j u l e f o r t e l J i n g

Den samiske julesegna om Stallo

I den nordlegaste delen av landet vårt råder mørkret i dei lange vintermånadene. I fantasien til folk har det lagt grunnlaget for ein rik fauna av underjordiske, ublide skrømt, vette og troll, mellom dei Stallo til samane. Han er ei stor og farleg kjempe som rundt juletider til og med kan finne på å ete uskikkelege barn. Stallo er delvis menneske, troll, djevel – og julenisse.

Han er større enn vanlege menneske og går kledd annleis enn samane, gjerne i mørke klede med gullknappar og med sekk på ryggen. Han er vond og sterk, men også dum og kan bli lurt av menneska.

Samiske barn har i generasjonar lista seg rundt på tå i jula, etter at foreldra har innprenta dei om å vere stille – for det verste Stallo veit, det er bråk!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nordlys over naturlandskap i Norge
Nordlys over naturlandskap i Norge

Ein måtte i det heile tatt passe på å halde orden gjennom juletida.

Utanfor lavvoen måtte det bli rydda før jul, slik at raiden til Stallo ikkje vart sitjande fast. Ein raid er eigentleg eit koppel av reinsdyr, men Stallo sin raid bestod av mellom anna rotter og mus. Vidare var det viktig at det ikkje låg igjen fliser etter vedhogsten. Så måtte det stå ei bøtte vatn med ausa ved døra slik at Stallo kunne drikke når han kom forbi, for i så fall drog han vidare.

Fekk han derimot ikkje vatn, ville han lage bråk, og i verste fall suge blodet av menneskehovud, om han var tørst nok. Det blei sagt at ein stad der Stallo ikkje fekk vatn i jula, døydde kona på garden dagen etter av tørst.

Og det vart fortalt at dei som køyrde med hest og slede for å hente ved i jula, hadde blitt ståande fast heilt til dei lova aldri å gjere det igjen. Dei meinte det var Stallo som hadde sett dei fast.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre menn og junder foran en samisk lavvo fra sent på 1800-tallet
Tre menn og junder foran en samisk lavvo fra sent på 1800-tallet

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!