Ein himmel full av stjerner og planetar

Har du sett opp på nattehimmelen og tenkt på kor stort universet faktisk er? Med ein stjernekikkert kan du sjå nærmare på månen og andre planetar, men kva planetar og stjerner finst der oppe?

Accessibility icon Ein himmel full av stjerner og planetar

Big bang

Verdsrommet er ufatteleg stort. Ingen veit heilt sikkert korleis det oppstod.

Mange forskarar meiner at verdsrommet og solsystemet vårt vart til etter ein kraftig eksplosjon. Dette blir kalla for «Big bang», og det skjedde for 14 milliardar år sidan. Etter kvart samla støv og gass seg til planetar og stjerner.

Big bang
Big bang

Jorda oppstår

I begynnelsen var jorda ei glødande kule. Etter kvart vart jorda kaldare, og overflata storkna. Då fekk vi ei jordskorpe, og vassdampen vart til hav.

Stjerner og planetar

I verdsrommet er det mange stjerner og planetar. Jorda er ein planet, og sola er ei stjerne. Sola står stille, men jorda går i bane rundt sola.

Solsystem

Det er fleire planetar som går i bane rundt sola. Til saman kallar vi dette for solsystemet. Det er gravitasjon (tyngdekraft) som gjer at planetane går i bane rundt sola. Den same krafta gjer at vi held oss på jorda, og ikkje flyg ut i verdsrommet. Gravitasjon er ei usynleg kraft som held solsystemet saman.

Galaksar

Ei samling av stjerner og planetar blir kalla  ein galakse. Det finst mange galaksar i verdsrommet. Galaksen vår blir kalla Mjølkevegen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!