Dyr i regnskogen
Regnskogen husar over halvparten av dyreartene til jorda, og forskarane veit at det finst tusenvis av artar vi enno ikkje har oppdaga!
Regnskogen er heim for meir enn halvparten av alle dyreartane i verda.
Forskarane veit at det finst tusenvis av artar vi ennå ikkje har oppdaga. Insekt er den største dyregruppa i regnskogen. Dyra konkurrerer om mat og ly, og mange artar er trua eller allereie utdøydde.
En fargerik sommerfugl i regnskogen
Pattedyr
Det er mange ulike pattedyr som likar seg i den varme, fuktige vegetasjonen eller i dei kjølige elvene i regnskogen. Her bur det alt frå små trespissmus og villsvin til enorme nashorn og elefantar. Det finst også apar og lemurar. Dei er nokre av dei smartaste dyra på kloden. Nokre regnskogdyr er sjenerte og løyndomsfulle. Andre regnskogdyr, som tiger og puma, er skumle rovdyr.
Fugleliv
Regnskogen husar fleire fugleartar enn nokon annan stad på jorda. Tusenvis av fuglar skrik og flaksar rundt i tretoppane. Her finn ein blant anna fargerike papegøyar, hornfuglar og tukanar. Det finst også rovfuglar som ørner, våkar og gribbar. Nokre fugleartar trekkjer til regnskogen om vinteren og reiser tilbake til kjøligare strøk om våren og sommaren.
Småkryp
Dei fleste av dyra i regnskogen er virvellause dyr. Virvellause dyr manglar ryggrad. Døme på desse er insekt (som sommarfuglar, maur og biller), edderkoppdyr (som edderkoppar, tusenbein og skorpionar) sniglar og mark. Ein trur at det finst 2,5 millionar insektartar i regnskogen. Nokre er svære, som nashornbilla, medan andre er så små at dei nesten er usynlege.
Øyestikker fra Costa Rica sitter på et blad
Maur som bærer med seg blader
Den unike regnskogen
Regnskogar er veldig spesielle stadar kor det lever enormt mange ulike plantar og dyr. Dette er det eldste og frodigaste økosystemet i verda.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
Kjelder
- Junior vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
- Regnskogfondet (20.08.2020)
https://www.regnskog.no/
- Hjermann, Dag Øystein; Larsen, Henning: regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/regnskog
- WWF (20.08.2020): Nordlige regnskoger
https://www.wwf.no/dyr-og-natur/skog-og-regnskog/skog/nordlige-regnskoger
- Hjermann, Dag Øystein: temperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog
- FN (20.08.2020): Regnskog
https://www.fn.no/Tema/klima-og-miljoe/Regnskog
- NRK (20.08.2020)
www.nrk.no/skole
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / NRK Skole
-