Den kalde krigen

Etter 2. verdskrigen fekk vi ein periode i historia som blir kalla Den kalde krigen. Sovjetunionen og USA hadde stått på same sida under krigen, men etter krigen vart dei motstandarar. Dei ønskte å styre verda på sin måte, og dei stod mot kvarandre med kvar sin ideologi. Det vart ein stillingskrig mellom aust og vest, der styresmaktene spionerte for å finne ut kva dei andre gjorde. USA og Sovjetunionen brukte aldri våpen mot kvarandre, men det var nære på fleire gonger.

Accessibility icon Den kalde krigen

Den kalde krigen

Den kalde krigen mellom stormaktene USA og Sovjetunionen var ein ideologisk krig mellom stormaktene og deira allierte. Dei starta eit rustingskappløp, der dei produserte og kjøpte våpen og militært utstyr for å skremme den andre. Målet var å verke heilt overlegen med både soldatar og våpen.

Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.
Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.

Kommunisme mot kapitalisme

USA og Sovjetunionen hadde kvart sitt syn på korleis verda skulle styrast. USA og andre vestlege land ønskte demokrati og kapitalisme. Kapitalistane eigde mykje og tilsette folk for å jobbe for dei. Overskotet hamna ofte hos eigarane. Staten skulle i liten grad styre økonomien, men skulle yte samfunnsnyttige tenester som mellom anna helse, skule og forsvar. I eit slikt samfunn kunne forskjellane mellom eigarane og arbeidarane bli store.

Kommunismen var imot kapitalisme. Dei meinte at ingen skulle eige for mykje, og at alle skulle ha like moglegheiter til arbeid. Ingen skulle trenge å slite seg ut for at nokre få skulle bli rike. Kommunistiske land vart ofte styrte av eitt parti som forfølgde og undertrykte politiske motstandarar. Etter 2. verdskrigen begynte Sovjetunionen å spreie kommunismen rundt i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!