Dronning av ei verd i endring

Fra Dronning Elizabeth II vart fødd i 1926, og fram til ho døde i 2022, gjekk utviklinga i ein rasande fart. Kva endringar gjekk verda gjennom i den britiske dronninga si levetid?

Accessibility icon Dronning av ei verd i endring

Eit hundreår i forvandling

Dronning Elizabeth II av Storbritannia levde i 96 år. Av desse var ho regent i 70. I løpet av hennar lange liv gjennomgjekk verda enorme forandringar.

Då Elizabeth vart fødd i 1926, var det nok ikkje mange som kunne førestelle  seg korleis verda kunne bli, og  verkelegheita kom til å overgå draumane og fantasiane til dei fleste. Vi har landa på månen, skapt atombomber som kan utslette heile kloden, og vi har fått heile verda i lomma med hjelp av smarttelefonar.

Vi kan no sjå tilbake på eit hundreår der verda har gjennomgått enorme endringar. Her følgjer nokre av dei forandringane dronninga både deltok i og var vitne til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser

Sola gjekk ned over det britiske imperiet

Elizabeth II vart fødd då det britiske imperiet var det største i verda. På 1920-talet omfatta imperiet ein fjerdedel av verdas befolkning, og det dekte en tredjedel av verdas totale landområde. Det vart derfor sagt at sola aldri gjekk ned over det britiske imperiet. Etter to verdskrigar gjekk det sakte, men sikkert mot slutten for imperiet.

Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!