Det sårbare demokratiet

Mange tek demokratiet for gitt, men demokratiet er ganske sårbart. Fleire land i verda opplever at ein går bort frå folkestyre til meir autoritære og diktatoriske styresett. Men finst det andre måtar å skape folkestyre på enn dagens demokrati?

Accessibility icon Det sårbare demokratiet

Står demokratiet for fall?

Det siste tiåret har det vore økonomiske kriser og misnøye med den politiske leiinga i fleire demokrati. Fleire stader er det enkeltpersonar eller små grupper som har den politiske styringa. Dette blir kalla autokrati. Folka mister moglegheita til å delta som i eit demokrati.

Lita  støtte

Stadig fleire sluttar å bruke stemmeretten sin og engasjerer seg ikkje politisk. Støtta til demokratiet er på sitt lågaste sidan andre verdskrigen.

Kva vil styre oss?

Blir demokratiet borte? Kva vil det då blir erstatta av? Vil det kanskje bli erstatta av diktatur som i førre hundreåret? Då var det nokre få som bestemte det aller meste.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann styrer mange mennesker med tråder.
En mann styrer mange mennesker med tråder.

Lærer vi noko av historia?

Dei fleste ønskjer seg eit trygt liv der dei bestemmer sjølve. Likevel er det mange som ikkje har det slik. Ting som skjer i verda i dag, har hendt før. Har vi eigentleg lært noko av historia?

Ulike styreformer

Det finst meir vanlege styreformer enn demokratiet vårt. Mange land og område blir styrte som diktatur, anarki og meritokrati. Dei som styrer, blir kalla oligarkar, despotar og diktatorar. Felles for dei er at dei har makta ganske åleine.

Diktatorar og oligarkar

Eit diktatur blir oftast styrt av éin person. Under 2. verdskrigen styrte Adolf Hitler åleine. I eit diktatur har ikkje folket noko dei skulle ha sagt. Ein diktator er ofte ein brutal og valdeleg leiar. Oligarkar er ei gruppe menneske som styrer diktaturet saman.

Anarki og meritokrati

Nokre land blir styrte som eit anarki. Då blir samfunnet styrt av folk i samarbeid, og ikkje av nokre få utvalde personar. Er du ein av dei med spesielle evner og ferdigheiter? Då kunne du ha styrt i den sjeldne styreforma, meritokrati.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.

Demokratiet i Athen

Berre 10 prosent av innbyggjarane fekk bestemme. Mennene med stemmerett møttest nokre gongar i månaden for å stemme over saker. Dei stemte ved å putte farga steinar i ei krukke. Ingen kvinner eller slavar fekk delta. Var dette då eit demokrati?

Lite kontroll med dei som sat med makta

Politiske parti fanst ikkje, og ingen torde å seie imot. Dei som laga lovene, kunne gjere lovbrot utan å risikere straff. Dette var langt unna det demokratiet vi har i Noreg. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann står i et tempel og snakker med en gruppe menn.
En mann står i et tempel og snakker med en gruppe menn.

Den korsikanske grunnlova

Korsika er ei øy utanfor Italia. I mange år vart folket der styrt av andre land. Folket vart lei av dette og kjempa for å bli frie. Til slutt klarte dei det.

Alle kvinner og menn fekk vere med og bestemme. Det skulle dessverre ikkje vare meir enn 14 år. I 1769 invaderte franskmennene Korsika og fjerna demokratiet.

📷  Hamneområde frå Bonifacio på Korsika.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Havneområde på Korsika med mange båter og en festning.
Havneområde på Korsika med mange båter og en festning.

Demokratia blomstrar

Demokratiet vart ei meir og meir populær styreform på midten av 1800-talet. Fleire utdanna seg og ville vere med og bestemme. Folket ville ikkje bli haldne utanfor politikken. Når mange vel å bruke stemmeretten sin, blomstrar demokratiet.

📷 Her strøymer folk til eit stemmelokale i USA.

 Utviklinga til demokratiet:

  • I 1850-åra fekk nesten alle kvite menn i Amerika stemmerett.
  • I 1962 var det 36 demokrati.
  • Nærmare vår tid forstod fleire og fleire land at demokrati var det beste.

Etter 2. verdskrigen fekk folk større tru på demokratiet. Italia, Tyskland og Japan hadde tapt krigen. Dei hadde vore styrte av brutale leiarar. Folket fekk ikkje vere med og bestemme. Mange land ønskte ikkje slike leiarar og oppretta demokrati. På 2000-talet trudde ein at demokratiet var komme for å bli.

📷  EU er eit døme på eit demokratisk system.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange mennesker på vei i samme retning.
Mange mennesker på vei i samme retning.

Mange demokrati forsvann

Mange meinte at demokratiet var det beste. Likevel var det fleire land som gjekk tilbake til diktatur. Det betyr at éin person bestemmer veldig mykje. Etter 1. verdskrigen (1914-198) forsvann halvparten av demokratia.

📷  Sovjetunionen var eit diktatur under Vladimir Lenin (1917-1924) og Josef Stalin (1924-1953). På bildet ser vi Sovjetunionens flagg som vart brukt mellom 1923-1991.
Sovjetunionens flagg
Sovjetunionens flagg

Korleis går det med demokratiet i dag?

Færre deltek i demokratiske val. Stolar dei ikkje lenger på politikarane? Kva kan grunnen vere til det? Er det ikkje demokrati som skal løyse klimaproblem, stanse krig og hjelpe flyktningar? Er ikkje demokrati den beste styringsforma for alle?

En politikonstabel i forgrunnen med en brennende bil og en folkemengde i bakgrunnen.
En politikonstabel i forgrunnen med en brennende bil og en folkemengde i bakgrunnen.

Korleis får nokon makta?

Før i tida kunne militæret overta makta med eit kupp. Statsleiarar og politikarar vart avsette og fengsla. I dag er ikkje dette så vanleg. Overtaking av makt kan heller skje med intern oppløysing.

Den som vil overta makta, må dermed overtale folk til å støtte dei. Ofte med truslar, løfte og påskjønning. Eit døme på dette er Adolf Hitlers veg til makta på 1930-talet.

Hitler vann makta

Hitler prøvde seg på eit kupp i Tyskland i 1923. Han mislykkast og forstod at han måtte jobbe annleis. Han skapte eit stort og mektig politisk parti. Partiet voks gradvis og fekk 37 prosent av stemmene i 1932. Hitler sanka stemmer ved å seie at han skulle redde folket frå fattigdom og naud. Han hadde funne ein måte å vinne stemmene til folket på. Hitler fekk makta gjennom intern oppløysing.

Riksdagsbrannen

Riksdagsbygningen (Stortinget) i Tyskland begynte å brenne i februar 1933. Før det hadde Hitler allereie vorte statsleiar. Hitlers motstandarar fekk skulda for brannen. Alle parti utanom nazipartiet vart forbodne. No hadde Hitler og partiet hans fullstendig kontroll over Tyskland.

📷  Riksdagsbrannen i 1933.

Utnyttar den økonomiske krisa i landet

Fleire andre land har brukt Hitlers måte å få makt på. Politiske leiarar i Tyrkia, Russland og Nicaragua har utnytta situasjonen i landet. Dei har brukt økonomisk krise, innvandring og misnøye for å vinne val og skaffe seg makt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Riksdagen i Berlin brenner 1933.
Riksdagen i Berlin brenner 1933.

Vegen til makta

Korleis skaffar slike leiarar seg makt gjennom indre oppløysing?

  • Dei tar makt over domstolene. Vel ut eigne dommarar. Då kan ingen dømme dei for noko ulovleg.
  • Dei tek kontroll over media. Får dei til å støtte seg sjølve og skrive negativt om andre. 
  • Endre valreglane. Lagar reglar som gjer at partiet deira vinn.

KvIfor vel ein slike leiarar?

Mange land opplever dårleg økonomi og høg arbeidsløyse. Dei ser inga framtid for seg sjølv eller familien sin. Då er det ikkje noko rart at dei vel politiske leiarar som kan få dei ut av krisa. Vi kallar det å vere populistisk. Då lovar politikarane at alt skal bli betre viss folk stemmer på akkurat dei.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann med dress trekker et sceneteppe med godt vær for å dekke over det dårlige været.
Mann med dress trekker et sceneteppe med godt vær for å dekke over det dårlige været.

Kan vi sjå for oss andre system?

Kan teknologi overta for demokratiet? Er det mogleg for datamaskiner å styre eit heilt samfunn?

Men kan vi stole på maskinene?

Vi kan ikkje stole hundre prosent på teknologi og data. Det skjer feil som kan føre til store konsekvensar. Datamaskiner har heller ingen kjensler. Dei kan derfor ikkje avgjere om noko er moralsk rett eller gale.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Robot står og tenker med med høyre hånd på haka og med vektskåler og en dommerhammer i bakgrunnen.
Robot står og tenker med med høyre hånd på haka og med vektskåler og en dommerhammer i bakgrunnen.

Korleis skal vi få til eit reelt folkestyre?

Vi kan delta i eit demokrati på fleire måtar. I Noreg har vi kommune- og stortingsval. Det blir kalla representativt demokrati. Det er fordi vi vel kva politikarar som skal representere meiningane våre. Men dei representerer ikkje berre deg. Det er mange som har stemt på den same politikaren. Då må vedkommande ta omsyn til mange andre sine meiningar.

Folkeavstemmingar

Ein annan måte å delta på er ved direkte demokrati. Det er ei folkeavstemming der alle kan bestemme om ei konkret sak. Eit døme er når vi i 1972 og 1994 skulle velje om Noreg skulle bli medlem av EU (i 1972 heitte det EF).

Direkte demokrati

Tenk deg at du skulle vere med og styre samfunnet saman med alle i Noreg. Det kan vere vanskeleg. Det vil vere mange saker å lese og setje seg inn i. Du må vere med og ta avgjerder om mange vanskelege ting. Hadde du klart det? Teknologi kunne kanskje hjelpt deg, men ikkje utan problem.

Ei digital utgåve av deg sjølv

Kva om du fekk ei digital utgåve av deg sjølv – ein avatar? Det skulle vere din digitale «stortingsrepresentant». Avataren måtte då kjenne haldningane og verdiane dine. Alle avgjerder han tok, var baserte på meiningane dine. Då ville vi ha sloppe å velje ein politikar som skulle avgjere noko på vegner av veldig mange.

Verkar ikkje tanken om ein avatar freistande? Heilt sikkert, men teknologien har ikkje komme langt nok. Kven skulle ha programmert og halde ved like avataren? Kven skulle sikre han mot angrep utanfrå? Kunne vi stolt på at han alltid meinte det same som du?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Syv avatarer sitter på stoler i en ring og samtaler med hverandre.
Syv avatarer sitter på stoler i en ring og samtaler med hverandre.

Demokratiet som styreform

Til no i historia har det ikkje vore to demokrati som har kriga med kvarandre. Det viser at demokrati er den beste styreforma vi har så langt. Det åleine burde vere nok til å verne det. Kva anna med demokratiet gjer det verdt å ta vare på, tenkjer du?

For å verne det må folk vise interesse og delta. Det er alle sitt ansvar.

Stortinget
Stortinget

Demokrati i verda

Grafen viser ulike styreformer i verda frå 1789 til 2021.

Liberale demokrati: Demokratiske val der folket vel kven som skal styre landet. Eit liberalt demokrati handlar om at kvart menneske har mange rettar.

Valde demokrati: Det blir halde demokratiske val. Her har ikkje folket like mange rettar som i liberale demokrati.

Valde autokrati: Innbyggjarane får delta i val, men får ikkje lov til å ha eigne meiningar. Då kan valet verke meiningslaust. 

Lukka autokrati: Innbyggjarane får ikkje delta i noko val på dei politiske leiarane i landet.

Kjelder:

 

  • Thorsen, Dag Einar: autokrati i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/autokrati
  • Gursli-Berg, Gunhild: Leviathan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/Leviathan
  • Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/demokrati
  • Holm-Hansen, Jørn; Berg, Ole T.: oligarki i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/oligarki
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. OWID