frankrike ønske om å erobre fleire land. Ikkje minst då Napoleon Bonaparte overtok styret.

📷  Napoleon leier mennene sine etter at dei tapte slaget om Laon i Frankrike i 1814.
Napoleon i front av en gruppe med soldater til hest.
Napoleon i front av en gruppe med soldater til hest.

 Betydninga til revolusjonen

Revolusjonen gjorde at kongen mista all makt. Folka fekk fleire rettar, og kvinnene fekk det betre. Dei store forskjellane mellom folk vart mindre. Frankrike vart med tida republikk. Der blir leiaren i landet vald gjennom eit demokratisk val.

Mykje av det som skjedde i Frankrike, vart kjent i Europa. Det førte til at menneskerettane òg vart innførte i andre land.

Mange land i verda blir i dag styrte med demokrati og fokus på menneskerettar. Mykje takka vere den franske revolusjonen. Den norske og den amerikanske grunnlova er inspirerte av dette.

I 1972 besøkte den amerikanske presidenten Kina. Dei snakka mellom anna om den franske revolusjonen. Den kinesiske statsministeren meinte at det var for tidleg å seie korleis revolusjonen ville påverke resten av verda. Då var det nesten 200 år sidan revolusjonen var i gong.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det ytterste leddet på en kjetting omgjøres til en fugl.
Det ytterste leddet på en kjetting omgjøres til en fugl.

Kjelder:

  • Østberg, Kai Peter: Ludvig 16 i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 22. november 2021 frå https://snl.no/Ludvig_16

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images