Den kalde krigen

Etter 2. verdskrigen fekk vi ein periode i historia som blir kalla Den kalde krigen. Sovjetunionen og USA hadde stått på same side under krigen, men etter krigen vart dei motstandarar. Dei ønskte å styre verda på sin måte, og dei stod mot kvarandre med kvar sin ideologi. Det vart ein stillingskrig mellom aust og vest, der styresmaktene spionerte for å finne ut kva dei andre gjorde. USA og Sovjetunionen brukte aldri våpen mot kvarandre, men det var nære på fleire gonger.

Accessibility icon Den kalde krigen

Den kalde krigen

Når vi tenkjer på ordet krig, ser vi for oss soldatar som skyt på kvarandre. Det kan vi kalle ein “varm” krig. Ein kald krig er når land truar kvarandre med krig. Utan å bruke våpen mot kvarandre. Dei kjøper og lagar mykje våpen for å skremme den andre.

Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.
Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.

Kommunisme mot kapitalisme

USA og Sovjetunionen hadde ulike meiningar om korleis verda skulle styrast. USA ønskte demokrati og kapitalisme. Kapitalisme er når nokon eig mykje, og andre må jobbe for dei. I eit slikt samfunn blir det store forskjellar mellom dei som arbeider og dei som eig.

Kommunismen var imot kapitalisme. Dei meinte at ingen skulle eige for mykje. Arbeidarane skulle ikkje slite seg ut for at nokre få skulle bli rike. Kommunistiske land var ikkje demokratiske. Dei vart styrte av berre eitt parti.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!