KROPP OG SEX MED EIRIK:

Kva er valdtekt?

EIt nei er eit nei. Du har ikkje lov å gjere noko andre ikkje vil.

Så enkelt kan det seiast. I røynda er det ikkje så enkelt. Det gjer det så vanskeleg. Det verkar så enkelt når vi snakkar om det. Men annleis når du er i situasjonen.

Alle er samde om kva som ikkje er lov

Du kan ikkje ta nokon i skrittet utan lov. Eller på rumpa eller puppane. Ikkje heller kysse nokon som ikkje vil smake tunga di.

Ikkje ta handa ned i buksa på nokon som ikkje vil. Eller under genseren. Eller behåen. Alle veit det. Vi er samde om det. Likevel skjer det. Så kvifor?

To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Den spennande festen

Den første seksuelle opplevinga hender for dei fleste på fest. Den første kysset ditt. Bli teken på. Og teken på stader du berre har drøymt om. De ligg oppå kvarandre. Med klede. Berre litt klede. Kanskje nakne.

Første gongen du har drukke

De har mest sannsynleg drukke. Litt nervøse. De har ikkje gjort dette før. Alkohol gjer det lettare å snakke. Få meir sjølvtillit. Våge meir. Med hendene dine. Kroppen din. Du er ikkje heilt den same.

Alkohol forandrar deg

Det kjem ikkje berre av alkoholen. Du er kåt. Du tek jo på ein du liker. På stader du berre har drøymt om. Hjartet bankar fort. Du lukkar kanskje auga. Meir brå rørsler. Du høyrer dårlegare. Går inn i deg sjølv. Det er godt. Det kjennest bra og er spennande. Du er ikkje deg sjølv. Det kjennest som fridom. Du er på ein annan stad. Ute av deg sjølv. Djupt inni deg sjølv. Langt borte.

Eit nei er eit nei. Du har ikkje lov å gjere noko andre ikkje vil.

Då er det ikkje like enkelt

Klarer du å sjå den andre? Høyre det som blir sagt? Merke den andre sine rørsler? Det var så enkelt då de snakka om det på skulen. Med venner. Men då var du ikkje full. Og kåt. Og på eit heilt annan stad.

Den andre ville kysse. Ville de skulle halde rundt kvarandre. Ville de skulla liggje i undertøyet. Du håpar på meir. Du prøvar deg. Legg handa på ein annan stad. Stikk handa inn under trusa.

Så korleis vite om den andre ikkje vil?

Det verka heilt greit der og då

Du tek av deg. Legg deg oppå. Meir brå rørsler. Bestemte. Du er kåt og full. Du er djupt inne i deg sjølv. Du lukkar auga. Høyrer dårleg. Du er ikkje deg sjølv.

Det er over. Og du tenkjer ikkje meir på det.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.

Men etterpå er det annleis

Etterpå får du høyre at den andre ikkje ville. Ikkje med éin gong. Kanskje går det ein dag. Ei veke. Ein månad. Du høyrer andre seie det alvorlege ordet. Valdtekt.

Du er ikkje slem. Er ikkje sånn. De kjende jo kvarandre. Kyssa. Klinte. Kledde av dykk. Nesten alt. Gjekk til det same rommet. La dykk i den same senga. Kva skjedde? Kven ville ikkje?

Kva vil det seie å seie nei?

Korleis seie nei? Må ein bruke ordet? Gjenta det mange nok gongar? Blir det høgt nok sagt? Kan kroppen snakke? Ved å presse knea saman? Liggje heilt stille? Eller må ein gå for at det ikkje skal skje noko?

Du er ikkje lik deg sjølv. Den andre blir redd. Betyr det å liggje heilt i ro og vere stille eit ja?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet

Kva er det eigentleg som er straffbart?

Valdtekt er å bruke vald eller å true med vald. Det er for å få den andre til å liggje stille. Slik at ein kan kan fullføre eit samleie. Ein må vite at det er valdtekt for å bli dømd. At den andre ikkje ville. Men du gjer det likevel. Du slår. Kveler. Luggar. Held fast. Eller seier at du skal slå. Eller drepe.

Det høyrest ille ut. Det er det òg . Derfor er det uvanleg at det skjer i Noreg. Det verkar som det er dette vi snakkar om når vi seier at eit nei er eit nei. Du har ikkje lov å gjere noko andre ikkje vil.

Kva vil det seie å bruke vald?

Var dei brå og bestemte rørslene dine vald? Då du vart meir ivrig og la deg oppå?

Kva vil det seie å vere for full?

Kva om den andre ikkje klarte å seie nei? Sov eller var for full. Du bruker ikkje vald. Men det er valdtekt.

De drakk like mykje. Var like fulle. De gjekk på eigne bein inn i rommet.

De skulle berre sove. Seier ikkje alle det? Det skulle ikkje skje noko. Seier ikkje alle òg det?

Den vonde kjensla

Lova kan seie at det ikkje er straffbart. Det betyr ingenting. Kjensla etterpå er lik.

Så vanskeleg er det.

Om den andre blir straffa eller ikkje, er kanskje ikkje viktigast. Å hjelpe er viktigast. Så ein kan bli kvitt opplevinga. Det vil ta lang tid. Men det er mogleg.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En klubbe brukt i rettsaker
En klubbe brukt i rettsaker

Kor går du etterpå?

Politiet

Du kan gå til politiet. Eller ringe til dei. Få sett ord på det. Fortalt historia di. Ikkje gøyme henne bort. Du eig di eiga sanning. Du får hjelp til vegen vidare.

Går du til politiet, vil du få hjelp. Dei sender deg til nokon du kan snakke med. Om alt som skjedde.

Du kan ringje. Mange kan og vil hjelpe deg. Kanskje kjennest det som ein umogleg telefon å ta. Kva skal du seie? Kanskje veit du ikkje heilt kva som skjedde. Den du får snakke med, har fått slike telefonar før. Mange gongar. Du er ikkje åleine. Dei veit kva dei skal seie. Kvar dei skal begynne. Det er trygt å ringje.

Alarmtelefonen for barn og unge

Legevakta

Du kan reise til Legevakta. Eller ringje. Mange har overgrepsmottak. Det kan være eit år siden. Dei vil uansett snakke med deg. Gi deg tid. Følgje deg opp. I ditt tempo.

Advokat

Du snakke med ein advokat. Heilt gratis. Det blir kalla for bistandsadvokat. Her får du hjelp. Dei kan ringje politiet for deg. Avtale tid du skal komme. Fortelje kva som skjedde. Forklare deg korleis alt hos politiet går føre seg. Dei vil vere der saman med deg.

Venn eller familie

Du kan fortelje det til ein venn.
Til familien din.
Å ikkje fortelje det til nokon. Det er det einaste du ikkje skal gjere.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tre personer, to som trøster den tredje.
Tre personer, to som trøster den tredje.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Foto: Jon Kristian Andresen
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.