Eg trur ikkje mine eigne auge!
Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom mange sansar. Vi ser, høyrer, føler, smaker, luktar - men kan vi stole på sansane? Kan vi tru på alt vi ser, eller lèt vi oss lure?
Eg trur ikkje mine eigne auge!
Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom sansane, men kan vi alltid stole på dei?
Hjernen får store mengder informasjon. Derfor tek den nokon snarvegar iblant. Den vel ofte det som er mest sannsynleg. Derfor lèt hjernen seg lure til tider. Vi lèt oss lure av optiske illusjonar. Vi blir òg lurte av manipulerte bilde.
Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.
Fargeblindheit
Menneske kan sjå fargane raudt, grønt og blått. Til saman kan vi sjå millionar av fargevariantar.
Folk kan ha ulike former for fargeblindheit. Nokre er raudblinde, medan andre er grønblinde. Dei færraste er fullstendig fargeblinde.
Fargeblindheit gjer at det blir vanskeleg å skilje fargane frå kvarandre. Viss du er raudblind, er det ikkje så lett å skilje tyttebæra frå blåbæra på bærtur.
Fargesyn hos dyr
Forsøk å førestelle deg verda i berre svart-kvitt. Det hadde blitt nokså kjedeleg. Hunder har ikkje fargesyn. Andre pattedyr kan sjå nokre få fargar. Dei kan sjå forskjell på blått og gult. Det er berre menneske og nokre apar som kan skilje raudt frå grønt.
Nokre dyr kan sjå fargar vi ikkje kan sjå, som ultrafiolett. Dette er stråling som kjem frå sola.
En golden retriever hvalp med ansiktet vendt mot oss.
Augemål?
Augemål betyr å gjette kor stort eller langt noko er ut frå kva vi ser. Augemålet kan lure oss!
Hjernen trur automatisk at ting som er lenger unna, må vere mindre av storleik enn ting som er nær oss. Ponzoillusjonen er eit døme på dette. I dette dømet trur vi sannsynlegvis at den øvste blå streken er lenger enn den nedste blå streken. Sjølv om dei er akkurat like lange!
Ebbinghausillusjonen
Kva tenkjer du om dei oransje sirklane i bildet? Er dei like store, eller er den eine større enn den andre?
Denne optiske illusjonen blir kalla Ebbinghausillusjonen. Her bruker hjernen dei blå sirklane rundt den oransje for å avgjere kor stor den oransje sirkelen er, og hjernen trekkjer feil konklusjon. Dei to oransje sirklane er faktisk akkurat like store!
Slangeillusjonen
Når du ser på illusjonen, ser det ut som om mønstera bevegar seg. Dette har noko med fargane på bildet å gjere. Sidan auga alltid bevegar seg litt, stimulerer det hjernen til å skape ei oppleving av rørsle.
Er det mogleg å stanse rørslene heilt?
Ingen rette linjer?
Ser du nokre horisontale strekar her som IKKJE er bøygde? Kva trur du lurer oss her? Alle dei horisontale strekane er faktisk heilt rette.
Kjelder:
- Sandvig, Kjell; Høvding, Gunnar: fargesyn i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 8. november 2021 frå https://sml.snl.no/fargesyn
- Sandvig, Kjell: syn i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 8. november 2021 frå https://sml.snl.no/syn
- Sandvig, Kjell; Høvding, Gunnar: fargeblindhet i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 8. november 2021 frå https://sml.snl.no/fargeblindhet
- Ny vitenskap – Kroppen vol. 4
Orage Forlag AS
- forskning.no (08.11.2021): Fargesyn – bare hos mennesker og aper
https://forskning.no/menneskekroppen-evolusjon-norges-forskningsrad/fargesyn—bare-hos-aper-og-mennesker/1084197
- forskning.no (08.11.2021): Mer enn tull og tøys: Optiske illusjoner gir viktig kunnskap om hvordan vi opplever verden
https://forskning.no/hjernen-menneskekroppen-psykologi/mer-enn-tull-og-toys-optiske-illusjoner-gir-viktig-kunnskap-om-hvordan-vi-opplever-verden/1262635
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-