Den norske teknologireisa

I dag er Noreg eit rikt og teknologisk land, men slik har det ikkje alltid vore. Mange har lært at Noreg var eit av Europas fattigaste land for 150 år sidan, men stod det verkeleg så dårleg til i Noreg som vi har trudd?

Oljeplattform i Nordsjøen
Oljeplattform i Nordsjøen

Metallringen som endra verda

Teknologi er utvikling av nyttige hjelpemidlar som hjelper oss i arbeid og fritid.

Stigbøylen er eit døme på gammal teknologi. Det er ikkje ei norsk oppfinning, men han kom til Noreg på 900-talet. Med stigbøylen kunne soldatar til hest slåst endå betre. Dei fekk større kontroll på hesten og våpna sine. Dermed fekk dei ein fordel som avgjorde mange krigar, og krig forandrar verda på godt og vondt.

Foten til en ridder i rustning som er stukket inn i en stigbøyle.
Foten til en ridder i rustning som er stukket inn i en stigbøyle.

Frå vikingskip til oljeplattformer

Noreg er eit land der landskapet byr på store utfordringar. Det er høge fjell, lite dyrkbar jord og ei lang kystlinje. Dei som busette seg her for mange tusen år sidan, måtte vere kreative for å overleve. Ikkje minst når dei skulle segle på havet.

Norske vikingskip var blant dei beste fartøya på havet. Skipa var så smart bygd at vikingane kunne segla på handelsreiser og utforska store delar av verda. Teknologien gjorde at Noreg vart ein rik og mektig nasjon i perioden 800-1000 e.Kr.

I moderne tid har Noreg vorte eit oljeland. Denne ressursen har gjort at vi er blant dei rikaste landa i verda. For å byggje oljeplattformer blir det kravd teknologi i verdsklasse, og det har vi. Olje og teknologi har gjort Noreg til eit av dei beste landa å bu i.

Innimellom desse to epokene, vikingtida og oljetida, var tilværet slitsamt og krevande, spesielt for dei fattige.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Vikingskip på vannet i et mystisk slør av tåke.
Vikingskip på vannet i et mystisk slør av tåke.

Noreg før 1800-talet

På 1500- og 1600-talet dreiv mange med utvinning av kopar og jern.

Mykje av bergverksteknologien kom frå Tyskland. Metallet vart mellom anna  brukt til reiskapar for jordbruk og matlaging, og til myntar og våpen. Men dei fleste var bønder og fiskarar. Det var store forskjellar på rik og fattig, men fleirtalet levde frå hand til munn.

Gammel gruve med tømmerstokker som støtter opp taket.
Gammel gruve med tømmerstokker som støtter opp taket.

Industri med hjelp frå England

På midten av 1800-talet kom dei første fabrikkane til Noreg.

Folketalet voks, og behovet for klede og andre nødvendige ting auka raskt. Regjeringa trudde ikkje at norske fabrikkar kunne levere så mykje som det var behov for. Likevel gav ikkje fabrikkeigarane opp. Dei leigde inn teknologi og ekspertar frå England.

Folk trong meir enn berre klede og ting til familien. Det var stor etterspurnad etter jordbruksutstyr av jern.

Jordsmonnet mange stader i landet var krevande, på grunn av mykje stein. Reiskapane måtte tole store påkjenningar.

I hovudstaden Christiania vart det bygd veldig mange fabrikkar langs Akerselva.

Elva dreiv maskinane, og teknologien kom ofte frå England. Likevel gjorde norske oppfinnarar – mange med utdanning frå England – ein stor innsats for å vidareutvikle denne teknologien.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinner jobber på fabrikk
Kvinner jobber på fabrikk

Jernbane og sagbruk

I 1854 fekk Noreg den første jernbanen sin frå Kristiania til Eidsvoll. Lokomotivet vart drive framover av ein dampmaskin. Mange båtar vart òg drivne av dampmaskinar. Fleire og fleire kjøpte slik teknologi, og mange fabrikkar tente mykje pengar.

Noreg selde mykje tømmer til utlandet, og derfor vart det utvikla sagbruk mange stader i Noreg. Dampmaskinane gjorde dette mogleg.

Mykje av teknologien kom frå Tyskland og Sveits, men norske fabrikkar laga òg utstyr til sagbruka.

📷  Prøvetur på jernbanen til Lillestrøm 4. juli 1853. Illustrasjonen er henta frå boka «En Christianiensers Erindringer fra 1850- og 60-Aarene» av Yngvar Nielsen,  utgitt av Gyldendal i 1910.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norges første jernbane
Norges første jernbane

Noreg – ein industrinasjon

Mot 1900-talet vart etterspurnaden etter norsk tømmer, jern og fisk betydeleg mindre.

Noreg hadde få dampskip og sleit med å eksportere varer til utlandet. Det gjekk for tregt med robåtar og seglskuter.

Jordbruket hadde teknologi som gjorde arbeidsdagen lettare, men framleis var det mykje fysisk tungt arbeid. Sjølv om vi sleit med mange ting, hadde Noreg vorte ein industrinasjon etter overgangen til 1900-talet.

Tegning av en innhøstingsmaskin fra tidlig 1900-tall.
Tegning av en innhøstingsmaskin fra tidlig 1900-tall.

Kvalfangst

Det har gått føre seg kvalfangst i over 10 000 år. Mot slutten av 1800-talet fekk me ein meir moderne fangstmetode med ny teknologi.

Det var Tønsberg-mannen Svend Foyn som oppfann «granatharpunen». Denne eksploderte når han trefte kvalen.

På den måten fekk Foyn ein teknologisk fordel som gjorde kvalfangst svært lønnsamt. På dette området låg Noreg derfor langt føre andre land.

Sort hvitt tegning av hvalfangere som skyter med granatharpun på hval i urolig sjø.
Sort hvitt tegning av hvalfangere som skyter med granatharpun på hval i urolig sjø.

Sjokolade, fiskekrokar og hermetikk

Fabrikkane voks fordi folk fekk behov for fleire ting. Kjeks frå Sætre, sjokolade frå Freia, spikar og fiskekrokar frå Mustad og hermetikk frå Stavanger. Det var òg stort behov for harpunar til kvalfangst og gevær til jakt. Det var ny teknologi som gjorde alt dette mogleg.

Seks biter med sjokolade fra Freia der bitene har bilde av Freia-storken.
Seks biter med sjokolade fra Freia der bitene har bilde av Freia-storken.

Elektrisitet til folket

Noreg var tidleg ute med å produsere straum, takka vere mange elvar og fossefall. Det var billig å produsere elektrisitet, og to tredelar av befolkninga hadde innlagt straum i 1920.

Det var ingen andre land i verda som hadde komme så langt. Hammerfest var den første byen i Europa som fekk elektrisk straum så tidleg som i 1890!

Hovudstaden var den første byen i Norden med elektrisk trikk, og før 1940 hadde 80 prosent av befolkninga tilgang til elektrisitet. Denne teknologien endra Noreg dramatisk. Vi hadde lært å utnytte naturkreftene til å produsere elektrisitet.

📷  Noregs første trikk utanfor Stortinget i Oslo i 1894.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norges første trikk på utsiden av Stortinget i 1894.
Norges første trikk på utsiden av Stortinget i 1894.

Norsk Hydro blir til

Plantar treng nitrogen for å veksa, og dei får det frå jorda. Når dyr eller plantar dør, eller når vi bruker husdyrgjødsel, får jorda nitrogen.
Nokre gonger bruker folk også ein spesiell type gjødsel kalla salpeter eller kaliumnitrat.

På 1800-talet voks befolkninga på jorda kraftig, og folk var redde for at me skulle gå tom for salpeter og at det skulle bli matvaremangel. Spesielt fordi mykje av salpeteren vart importert frå Chile. Dei var bekymra for at vi ikkje skulle ha nok gjødsel til å dyrka mat.

Eigentleg treng ein ikkje reisa heilt til Chile for å finna nitrogen. Lufta rundt oss har nesten 80 % nitrogen. Derfor leita folk etter måtar å fanga dette nitrogenet på.

I Noreg fann forskaren Kristian Birkeland og partnaren hans Sam Eyde ein måte å fanga nitrogen frå lufta ved hjelp av elektrisitet.

Dei starta eit firma, Norsk Hydro, i 1905 for å laga denne nye typen gjødsel. Det første store anlegget for å laga kunstgjødsel vart laga i Notodden.
Dette var med på å auka avlingane over heile verda, sidan bønder kunne bruka det nye gjødselet i staden for det gamle.

📷  Gammal demning på Notodden frå Norsk Hydros første fabrikk i 1905.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammel demning på Notoden fra Norsk hydro sin første fabrikk fra 1905.
Gammel demning på Notoden fra Norsk hydro sin første fabrikk fra 1905.

Noreg blir ein oljenasjon

2. verdskrigen skapte enorm etterspurnad etter råvarer til krigsmateriell. Samtidig vart det stor arbeidsløyse og mangel på det meste.

Det tok tid før Noreg kom seg etter fem år med tysk okkupasjon, for mykje av landet måtte byggjast opp att. Men då vi fann olje i Nordsjøen i 1969, skulle Noreg bli eit av dei rikaste landa i verda. Sidan den dagen har Noreg opplevd eit teknologisk oljeeventyr.

Datamaskinane overtar

Dei første datamaskinane dukka opp på slutten av 1940-talet. Ingen kunne vite kor avhengige vi skulle bli av data.

Noreg var det første landet utanfor USA som kopla seg på eit datasystem som overførte filer mellom datamaskinar. Dette systemet fekk namnet Internett i 1974. Det vart stort sett  brukt innan forsking og i militæret.

På 1990-talet vart det vanleg med datamaskin heime og på arbeidsplassen.

Teknologien innan data og kommunikasjon blir utvikla raskt. «Det som var nytt i går, er gammalt i dag».

Internett har gjort det mogleg å kommunisere og handle på skjerm over heile verda. Men det er òg berekraftig. Berre tenk på alle dei digitale møta som vart gjennomførte under pandemien. Då sparte vi klimaet for mange forureinande fly- og bilturar.

📷  Datamaskinar frå 1980-talet.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To gamle datamaskiner fra 1980-tallet stående på et skrivebord på et kontor.
To gamle datamaskiner fra 1980-tallet stående på et skrivebord på et kontor.

Teknologi avgjer framtida vår

Det landet som ligg på topp innan innovasjon og teknologi er Sveits. Etter Sveits kjem Sverige, USA, Storbritannia og Singapore.

Noreg er også kjent for å bruke mykje teknologi. Ikkje fordi vi sjølv skaper så mykje ny teknologi, men fordi vi utnyttar den teknologien som finst.

For å utvikla oss må vi forstå korleis teknologi kan skapast og utnyttast.

Grunnskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet må saman med næringslivet skape interesse for teknologi. Verda vil sannsynlegvis ikkje bli noko mindre teknologisk, derfor må vi forstå nødvendigheita av teknologi.

Noreg starta teknologireisa si i vikingtida, men reisa er på langt nær slutt. Ho vil halde fram vidare inn i framtida.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre skoleelever sitter ved tre PC-er med blå frakker og VR-briller.
Tre skoleelever sitter ved tre PC-er med blå frakker og VR-briller.

Kjelder:

  • Gursli-Berg, Gunhild; Rosvold, Knut A.: teknologi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 
    28. april 2022 frå https://snl.no/teknologi
  • Rossen, Eirik; Dvergsdal, Henrik; Hannemyr, Gisle; Busch, Peter André: datamaskinens historie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 3. mai 2022 frå https://snl.no/datamaskinens_historie
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Yngvar Nielsen
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Shyamal
    10. Ukjent / Norsk folkemuseum (CC BY-SA 3.0)
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images