Blokk og papir
1. Vit kva du lager
Ja, for kva er eigentleg eit intervju?
Det er når du er som ein journalist og snakkar med ein person. Vi kallar personen intervjuobjektet. Journalisten ønskjer å få personen til å seie noko spennande som kan formidlast vidare. Dette kan formidlast med film, lyd eller tekst.
Ung jente som noterer i en skrivebok.
2. Kven og kvifor?
Kven skal du intervjue, og kva skal saka di handle om?
Temasak: Dersom du skal lage ein reportasje om eit bestemt tema, kan du trenge nokre kjelder. Då kan du intervjue ein ekspert på området.
Portrettintervju: Du kan intervjue ein spesiell person, kanskje ein som er kjend for mange. Det kallast eit portrettintervju. Då ønskjer vi og lesarane å bli betre kjende med personen.
Blokk og papir
3. Lag ein intervjuavtale
Når du veit kven og kvifor, kan du kontakte personen for å spørje om hen vil møte deg.
Då er det viktig at du fortel kvifor du tek kontakt, kva slags sak det er, og kvar ho skal publiserast.
Fortel òg om du skal ta bilete eller video. Når du er tydeleg, skaper du tillit. Det finst ikkje noko betre enn eit intervjuobjekt som stolar på deg. Då fortel hen meir ope.
Smilende gutt som snakker i telefonen.
Blokk og papir
6. Ver deg sjølv
Å intervjue eit anna menneske kan vere litt skummelt. Det er trass alt du som har teke kontakt og skal styre praten.
Hugs at så lenge du har førebudd deg godt, kan det ikkje gå heilt gale. Sei at du er litt nervøs og spent – og hugs å smile!
Radiointervju
Blokk og papir
8. Still oppfølgingsspørsmål
Intervjuet blir meir spennande dersom du klarer å grave litt djupare i svara du får.
To svært vanlege og enkle oppfølgingsspørsmål er:
«Kvifor eller korleis skjedde det?»
«Kan du fortelje litt meir om det?»
Blokk og papir
10. Skriv så tastaturet får køyrt seg!
No er det berre å skrive i veg. Følg disposisjonen så godt det let seg gjere. Du kan sjølvsagt gjere endringar undervegs. Det er ditt intervju, og du som bestemmer.
Hugs å få med nokre skildringar av personen og staden de var. Den som les intervjuet, har jo ikkje vore til stades. Skap bilete for dei som les.
Varier teksten med sitat og skildringar. Les alltid godt gjennom til slutt. Sjekk at du har fått med det innhaldet du ønskjer.
Tastatur laptop
Kjelder:
- dintekstforfatter.no (05.11.21): Hvordan skrive intervju?
https://dintekstforfatter.no/hvordan-skrive-intervju/
- abcnyheter.no (05.11.21): Slik skriver du intervjuer.
https://www.abcnyheter.no/nyheter/2008/04/10/64456/slik-skriver-du-intervjuer
- dincvhjelp.no (05.11.21): Hvordan skrive et intervju?
https://www.dincvhjelp.no/hvordan-skrive-et-intervju/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-