Dødsmoderne

Kor viktig er det for deg å vere moderne? Hadde du vore villig til å ofre helsa di for å følgje ein trend? Lær kor livsfarleg det er å følge moten gjennom historia.

Accessibility icon Dødsmoderne

Trendar gjennom tidene

Kanskje du tenkjer at mote er noko nytt? At det er noko som kom då vi fekk tv og internett? Vel, menneske over heile verda har vore opptekne av mote i mange hundre år. Mykje er fint og gøy. Noko er rart. Og noko har vore kjempefarleg!

Sjå ut som ei blautkake

Viss du var ei rik kvinne i Frankrike på 1700-talet, var det moderne å sjå ut som ei blautkake. Kjolen skulle vere kjempestor! Du skulle vere veldig tynn rundt livet, ha bleik hud og ha veldig høgt hår. Det var ikkje lett å sjå sånn ut. Og ikkje var det særleg sunt heller.

 

Tek pusten frå deg

For å få ei smal midje måtte ein bruke korsett under kjolen. Korsettet vart festa, og så vart det stramma veldig hardt saman. Dette var både vondt og dumt. Korsettet vart stramma så hardt at det var vanskelig å puste. Ofte var det så vanskeleg å puste at damene besvimte! Nokre gongar vart det stramma så hardt at ribbein vart brotne, og det kunne til og med punktere lungene.

10 farlege trendar 

Giftig sminke

I dag er det moderne med sunn og frisk hud. På 1700-talet skulle huda di sjå ut som du aldri trong å vere ute i sola og jobbe: Bleik! Dess kvitare hud, dess rikare var du. Ein smurde ansiktet med eggekvite og eddik, og ofte med ei blanding av giftige stoff som bly og arsenikk. Dette kunne du bli skikkeleg sjuk av. Hud og tenner vart øydelagde.  Dessutan var det kjempefarleg for alle menn som kyssa damene på kinnet – dei fekk nemleg også gift i seg.

 

Sminka til dronning Elisabeth

Smør og sukker i håret

Det var ikkje berre kjolen som skulle vere stor. Håret skulle også vere stort og høgt. Spesielle hårkunstnarar smurde inn håret med smør og sukker og la det rundt metallpinnar. Så pudra ein håret kvitt med meir giftig pulver. Til slutt pynta ein det med blomstrar og fuglar. For at sveisen skulle halde seg fin, kunne ein ikkje vaske håret. Dermed stinka det!

Rotter i håret?

Sjølv om håret stinka, så syntest rotter og mus at det lukta deilig. På natta ville dei gjerne inn og ete litt av den deilige sukker – og smørblandinga. Somme fekk laga eit bur til håret som dei kunne sove med om natta. Ganske ekkelt? Men det viktigaste var å vere moderne og vakker om dagen.

Kjolen din brenn!

Sånn! Korsettet er på, håret ordna og ansiktet sminka. No er det på tide med kjolen. Mange, mange lag med silke og musselin vart lagt oppå mange lag med underskjørt. Seinare laga nokon underskjørt av metall.  Det vart nemleg veldig varmt under alle laga med skjørt. Det dumme var at metallskjørtet gjorde kjolen om til ei slags pipe – kom ein borti eit levande lys, kunne heile kjolen ta fyr på eit blunk!

Høge kragar

Det var ikkje berre damene som gjorde mykje rart for å vere moderne. Menn skulle også ha store parykkar og bleik hud. Dei slapp korsetta, men ein annan mote gjorde det vanskeleg å puste for mennene. På slutten av 1800-talet var det nemleg moderne med høge, stive kragar på skjortene. Desse vart kalla «fadermordar»- dei var så høge og stive at viss du sovna med han på, så kunne du bli kvelt.

 

  Sir Walter Raleigh (1552–1618) var ein poet, skribent og oppdagingsreisende, og ein av dei mest kjende profilene frå den elisabethanske tida (tida då Elisabeth I var dronning av England, 1558–1603).

Moten i dag

I dag er det ikkje like farleg å vere moderne som for 300 år sidan. Likevel kan det dukke opp trendar som enkelte meiner er usunne og farlege. Framleis er det ganske mange som går ganske langt for å vere moderne: Artisten Lady Gaga hadde i 2010 ein kjole som var laga av kjøt. Mange andre kjendisar har også blitt kritiserte for måten dei har endra utsjånaden sin på for å passe inn i ein trend.

 

Å vere seg sjølv

På 1700-talet brukte ein skinn frå mus for å få mørke augebryn. På 1960-talet tatoverte ein på bryn, og på 1990-talet barberte ein vekk augebryna og teikna dei på med sminke. Tidene endrar seg, og det gjer moten også. Noko som var kjempekult for nokre år sidan, synest vi er kjemperart i dag. Kor viktig er det for deg å vere moderne? Kvar tenkjer du grensa går for kva du ville gjort berre fordi det var moderne?

Livsfarleg mote 

Kjelder:

  • Historie & vitenskap 2 (2020)
    Orage Forlag AS
  • Revelist.com (21.09.2020): The 7 most deadly beauty trends of all time 
    https://www.revelist.com/makeup/poisonous-beauty-ingredients/1070

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. SciShow – YouTube
    5. Getty Images
    6. English Heritage – YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Krinoline: Ukjent / Foto: Hugo Maertens (CC BY-SA 3.0)
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. As/Is – YouTube