Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

Den kåte kroppen

Når du blir kåt, så skjer det ting fleire stader i kroppen din. Det skjer noko med kjønnsorgana og noko med hodet. Av og til kan det kjennest som om hovudet og kjønnsorgana ikkje snakkar saman. Kva kan skje då, og kvifor er det sånn?

Vulva

Vulva er det ytre kjønnsorganet til dei som er biologisk kvinne, det vi ser på utsida. Vulva startar med dei ytre kjønnsleppene og går inn til skjedeopninga. Dei ytre kjønnsleppene har hud med hår på utsida og slimhinnehud på innsida. Så kjem dei indre kjønnsleppene som berre har slimhinnehud. Desse kan vere både større og mindre enn dei ytre kjønnsleppene, og dei er ofte asymmetriske. Det betyr at den eine kjønnsleppa kan vere lengre enn den andre.

Vagina

Vagina blir óg kalla skjeden, og er den delen på innsida som går frå skjedeopninga og inn til livmorhalsen. Vagina er eit røyr med musklar rundt. Det er svært elastisk, og gjennom røyret kjem både mensblod, utflod og barn under fødsel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.

Klitoris

Øvst der kjønnsleppene møtest, ligg ein liten hard klump. Dette er klitorishovudet, og dette hovudet har ein liten hudfald som ofte dekkjer det heilt eller delvis. Sjølv om klitorishovudet berre er på storleiken med ei ert, så er det viktig å hugse at sjølve klitoris er mykje, mykje større.

Klitoris strekkjer seg innover i kroppen og går frå klitorishovudet vidare på baksida av dei indre kjønnsleppene og rundt vagina, altså skjeden. For somme kan han gå heilt opp til bak anus.

Berre til for nyting!

Klitoris er det einaste organet som berre har éi oppgåve, og det er å kjenne nyting! Klitoris er på mange måtar veldig lik ein penis. Han er full av nervar som gjer han ekstra kjenslevar å ta på, og inne i klitoris finst det svamplekamar, akkurat som i penis. Når du blir opphissa, så strøymer det masse blod til svamplekamane i klitoris. Han svulmar opp og fyller seg opp med blod, og du får ein klitorisereksjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.

Kva skjer med vulva og vagina når du blir kåt?

Når du blir kåt, skjer det fleire ting i og med vulva og vagina. Etter kvart som du blir meir opphissa, utvidar musklane rundt skjeden seg, og det gjer at skjeden blir vidare og meir fleksibel. Vulva svulmar opp, og du blir våt. I vulva er det mange kjertlar som  held slimhinnene fuktige. Når du blir opphissa, vil nokre av desse kjertlane produsere meir væske, og du blir litt våtare. Mesteparten av væska kjem frå skjeden.

Kåt og våt

Rundt skjeden er det eit nettverk av blodårar. Når du blir opphissa, så kjem det blod til klitoris og til desse blodårane. Blodårar er på ein måte som vasslangar med veldig små hol i seg. Når du set på lågt trykk i slangen, vil mesteparten av vatnet gå gjennom slangen og ikkje ut desse veldig små hola. Men viss du gønnar på med skikkeleg trykk, då vil det òg bli skvisa meir vatn ut frå dei små hola. Og det er det som skjer i skjeden. Når du blir opphissa og kåt, kjem det masse blod til blodårane rundt skjeden, og dette gjer at det blir meir væske i skjeden. Då blir du våt.

Det er viktig med god glid

Viss det ikkje er nok glid i skjeden og vulva, så blir det masse friksjon, og slimhinnene kan lettare bli skadde. Då er det fort gjort at du får sår og at det gjer vondt etterpå. Det er viktig at det ikkje er tørt når ein prøver å føre noko inn i skjeden. Glidemiddel kan vere bra, men du skal ikkje prøve å presse noko inn. Då er det betre å gjere noko anna. Glid og avslappa musklar gir mindre friksjon og mindre vondt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.

Kva skjer med penis når du blir kåt?

Når du blir kåt, strøymer blodet til penis. Inne i penis finst det tre svamplekamar som er som svampar inne i hinner. Når dei blir fylte med blod,  blir dei harde og stive. Dette kallar vi ereksjon. Det er signalstoff som gjer at blodårane blir som ein einvegskøyrd veg. Blodet kjem inn i penis, men ikkje ut. Desse signalstoffa er der heile tida frå du får ein ereksjon, til du får orgasme, utløysing eller ikkje klarer å sende signal frå hovudet om at du er opphissa. Og det betyr at om du kjem ut av sexbobla i hovudet, så kan ereksjonen forsvinne. Ballane kan òg bli ekstra kjenslevare når du blir kåt. Det kan gjere at nokre synest det er behageleg å bli tatt på ballane, og at andre kan synast det er litt ubehageleg fordi det kan bli for kjenslevart.

Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.

Har størrelsen noko å seie?

I antikken kalla ein penis for fallos, som rett og slett betyr erigert penis. Statuane frå denne tida hadde ofte kjempestore erigerte penisar. Det har med andre ord vore eit kroppspress på at penis skal vere stor i alle år. Det hender somme snakkar om gjennomsnittsstørrelse på penis, men det er viktig å vere klar over at størrelsen endrar seg ut frå kor i verda du er, fordi det er genetisk. I puberteten veks penis, og det er ingen vits å begynne å måle lengda når du framleis er i vekst.

Kast målebandet!

Viss du går og lurer på om du skal måle penisen din, så spør deg sjølv om kvifor du har lyst til å måle han. Kor stor han er, har ikkje så mykje å seie. Det er ikkje viktig. Størrelsen på penis seier ikkje noko om kor god du er i senga. Det å måle penis kan føre til at du fokuserer meir på korleis du ikkje passar inn i ein mal, og det kan dra sjølvtilliten din ned. Bruk heller tid på å bli kjend med deg sjølv og kroppen din. Det finst ingen normale kroppar, alle er forskjellige. Gjennomsnitt er ikkje normalen, det er berre ein måte å vere normal på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert aubergine.
En illustrert aubergine.

Trøbbel i tårnet

Som lege møter Trine ofte bekymra personar. For dei med penis, er det ofte bekymring viss det er noko nytt på penis. Ved samleie analt eller vaginalt som har vore tørt, kan det bli irritasjon på penishovudet etterpå. Det kan bli litt raudt med små prikkar, og det kan kjennast sårt.

Nokre kjem òg til legen fordi dei har stram forhud som ikkje kjem over penishovudet. Det er veldig vanleg i puberteten, fordi penis og forhuda ikkje alltid veks i takt.

Viss det er vondt, eller det alltid har vore stramt og det plagar deg, så kan du snakke med ein lege. Det finst behandling. Ein kan fint ha sex sjølv om forhuda ikkje kjem over penishovudet, så lenge det ikkje gjer vondt. Ikkje alle har forhud over penishovudet. Hos somme har forhuda vorte fjerna medan dei var barn, eller ho kan ha vorte fjerna fordi ho var for stram og anna behandling ikkje har hjelpt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

Kva med hovudet når du er kåt?

Viss du ikkje har lyst på sex i hovudet, så er heile premisset for å ha sex borte. Uansett kva som skjer med kjønnsorganet ditt. Så er det noko litt rart med desse kjønnsorgana, og kanskje særleg i puberteten, fordi dei blir ikkje berre påverka av hovudet. Særleg i puberteten er det enorme mengder med hormon som kan vekkje  kjønnsorganet til live, sjølv om du ikkje tenkte på sex. Du kan til dømes sove og drøyme om hundar, slalåm eller båtar, ting som ikkje er relatert til sex i det heile tatt, men du kan likevel få ein ereksjon eller bli våt.

“Benner’n” på bussen

Du kan få ein ereksjon på bussen medan du scroller nyheiter eller medan du gamar og snakkar med ein kompis. Og viss nokon tek på kjønnsorganet, så kan du plutseleg reagere med å bli våt eller få ein ereksjon utan at du har lyst på sex. Den reaksjonen som kjønnsorganet ditt får, betyr ikkje at du har lyst på sex i hovudet. Du kan med andre ord ikkje sjekke kjønnsorganet til den du vil liggje med, for å finne ut om personen har lyst på sex. Der trur vi mange misforstår litt.

Hovudet og kjønnsorganet er ikkje alltid samkøyrde

Det kan óg vere motsett, at du har kjempelyst på sex, men så vil ikkje kjønnsorganet lystre. Det kan óg vere fortvilande, og mange blir redde for at den dei skal liggje med, trur at ho eller han ikkje er kåt på den personen. Så det viktigaste du kan gjere for å vite om nokon har lyst på sex, er å spørje. Viss du får ein ereksjon eller blir våt i ein rar situasjon, så ikkje tenk: «Herregud, kva er gale med meg, har eg lyst på sex no?».

Viss du kliner eller kyssar med ein person, og du kjenner at personen får ereksjon eller vedkommande blir litt våt, så betyr ikkje det at den personen nødvendigvis har lyst til å liggje. Det kan vere at personen liker deg godt og blir opphissa, men det betyr ikkje nødvendigvis at personen har lyst til å ha sex.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.

Korleis sende og motta signal?

Igjen kan du samanlikne dette med  å vere sjåfør på biltur. Viss det står nokon ved eit overgangsfelt, og du er usikker på om personen skal gå over eller berre heng akkurat der, så er det lurt å bremse ned. Få augekontakt. Kanskje vise litt med armen som eit spørsmål, skal du over eller ikkje? Viss personen smiler tilbake og går over, så var det bra du stoppa. Viss du berre går ut frå at personen ikkje skal gå over og berre peisar på, så kan du risikere å køyre over personen. Det held ikkje å seie i retten at det verka som om personen ikkje skulle over den vegen.

Er du tvil? Stopp!

Det er òg viktig at den som går over vegen, prøver å sende så gode signal som mogleg til bilisten. På den måten er det er lettare å forstå kva som skjer. Men det er ikkje alltid så lett å vere tydeleg viss ein føler seg litt pressa inn i ein situasjon eller av andre grunnar synest det er vanskeleg å seie nei til sex. Så med andre ord, viss nokon ligg heilt stiv, søv, er veldig full eller ikkje verkar som dei er heilt med, så må du  stoppe opp og vurdere:  «Verkar det som om personen har lyst på sex, og verkar det som om denne personen eigentleg er i stand til å ta det valet?» Er du i tvil, skal du ikkje halde fram.

Det er alltid lov å ombestemme seg!

Sjølv om personen gir signal om at dei har lyst på sex, men så ombestemmer seg, så er det faktisk slik at det er lov å snu når som helst. Det går an å spørje rett ut, eller du kan lese kroppsspråket til den andre personen. Tek vedkommande handa di bort, eller fører henne nærare? Smiler personen? Ser den andre personen på deg, eller snur hen seg vekk. Ligg personen heilt stille eller gjer teikn på å komme nærare? Sjølv om hen hadde lyst først, så kan det plutseleg ikkje kjennast så greitt lenger. Då har vi alle eit ansvar for å respektere den andre sine grenser.

Les mer i del 3 – “Sexbobla”

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?