Drivhuseffekten – nøkkelen til jordas klima

Utan drivhuseffekten ville jorda vore ein iskald og livlaus planet med ein gjennomsnittstemperatur på rundt −18 °C. Men med naturlege drivhusgassar i atmosfæren har vi eit klima som gjer det mogleg å leve på jorda. Utfordringa i dag er at mengda drivhusgassar aukar på grunn av måten vi lever og bruker jorda på, og dette skaper ubalanse.

I denne artikkelen skal vi sjå nærare på kva drivhuseffekten er, korleis han fungerer, kvifor det angår oss alle, og kva vi kan gjere med det.

Kva er drivhuseffekten?

Drivhuseffekten er ein atmosfærisk prosess der visse gassar fungerer som eit slags isolerande teppe rundt jorda.

Sollyset, som er kortbølga stråling, slepper stort sett uforstyrra inn gjennom atmosfæren. Når sollyset treffer jordoverflata, blir ho varma opp og sender tilbake energi i form av langbølga varmestråling. Denne varmestrålinga blir fanga opp av gassar i atmosfæren, gassar som vi kallar drivhusgassar.

Atmosfæren fungerer som ein varmerekneskap, og drivhusgassane er sjølve kontrollknappen som avgjer kor mykje av jordas varmestråling som slepper ut igjen til verdsrommet. Utan drivhusgassane ville middeltemperaturen vore rundt −18 °C; med dei ligg han nær +15 °C.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Drivhuseffekten med illustrasjonen av jorden og solen
Drivhuseffekten med illustrasjonen av jorden og solen

Drivhusgassane

Sjølv i små mengder har drivhusgassane stor effekt, fordi dei selektivt absorberer langbølga varmestråling som bakken sender ut. Når vi menneske aukar nivået av langliva drivhusgassar som CO₂, CH₄ og N₂O, blir balansen forskoven og meir varme blir verande i klimasystemet.

Vassdamp er den største bidragsytaren til den naturlege drivhuseffekten, men han blir i hovudsak styrt av temperaturen og forsterkar derfor endringar som andre gassar set i gang. Dette blir kalla positiv tilbakekopling.

Dei viktigaste drivhusgassane er:

Vassdamp (H2o)
Karbondioksid (CO2)
Metan (CH4)
Lystgass (N2o)
Ozon (O3)

Det som gjer desse gassane til drivhusgassar, er som nemnt over,  at dei absorberer langbølga varmestråling som jorda sender ut etter å ha vorte varma opp av sola.

I motsetning til gassar som nitrogen og oksygen, kan drivhusgassane halde på denne varmen og sende noko av han tilbake mot jordoverflata, noko som bidreg til å halde oppe ein stabil temperatur på jorda.

La oss bli litt betre kjende med desse gassane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...