Derfor bør du sy eigne klede

Det har aldri vore lettare og billigare å skaffe seg nye klede. Likevel meiner Fæbrik at det er mange gode grunnar til å sy sine eigne.

Jentene i Fæbrik på kontoret sitt
Jentene i Fæbrik på kontoret sitt

Verda fløymer over

Det har aldri vore lettare og billigare å skaffe seg nye klede. Handlegater fløymer over av billigkjeder, og rabattkodane for raske og billige trendar fløymer over i feeden og på bloggar. Blakk blir du heller ikkje. Det er eigentleg ganske imponerande å klare å ikkje fylle opp klesskapet sitt.

Et rom fullt av klær

Kvifor sy?

Så kvifor skal ein gidde å bruke masse tid på å sy sine eigne klede når det er så forbanna lett å skaffe seg klede nærmast utan å løfte ein finger?

Jo, det er det mange og gode grunnar til. Vi hadde trunge tre og ein halv jordklode om alle skulle hatt eit forbruk som oss nordmenn. Tempoet til klesindustrien har akselerert til eit nivå som har gjort industrien til verdas nest mest forureinande. Klede står for 1,2 milliardar tonn med CO2-utslepp i året. Det er meir enn all fly- og skipstrafikk til saman.

Trendane blir pumpa ut i kjedebutikkane i eit tempo det er nærast umogleg å henge med på. Plagga blir sydde fort og dårleg, i dårlege materialar og kvalitetar, av folk som lir under dårlege arbeidsforhold og får luselønn. Det er dette tempoet som gjer at ein kallar denne typen billige trendar for «fast fashion».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vil senke tempoet

Det å sy sine eigne klede, spesielt av gjenbruksmateriale, er ein del av bølgja som er ein motreaksjon til fast fashion, nemleg «slow fashion». Gjennom å ta eit gammalt handverk inn i framtida, ønskjer vi i Fæbrik å senke tempoet til klesindustrien.

Fast fashion

På 90-talet begynte kleskjedene å produsere klede i ein fart ein tidlegare ikkje hadde sett maken til. Det tok berre nokre få veker frå designaren hadde teikna eit nytt plagg til plagget var å finne i butikken.

No blir det produsert 100 milliardar klesplagg i året. Det er over tolv nye klesplagg til kvart einaste menneske på jorda – kvart år! Treng vi eigentleg det?

Kanskje, for dei fleste plagga endar opp i søpla etter kort tid … Slik har det ikkje alltid vore.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre jenter med klær fra 90-tallet
Tre jenter med klær fra 90-tallet

Tekstilar var dyrebart

På 1600-talet kasta ein aldri tekstilar. Ein såg på tekstilar som eit dyrebart materiale, og ein visste at det tok lang tid og var mykje jobb å produsere det.

Ei fin skjorte vart ofte først brukt av ein rik person, så gjekk ho i arv eit par generasjonar, og når ho var misfarga og utsliten, vart ho brukt som arbeidsskjorte. Når ho vart heilt fillete, reiv ein henne opp og brukte henne som skurefille eller til å tette sprekkar i husveggar og liknande.

På 1800-talet laga ein klede som skulle vare livet ut. Det var først på 1960-talet at ein begynte å lage klede av billige og dårlege materialar, senke prisane og fekk forbrukarane til å kjøpe meir og meir og meir klede.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En del av en jakke som skal sys
En del av en jakke som skal sys

Ny syrevolusjon

Vi lever i ei paradoksal tid: Miljøengasjementet har aldri vore sterkare – og vi vil redde jorda – men på den andre sida har det aldri vore viktigare for mange å uttrykkje seg gjennom klede og stil.

Med sosiale medium er publikummet og stadfestingsbehovet større enn nokon gong, og dette medfører eit større behov for å fornye seg. Ein kan tru at desse to interessene ikkje kan sameinast: at du må velje klede eller miljø. Men det stemmer ikkje. Vi elskar klede, vi elskar å uttrykkje oss gjennom klede, og vi elskar kjensla av å ha noko nytt vi har ønskt oss.

Og vi har godt miljøsamvit, fordi det aller, aller meste er kjøpt brukt eller sydd sjølv, helst av gjenbrukstekstilar. Så lenge vi brukar det som allereie er produsert, kan vi meske oss og fornye oss med klede så mykje vi berre ønskjer!

Vår største glede er å sjå at fleire hiv seg med på sybølgen! Vi blir så inspirerte, og vi verdset kjensla av at vi saman er i ferd med å skape ein aldri så liten revolusjon – eit opprør mot korleis klesindustrien styrer oss og tuklar med jorda vår. Nok er nok.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jenny Skavlan som poserer med egen sydd jakke
Jenny Skavlan som poserer med egen sydd jakke

Denne artikkelen er laga i samarbeid med Fæbrik. Innhaldet er saksa frå Fæbriks stoff og skreddarsydd til formatet til Skulerom.

Bilde og illustrasjonar: Fæbrik / Adobe Stock
Fæbrik-jentene