Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

Den kåte kroppen

Når du blir kåt, kjennest det i heile kroppen. I hovudet og nede i underbuksa. Det er ikkje alltid kontakt mellom dei stadene. I alle fall kan det kjennast slik. Kvifor er det sånn? Og kva kan skje då?

Vulva

Vulva er namnet den ytre delen av tissen til biologiske kvinner.  Vulvaen er kjønnsleppene utanpå sidene av opninga. Trur du dei er like på begge sider? Nei. Dei er ofte ulike, den eine kan vere mykje lengre enn den andre, til dømes. Utanpå kjønnsleppene er det hår, og på innsida er dei glatte. Dei inste kjønnsleppene er glatte på begge sider.

Vagina

Vagina og skjede er to ord for den same tingen. Skjeden er eit mjukt røyr som fører frå opninga til livmorhalsen. Ut kjem mensblod og utflod. Og barn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.

Klitoris

Har du høyrt ordet klitoris? Han ligg  øvst der kjønnsleppene møtest. Han har eit hovud som er like stort som ei ert, sånn cirka. Trudde du det var alt? Nei.Han er mykje større enn det. Han går innover i kroppen. Bak dei inste kjønnsleppene og rundt vagina. Nokre kan kjenne klitoris heilt opp til bak anus.

Berre til for nyting!

Klitoris har éi oppgåve. Kjenne nyting! Den er full av nervar og er ekstra følsam å ta på. Klitoris blir større når du blir kåt. Du har sett svampen på skulen? Han kan halde på mykje vatn. Slik er det i klitoris óg. Svamplekamen held på blodet.  Klitoris blir fylt med blod. Akkurat som i penis. Klitoris får ein ereksjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.

Kva skjer med vulva og vagina når du blir kåt?

Fleire ting faktisk. Musklane i skjeden blir større når ein blir kåt. Skjeden vidar seg ut. Vulva blir større, og du blir våt.

Kåt og våt

Du blir meir våt til kåtare du blir. Det er kjertlar som lagar meir væske. Mest i skjeden. Blodårane der er med på å sende meir blod til klitoris. Tenk deg ein vasslange med hol. Kva skjer når du skrur berre litt på? Det kjem nesten ikkje vatn ut av hola. Kva då med krana på full guffe? Då kjem det masse vatn ut av hola. Akkurat som i skjeden når du blir kåtare.

Det er viktig med god glid

Kva om skjeden ikkje blir våt? Ikkje putt noko inn i ein tørr skjede. Då blir det berre sårt og vondt. Eit glidemiddel kan hjelpe skjeden til å bli våt. Du vil òg få mindre vondt viss du slappar av i musklane i skjeden.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.

Kva skjer med penis når du blir kåt?

Du er kåt. Kva skjer med penis? Blodet strøymer til. Penis blir hard og stiv, og det kallar vi ein ereksjon. Blodet blir i penis heilt til du får orgasme. Då trekkjer blodet seg tilbake, og penis blir slapp igjen. Det blir han òg når hovudet sluttar å ha lyst på sex. Det er ikkje berre penis som er ekstra følsam. Ballane óg. Somme liker å bli tatt på ballane. Andre synest det blir for kjenslevart.

Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.

Har størrelsen noko å seie?

Trur du alle penisar er like? Tru om igjen! Dei er ulike. Det er arv. Og forskjell på kvar du kjem frå i verda. Har du sett gamle statuar av menn med stive og store penisar? Det blir kalla fallos. Det betyr erigert penis. Trur du alle på den tida hadde like store penisar?

Måler du penis? Ikkje gjer det viss du er i puberteten. Kroppen veks framleis.

Kast målebandet!

Ok. La oss seie du måler. Kvifor? Trur du størrelsen på penis har noko å seie for sex? Kor god du er i senga? Det har faktisk ikkje det. Hugs at alle har forskjellige kroppar. Ikkje mål etter snittet på kva andre har. Bli heller kjend med kroppen din!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert aubergine.
En illustrert aubergine.

Trøbbel i tårnet

Trine er lege, og ho møter ofte bekymra personar. Dei har kanskje eit penishovud som er sårt, raudt og irritert. Kanskje med prikkar. Det kan skje om ein har hatt eit litt tørt samleie. Forhud og penis veks ikkje likt i puberteten. Det er veldig vanleg. Nokre kjem til legen med stram forhud. Huda går ikkje over penishovudet. Du kan ha sex likevel. Men det skal ikkje gjere vondt og plage deg. Legen kan hjelpe deg å behandle det.

En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

Kva med hovudet når du er kåt?

Null lyst på sex i hovudet. Men plutseleg blir kjønnsorganet ditt stivt. Litt rart. Det lever sitt eige liv. Heilt utan at du tenkte på sex. Kvifor er det sånn? I puberteten gjer hormona i kroppen litt som dei vil. Penis og klitoris kan bli stive medan du gjer heilt vanlege ting.

“Benner’n” på bussen

Ikkje tenk at noko er gale om du blir du kåt i ein rar situasjon. Kanskje får du ereksjon på bussen eller når du les nyheiter. Det kan òg skje viss nokon tek på kjønnsorganet ditt. Sjølv om ikkje hovudet har lyst på sex. Men det betyr altså ikkje at du har lyst til å liggje. Her tek mange litt feil.

Hovudet og kjønnsorganet er ikkje alltid samkøyrde

Men kva når det ikkje går som planlagt? Penis blir ikkje stiv. Skjeden blir ikkje våt. Du blir lei deg. Redd. Mest for at den andre skal tru du ikkje er kåt. Er du usikker på om nokon vil ha sex? Spør dei! Sjå for deg dette: To saman. De kliner. Du kjenner den andre blir våt eller får ereksjon. Det er ikkje sikkert det betyr ja til sex likevel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.

Korleis sende og motta signal?

Vi er tilbake i bilen igjen. Det står nokon ved ein overgang. Heng hen der berre, eller skal hen over? Viss du er usikker, må du bremse. Få augekontakt. Fekte eit spørsmål med armen. Personen nikkar og smiler. Hen skal over. Bra du stoppa! Tenk viss du satsa på at hen skulle henge, og peisa på! Det er straffbart, og i  retten kan du ikkje seie kva du trudde.

Er du i tvil? Stopp!

Rett signal frå den gåande til deg óg. Det er viktig. Det blir lettare å forstå. Så tilbake til sex. Kjenner du deg pressa? Då kan det vere vanskelig å seie nei. Hugs då dette: Søv den andre? Er veldig full? Ligg heilt stiv? Er ikkje heilt med? Er du i tvil om den andre eigentleg vil? Då må du vurdere situasjonen. Stopp om du er i tvil!

Ein har lov til først å seie nei etter eit ja. Ein kan ombestemme seg når som helst! Merkar du at den andre ikkje vil meir? Snur hen seg vekk? Skyv bort handa di? Ligg heilt stille? Det er teikn på eit nei. Eit ja kan vere slik: Smiler. Ser på deg. Fører handa di nærare. Nærmar seg med kroppen. Du kan òg spørje rett ut om hen har lyst. Hugs! Det òg kan snu! Respekter kvarandre sine grenser!

Les mer i del 3 – “Sexbobla”

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?