KROPP OG SEX MED EIRIK:

Kva er valdtekt?

Eit nei er eit nei. Du har ikkje lov å gjere noko andre ikkje vil. 

Er det så enkelt? Det kan verke enkelt når vi snakkar om det. Men kva når du er i situasjonen? Er det like enkelt då?

Alle er samde om kva som ikkje er lov

Det er ulovleg å kysse nokon utan lov. Ta nokon i skrittet eller under genseren. På rompa eller behåen. Alle er samde. Alle veit det. Likevel skjer det. Kvifor?

To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Den spennande festen

Ditt første kyss. Kjærteikna. Liggje oppå kvarandre. Ta på staden frå draumane. Kanskje med klede. Litt klede. Eller nakne. Dette startar ofte på fest.

Første gongen du har drukke

De er nervøse. Redde for dette nye. Sjansen er stor for at de har drukke. Det blir lettare å prate. Du får meir sjølvtillit. Vågar meir. Med heile deg. Du er ikkje deg sjølv.

Alkohol forandrar deg

Kroppen din reagerer. Det er ikkje berre alkoholen si skuld. Du tar på stader du berre har gjort i draume. Hjartet slår fort. Auga er lukka. Du er kåt. Meir brå rørsler. Du høyrer mindre. Går inn i deg sjølv. Du er fri. Langt borte i eiga verd. Det er godt og kjennest bra.

Eit nei er eit nei. Du har ikkje lov å gjere noko andre ikkje vil.

Då er det ikkje like enkelt

Høyrer du kva den andre seier då? Ser og merkar rørsler? Då de snakka om det. På skulen. Med venner. Då var det enkelt. No er du full og kåt på fest.

De kyssar. Held rundt kvarandre. Ligg berre med undertøy på. Du håpar på meir. Og prøver deg. Tek handa ned i trusa.

Når veit ein om den andre vil?

Det verka heilt greit der og då

No er du naken òg. Legg deg oppå. Meir brå rørsler. Bestemte. Kåt. Full. Du er ikkje deg sjølv. Du høyrer dårleg. Er i di eiga verd.

Det er over. Og du tenkjer ikkje meir på det.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.

Men etterpå er det annleis

Så går det ein dag. Ei veke. Ein månad. Så får du høyre eit alvorleg ord. Valdtekt. Den andre ville eigentleg ikkje.

Tankane surrar. Du er ikkje sånn. Ikkje slem. Kva skjedde? De klinte. Gjekk inn på same rommet. La dykk i same senga. Var nesten nakne. Kven ville ikkje?

Kva vil det seie å seie nei?

Korleis seie nei? Må ein bruke ordet? Seie det høgt mange gongar? Når den andre ligg heilt stilt. Pressar knea saman. Prøver kroppen å seie noko då? Må ein gå ut av rommet så det ikkje skjer noko?

Du er ikkje den same. Den andre blir redd. Ligg heilt i ro. Betyr det ja?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet

Kva er det eigentleg som er straffbart?

Kva er valdtekt? Det er å bruke makt og true seg til sex. Du må vite at det var valdtekt for å bli dømd. Den andre ville ikkje. Men det skjer. Du held fast. Slår eller truar med det. Luggar. Kveler. Truar med å drepe.

Høyrest ikkje dette fælt ut? Det er det òg. Det er ikkje så vanleg i Noreg. Veit vi meir at eit nei er eit nei og at du ikkje har lov å gjere noko andre ikkje vil?

Kva vil det seie å bruke vald?

Dei brå rørslene dine. Meir bestemte. Då du ivrig la deg oppå. Var det vald?

Kva vil det seie å vere for full?

Kva om den andre ikkje klarte å seie nei? Sov eller var for full. Du bruker ikkje vald. Men det er valdtekt.

De drakk like mykje. Var like fulle. De gjekk på eigne bein inn i rommet.

De skulle berre sove. Seier ikkje alle det? Det skulle ikkje skje noko. Seier ikkje alle òg det?

Den vonde kjensla

Straffbart eller ikkje. Det betyr ikkje noko. Du kjenner deg like dårleg.

Så vanskeleg er det.

Går det an å leve med det? Bli kvitt kjensla? Sjølv om den som har valdteke, ikkje får straff? Svaret er ja. Med hjelp. Det tek lang tid. Men det går an.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En klubbe brukt i rettsaker
En klubbe brukt i rettsaker

Kor går du etterpå?

Politiet

Det er viktig at du får fortelje. Det er di sanning. Du eig henne. Politiet vil høyre på deg. Du kan anten gå dit eller ringje dei. Då kan de avtale vidare kva som skal skje.

Du vil få hjelp uansett om du går til politiet eller ringjer. Politiet vil òg finne nokon du kan snakke med.

Det er ikkje alltid lett å vite kva ein skal seie. Korleis seie det. Kanskje hugsar du ikkje alt. Slapp av. Den du snakkar med, har høyrt det før. Mange gongar. Du er ikkje åleine. Dei vil skape tryggleik. Hjelpe deg å snakke.

Alarmtelefonen for barn og unge

Legevakta

Du kan ringje eller dra til legevakta. Må det ha skjedd i dag? Nei. Dei vil snakke med deg når som helst. Fleire gongar. Når det passar deg. Gi deg tid.

Advokat

Ein advokat kan òg hjelpe. Det er gratis. Det blir kalla bistandsadvokat. Hen ordnar alt med politiet. Lagar avtalar. Fortel sanninga di. Forklarer deg kva som vil skje vidare. Dei er òg med deg der.

Venn eller familie

Ein venn er god å fortelje det til.
Eller til familien din.
Det er éin ting må du ikkje må gjere, og det er å halde det for deg sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tre personer, to som trøster den tredje.
Tre personer, to som trøster den tredje.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Foto: Jon Kristian Andresen
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.