KROPP OG SEX MED EIRIK:

Kva er valdtekt?

Du har ikkje lov til å gjere noko med ein annan, viss den andre ikkje vil.

Så enkelt kan det seiast, men så enkelt er det ikkje i røynda. Det er dette som gjer det så vanskeleg. Det verkar så enkelt når vi snakkar om det, men når du er i situasjonen, er det noko heilt anna.

Alle er samde om kva som ikkje er lov

Du kan ikkje ta nokon i skrittet viss dei ikkje ønskjer det. Eller på rumpa. Eller på puppane. Du kan heller ikkje kysse nokon som ikkje vil smake tunga di.

Du kan ikkje stikke handa ned i buksa på ein person som ikkje vil det. Eller under genseren. Eller behåen. Dette veit alle. Dette er alle samde om. Likevel gjer vi det.  Så kvifor skjer det?

To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Den spennande festen

Dei aller fleste har sine første seksuelle erfaringar i samband med ein fest. Det kan vere alt frå ditt første kyss. Til å bli teken på. Til at du tar på den andre på stader du berre har drøymt om. De ligg oppå kvarandre. Med klede. Med berre litt klede. Kanskje heilt nakne.

Første gongen du har drukke

Sannsynlegheita er stor for at de har drukke. De er jo nervøse. De har ikkje gjort dette før. Det blir lettare å snakke då. Du får meir sjølvtillit. Du våger meir. Med hendene dine. Med kroppen din. Du er ikkje heilt den same.

Alkohol forandrar deg

Men det kjem ikkje berre av alkoholen. Du er kåt. Du tar jo på ein annan. Som du liker. På stader du berre har drøymt om. Hjartet ditt bankar fort. Du lukkar kanskje auga. Rørslene dine blir meir brå. Du høyrer dårlegare. Du forsvinn inn i deg sjølv. Fordi det er godt. Fordi det kjennest bra. Og det er spennande. Du er ikkje lenger deg sjølv. Det kjennest som fridom. Du er på eit annan stad. Ute av deg sjølv. Djupt inne i deg sjølv. Langt borte.

Du har ikkje lov til å gjere noko med ein annan, viss den andre ikkje vil.

Då er det ikkje like enkelt

Kor enkelt er det no å sjå den andre? Høyre kva som blir sagt? Fange opp den andre sine rørsler? Det var så enkelt då du snakka om dette på skulen. Med venner. Men då var du ikkje full. Og kåt. Og på ein heilt annan stad.

Den andre ville kysse. Den andre ville at de skulle halde rundt kvarandre. Den andre ville ta av seg til undertøyet. Men du håpar at meir skal skje. Du prøver deg. Du legg handa på ein annan stad. Du stikk handa inn under trusa.

Så korleis veit du om den andre ikkje vil dette?

Det verka heilt greit der og då

Du tek av deg. Du legg deg oppå. Rørslene dine blir meir brå. Meir bestemte. Du er kåt. Du er full. Du er djupt inne i deg sjølv. Du lukkar auga. Du høyrer dårleg. Du er ikkje deg sjølv.

Når det er over, tenkjer du ikkje noko over det.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.

Men etterpå er det annleis

Så får du høyre etterpå at den andre eigentleg ikkje ville. Kanskje ikkje rett etterpå. Kanskje går det ein dag. Kanskje ei veke. Ein månad. Du høyrer det alvorlege ordet frå nokon andre. Valdtekt.

Du er ikkje slem. Du er ikkje sånn. De kjende jo kvarandre. De kyssa. Klinte. Kledde av dykk. Nesten alt. Gjekk inn på det same rommet. La dykk i den same senga. Så kva skjedde? Kven var det som ikkje ville?

Kva vil det seie å seie nei?

Korleis kan den andre seie nei? Må den andre bruke ordet? Gjenta det mange nok gongar? Må det seiast høgt nok? Kan kroppen snakke? Ved å halde knea pressa saman? Ligge helt i ro? Eller må den andre gå for at det ikkje skal skje noko?

Kva viss den andre blir redd, fordi du ikkje lenger er den same? Er det eit ja å ligge heilt i ro og vere still?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet

Kva er det eigentleg som er straffbart?

Valdtekt er å bruke vald eller å true med vald for å få den andre til å liggje heilt i ro. Eller nok i ro. Slik at det går an å gjennomføre eit samleie. For å bli dømt for valdtekt, må ein vite at ein voldtar. Altså at den andre ikkje ville det. Men du gjer det likevel. Du slår. Kveler. Luggar. Held fast. Eller seier at du skal slå. Eller drepe.

Det høyrest ekstremt ut. Og er det óg. Derfor er det uvanleg at slike hendingar er så tydelege i Noreg. Det verkar som det er dette vi snakkar om når vi seier: Du har ikkje lov til å gjere noko med ein annan, viss den andre ikkje vil.

Kva vil det seie å bruke vald?

For var det vald det som skjedde då rørslene dine vart meir brå? Meir bestemte? Då du vart meir ivrig og la deg oppå?

Kva vil det seie å vere for full?

Det kan òg vere valdtekt sjølv om du ikkje bruker vald. Viss den andre var ute av stand til å seie nei. Det betyr at den andre sov. Eller var for full til å røre seg.

Men du var òg full. De drakk like mykje. Den andre kunne gå sjølv. Du måtte ikkje bere vedkommande. Det vart sagt at de berre skulle sove, men det seier jo alle. At det ikkje skulle skje noko. Men det seier jo òg alle.

Den vonde kjensla

Det betyr ingenting om det som har skjedd er straffbart etter lova. Kjensla etterpå er den same. Så vanskeleg er det.

Til slutt er det heller ikkje det viktigaste om den andre blir straffa for det. Den som har opplevd det, må få hjelp til å leve med det. Og til sist bli kvitt det. Det er mogleg. Men det tek lang tid.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En klubbe brukt i rettsaker
En klubbe brukt i rettsaker

Kor går du etterpå?

Politiet

Du kan gå til politiet. Du får sett ord på det. Fortalt historia di. Det er sagt, og ikkje gøymt bort. Du eig di eiga sanning. Det står ikkje og fell på deg lenger kva som skjer vidare. Du kan òg ringje politiet. Dei vil gjere ein avtale med deg. Nokon som jobbar med dette, vil ringje deg tilbake.

Går du til politiet, vil du få hjelp til å omarbeide alt det som skjedde. Ikkje av politiet, men av andre som du blir sett i kontakt med.

Du kan ringe. Det er mange som kan og vil hjelpe deg.  For deg kjennest det kanskje som ein umogleg telefon å ta. Kva skal du seie? Kanskje du heller ikkje heilt veit kva som faktisk skjedde. Men den som svarer, har fått den same telefonen før. Mange gonger. Du er ikkje åleine. Dei veit kva dei skal seie. Kor dei skal begynne. Det er trygt å ringje.

Alarmtelefonen for barn og unge

Legevakta

Du kan reise til Legevakta. Eller du kan ringje. Mange legevakter har overgrepsmottak. Det treng ikkje å ha skjedd i dag. Det kan ha skjedd for eit år sidan. Dei kjem til å snakke med deg. Gi deg tid. Følgje deg opp. I ditt tempo.

Advokat

Du kan ta kontakt med ein advokat. Utan å betale for det. Då blir det kalla for bistandsadvokat. Det er ein person som skal hjelpe deg. Dei kan ringje politiet for deg. Avtale ei tid der du kjem og fortel kva som skjedde. Dei vil forklare korleis alt går føre seg hos politiet før du møter opp. Dei vil vere der saman med deg.

Venn eller familie

Du kan fortelje det til ein venn.
Til  familien din.
Det einaste du ikkje skal gjere, er å ikkje fortelje det til nokon.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tre personer, to som trøster den tredje.
Tre personer, to som trøster den tredje.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Foto: Jon Kristian Andresen
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.