Drivhuseffekten med illustrasjonen av jorden og solen
Kva for gassar skaper drivhuseffekten?
Dei viktigaste drivhusgassane er:
- Vassdamp (H2O)
- Karbondioksid (CO2)
- Metan (CH4)
- Lystgass (N2O)
- Ozon (O3)
Vassdamp er den mest naturleg forekommande gassen, men mengda CO2, metan og lystgass har auka kraftig på grunn av aktivitetar som forbrenning av olje, kol og gass, jordbruk og avskoging.
Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia
Kva kan vi gjere?
- Redusere utslepp ved å bruke fornybar energi.
- Fange og lagre CO2 frå industriprosessar.
- Tilpasse oss endringane med smartare byplanlegging og naturbaserte løysingar.
- Delta i internasjonalt samarbeid som Parisavtalen.
Sjølv om klimaendringar er eit stort problem, kan vi som enkeltpersonar framleis gjere viktige ting. Vi kan til dømes bruke bilen mindre og heller gå, sykle eller ta buss når det er mogleg. Det hjelper også å ete litt mindre kjøtt og prøve å kaste mindre mat, fordi matproduksjon slepper ut mykje klimagassar. I staden for å kjøpe mykje nytt, kan vi reparere, låne eller kjøpe brukt. Når mange gjer små endringar, blir det stor forskjell.
Hustak med solceller
Oppsummering
Drivhuseffekten er avgjerande for at jorda er leveleg, men når balansen blir forstyrra, påverkar det heile klimasystemet: atmosfæren, havet, isen og økosystema. Kunnskap om drivhuseffekten hjelper oss å forstå kvifor klimaet endrar seg, og kva vi kan gjere for å avgrense skadane. Dette angår oss alle – ikkje berre som geofagelevar, men som innbyggjarar på jorda.
Kjelder:
Bjerknessenteret for klimaforskning. (2025). Drivhuseffekten og jordens klima. Henta frå https://www.bjerknes.uib.no/laer-om-klima-2/faktasider/drivhuseffekten-og-jordens-klima
CICERO Senter for klimaforskning. (2015). Direkte målt: Drivhuseffekten øker Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/direkte-malt-drivhuseffekten-oker
FNs klimapanel (IPCC). (2021). Sixth Assessment Report (AR6). Henta frå https://www.ipcc.ch/report/ar6/wg1/
IPCC. (2021). Climate Change 2021: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Sixth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Cambridge University Press.
Meteorologisk institutt. (2024). Hva er AMOC og hva betyr det at den kan kollapse. Henta frå https://www.met.no/nyhetsarkiv/hva-er-amoc-og-hva-betyr-det-at-den-kan-kollapse
National Geographic Society. (2022). Earth’s systems. Henta frå https://education.nationalgeographic.org/resource/earths-systems/
NASA Earth Observatory. (2023). Earth’s spheres and their interactions. Henta frå https://earthobservatory.nasa.gov
NASA (u.å) The causes of climate change. Henta frå https://science.nasa.gov/climate-change/causes/
NOAA Climate.gov. (u.å.). Thermohaline circulation Henta frå https://oceanservice.noaa.gov/education/tutorial_currents/05conveyor1.html
Norsk Klimaservicesenter (2015) Klima i Norge 2100. Henta frå https://klimaservicesenter.no/kss/rapporter/kin2100
SNL (2023). Den termohaline sirkulasjonen. Henta frå https://snl.no/den_termohaline_sirkulasjonen
SNL 2025. Klimamodeller Henta frå https://snl.no/klimamodeller
SNL 2025. Drivhuseffekten Henta frå https://snl.no/drivhuseffekten