Blokk og papir
1. Vit kva du lagar
Ja, for kva er eigentleg eit intervju?
Eit intervju er ein journalistisk sjanger der ein person (journalisten) har ein samtale med eit anna menneske (intervjuobjektet). Målet er å få intervjuobjektet til å fortelje spennande eller viktige ting som skal presenterast vidare i ein reportasje.
Intervjuet blir publisert som levande bilete, lyd eller tekst. Den som les, lyttar eller ser, skal få vite noko om personen som blir intervjua.
Ung jente som noterer i en skrivebok.
2. Kven og kvifor?
Kven skal du intervjue, og kva vil du at saka di skal handle om?
Dette kan starte i begge endar.
Du kan ha eit bestemt tema du vil vite meir om, og då må du finne ein person som kan seie noko om akkurat dette. Vi seier at du intervjuar ei kjelde som er ekspert på området. Kanskje blir vi litt kjende med personen samstundes?
Du kan òg intervjue ein bestemt person, kanskje fordi personen er kjend og mange vil vite meir om dette mennesket. Då kan du lage eit portrettintervju. Vanlegvis er ein slik person kjend fordi han eller ho er flink til noko, og kanskje blir dette eit tema i intervjuet?
Blokk og papir
3. Lag ein intervjuavtale
Når du veit kven og kvifor du skal lage eit intervju, kan du ta kontakt med personen for å spørje om hen vil møte deg.
Då er det viktig at du fortel kven du er, kvifor du tek kontakt, kva slags sak det gjeld, og kvar ho skal publiserast.
Informer òg om du skal ta opp lyd, bilete eller video. Det er viktig at intervjuobjektet får all informasjon på førehand, slik at det ikkje blir misforståingar. Når du er tydeleg, får intervjuobjektet tillit til deg, og då kan hen opne seg meir.
Smilende gutt som snakker i telefonen.
Blokk og papir
6. Ver deg sjølv
Å intervjue eit anna menneske kan vere litt skummelt. Det er trass alt du som har teke initiativet og skal styre praten, så det er ikkje rart om du blir litt nervøs.
Hugs at når du er godt førebudd, og du har spørsmåla dine framfor deg, så kan det ikkje gå så gale. Det kan faktisk lette litt på stemninga dersom du fortel at du er litt nervøs og spent – ikkje minst viss det er første gong du gjer eit intervju. Ein blir ofte rolegare av å seie ting høgt. Ikkje gløym å smile! Du kjem langt med eit smil.
Radiointervju
Blokk og papir
8. Still oppfølgingsspørsmål
Det gir meir liv og spennande innhald dersom du klarer å grave litt djupare i svara du får.
To svært vanlege og enkle oppfølgingsspørsmål er: «Kvifor eller korleis skjedde det?» og «Kan du fortelje litt meir om det?» Då får du forhåpentleg vite endå meir om det du lurte på, og det er bra for intervjuet.
Ikkje ver redd for stille. Det betyr berre at den du intervjuar, tenkjer seg om, og det er bra.
Blokk og papir
10. Skriv så tastaturet får kjøyrt seg!
No er det berre å skrive i veg. Følg disposisjonen så godt det let seg gjere. Du kan sjølvsagt gjere endringar undervegs. Det er ditt intervju, og du som bestemmer.
Hugs at det er fint å få med skildringar av intervjuobjektet. Skriv om staden de var, og kva personen hadde på seg. Skap bilete for dei som les. Dei har jo ikkje vore til stades under intervjuet.
Varier teksten med sitat og skildringar. Les alltid godt igjennom til slutt, og sjekk at du har fått med deg det innholdet du ønsker.
Tastatur laptop
Kjelder:
- dintekstforfatter.no (05.11.21): Hvordan skrive intervju?
https://dintekstforfatter.no/hvordan-skrive-intervju/
- abcnyheter.no (05.11.21): Slik skriver du intervjuer.
https://www.abcnyheter.no/nyheter/2008/04/10/64456/slik-skriver-du-intervjuer
- dincvhjelp.no (05.11.21): Hvordan skrive et intervju?
https://www.dincvhjelp.no/hvordan-skrive-et-intervju/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Relaterte yrker
Synes du dette var spennende lesning? Her har vi forslag til noen yrker du kan utforske: