Derfor bør du sy eigne klede
Det har aldri vore lettare og billigare å skaffe seg nye klede. Likevel meiner Fæbrik at det er mange gode grunnar til å sy sine eigne.

Jentene i Fæbrik på kontoret sitt
Verda fløymer over
Det har aldri vore lettare og billigare å skaffe seg nye klede. Handlegater fløymer over av billigkjeder, og rabattkodane for raske og billige trendar fløymer over i feeden og på bloggar. Blakk blir du heller ikkje. Det er eigentleg ganske imponerande å klare å ikkje fylle opp klesskapet sitt.


Kvifor sy?
Så kvifor skal ein gidde å bruke masse tid på å sy sine eigne klede når det er så utrolig lett å skaffe seg klede nærmast utan å løfte ein finger?



Vil senke tempoet
Det å sy sine eigne klede, spesielt av gjenbruksmateriale, er ein del av bølgja som er ein motreaksjon til fast fashion, nemleg «slow fashion». Gjennom å ta eit gammalt handverk inn i framtida, ønskjer vi i Fæbrik å senke tempoet til klesindustrien.



Tre jenter med klær fra 90-tallet

En del av en jakke som skal sys

Jenny Skavlan som poserer med egen sydd jakke
Denne artikkelen er laga i samarbeid med Fæbrik. Innhaldet er saksa frå Fæbriks stoff og skreddarsydd til formatet til Skulerom.
Bilde og illustrasjonar: Fæbrik / Adobe Stock

