Eg trur ikkje mine eigne auge!

Hjernen oppfattar verda rundt oss gjennom mange sansar. Vi ser, høyrer, føler, smaker, luktar - men kan vi stole på sansane? Kan vi tru på alt vi ser, eller lèt vi oss lure?

Accessibility icon Eg trur ikkje mine eigne auge!

Eg trur ikkje mine eigne auge!

Vi oppfattar verda gjennom sansane våre. Vi føler, luktar, smaker, høyrer og ser. Men kan vi alltid stole på sansane?

Hjernen tek imot veldig mykje informasjon. Den vel derfor ofte det mest sannsynlege. Derfor lèt hjernen seg lure nokre gongar. Vi lèt oss lure av optiske illusjonar. Vi blir òg lurte av manipulerte bilde.

Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.
Mann sitter på huk foran i bildet. Kvinne står langt unna. Det ser ut som hun er mye mindre enn mannen.

Synet

Vi bruker auga for å sjå verda slik ho er her og no. Auget er som eit kamera som slepper inn lys gjennom ei linse. Det rare er at det vi ser, blir opp ned inne i auget. Hjernen må derfor snu bildet.

Kvifor er det kvitt rundt iris?

Regnbogehinna (iris) er den delen av auget som har farge. I midten av iris finst den svarte pupillen. Det er der lyset blir sleppt inn.

Men kvifor er det så mykje kvitt rundt irisen? Det gjer det lettare for andre å sjå der du rettar blikket.

Tappar og stavar

I auget  er det nokre celler som blir kalla  tappar og stavar. Når lyset treffer desse, blir det sendt signal til hjernen.

Stavane lèt oss sjå noko sjølv om det er mørkt ute. Stavane oppfattar òg rørsle.

Tappane lèt oss sjå fargar og detaljar når det er lyst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.
Et kvinnelig øye med grønn farge sett fra siden.

Fargeblindheit

Menneske kan sjå fargane raudt, grønt og blått. Til saman kan vi sjå millionar av fargevariantar.

Somme er fargeblinde. Det er nokre fargar dei ikkje kan sjå. Fargeblindheit gjer det vanskeleg å skilje fargane frå kvarandre. Viss du er raudblind, er det ikkje så lett å skilje tyttebæra frå blåbæra på bærtur.

Seks ulike tallsymboler i ulike farger som viser om du er fargeblind.

Fargesyn hos dyr

Forsøk å førestelle deg verda utan fargar. Det hadde blitt nokså kjedeleg. Hundar har ikkje fargesyn. Dei ser berre svart og kvitt. Andre pattedyr kan sjå nokre få fargar. Det er berre menneske og nokre apar som kan skilje raudt frå grønt.

En golden retriever hvalp med ansiktet vendt mot oss.
En golden retriever hvalp med ansiktet vendt mot oss.

Augemål?

Augemål betyr å gjette kor stort eller langt noko er.  Men augemålet kan lure oss!

Hjernen trur automatisk at ting som er lenger unna må vere mindre enn det som er nær oss. Ponzoillusjonen er eit døme på dette. I dette dømet trur vi sannsynlegvis at den øvste blå streken er lengre enn den nedste blå streken. Sjølv om dei er akkurat like lange!

Jernbanespor der det ser ut som den øverste svillen er lengre enn den nederste.

Ebbinghausillusjonen

Kva tenkjer du om dei oransje sirklane i bildet? Er dei like store, eller er den eine større enn den andre?

Denne optiske illusjonen blir kalla Ebbinghausillusjonen. Her blir hjernen lurt av dei store blå sirklane. Dei to oransje sirklane er akkurat like store!

To separate oransje prikker som er omgitt av blå prikker.

Slangeillusjonen

Når du ser på bildet, ser det ut som om mønstera bevegar seg. Dette har noko med fargane på bildet å gjere. Auga bevegar seg alltid litt. Derfor trur hjernen at mønsteret bevegar seg.

Er det mogleg å stanse rørslene heilt?

Mønster i grønt og lilla som tilsynelatende ikke beveger seg.

Ingen rette linjer?

Ser du nokre horisontale strekar som IKKJE er bøygde? Kva trur du lurer oss her? Alle dei horisontale strekane er faktisk heilt rette.

Sjakkrutete mønster der de rette linjene ser bøyde ut.

Kjelder:

  • Sandvig, Kjell; Høvding, Gunnar: fargesyn i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta 8. november 2021 frå https://sml.snl.no/fargesyn
  • Sandvig, Kjell: syn i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta 8. november 2021 frå https://sml.snl.no/syn
  • Ny vitenskap – Kroppen vol. 4
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images