Eit rush av lykke

Kva gjer deg glad? Kva gir deg eit kick? Når kjenner du at du verkeleg lever? Livet er fullt av augneblink som gir oss eit rush av lykke, ei djup kjensle av å ha det bra, ei kribling som gjer det umogleg å ikkje smile breitt eller hoppe av glede.

Kva er lykke for deg?

Lykke er subjektivt! Det betyr at det varierer frå person til person kva som gjer oss lykkelege. Men det finst ein del ting som gjer mange av oss glade. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.

Glede over trening

Av og til kan det vere tungt å komme i gang, men mange av oss har nok opplevd at trening gir oss glede og energi. Ein av grunnane er at kroppen frigjer endorfin når vi trenar. Endorfin dempar ubehag og gjer oss glade og euforiske. Kroppen frigjer også andre såkalla lykkehormon, som serotonin og dopamin, når vi er i fysisk aktivitet. I tillegg går nivået av stresshormona kortisol og adrenalin ned.

Det er også andre ting ved trening som gjer oss glade. Ofte trenar vi med gode venner, og vi kjenner meistring når vi klarer noko vi har øvd på lenge. Dessutan søv vi betre når vi har brukt kroppen.

Har du høyrt om «runner´s high»? 

Når ein trenar over tid, til dømes når ein spring langt, frigjer kroppen endorfin for å dempe smerte. Dette hjelper oss å presse oss endå hardare. Når vi lykkast på trening, får vi eit skikkeleg lykkerush som vi gjerne vil oppleve igjen, og igjen. Slik blir vi oppmuntra til å springe langt neste gong òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Finn glede i naturen

Mange blir glade av å vere ute i naturen. Her kan ein få frisk luft, nyte sola, kjenne regnet i ansiktet eller høyre den kramme snøen under skoa. Naturen byr på mange flotte opplevingar, som vakre solnedgangar og flotte landskap.

Ute i naturen er det lettare å kople av, la tankane vandre, eller berre vere utan å tenkje på noko. Mange opplever ei eiga ro når dei er ute i naturen. Viss ein går eller joggar ein tur, får ein dessutan brukt kroppen. Naturopplevingar kan også gi ei kjensle av fellesskap viss ein deler dei med andre.

Fellesskap er viktig

Vi menneske er sosiale vesen, og det er viktig for oss å ‘høyre til’. Samvær med venner og familie kan gi oss mykje glede. Berre tenk på kjensla du får når du og vennen din får latterkrampe av ein dårleg vits, eller når laget ditt skårar i ein viktig kamp. 

Når vi ler saman med andre, eller berre sit saman og ser på film, gir det ei kjensle av tilfredsheit og tilhøyrsel. Korleis kjenner du deg når du er på konsert og hundrevis av menneske hoppar i takt som eitt, stort bankande hjarte?

Musikk

Visste du forresten at du kan bli glad av å lytte til musikk du liker? Set på yndlingslåta di, la kroppen følgje rytmane, og kjenn kva det gjer med deg! Musikk kan redusere stress og uro fordi lykkehormona til kroppen blir sette i sving. 

Har du nokon gong tenkt på korleis musikk påverkar deg? Viss du er nedfor, kan det vere freistande å setje på trist musikk og gråte litt, men kanskje det er betre å setje på ein gladlåt for å snu kjenslene?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Le deg glad

Den enklaste måten å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Sjå ein morosam film, høyr ein morosam vits, eller del ei morosam oppleving. Det er viktig å le lenge og ofte, anten åleine eller saman med andre. Det er vanskeleg å seie om ein god latter verkeleg forlengjer livet, men latter gjer oss i alle fall gladare! 

Meistre noko nytt

Mange blir også glade av å lære noko nytt. Det treng ikkje vere noko stort. Tenk på kor stolt du vart første gongen du klarte å knyte di eiga skolisse, eller på lykkerushet du opplevde første gongen du skåra mål, sykla utan støttehjul, slo nokon i eit dataspel eller fekk nokon til å le av ein vits du hadde funne på.

Set deg eit mål

Det kan vere veldig tilfredsstillande å jobbe mot eit mål ein har sett seg. Ofte opplever ein ei rekkje små triumfar undervegs, men også nokre nederlag. Desse kan vi snu til noko positivt viss vi lærer av dei. Når vi endeleg når målet, kan det gi eit skikkeleg lykkekick. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ei god gjerning

Det er kanskje ikkje så overraskande at det å gjere noko for andre kan gi oss mykje glede. Å sjå eit ansikt lyse opp på grunn av noko vi har gjort, kan gi oss ei kraftig lykkekjensle. Vi kjenner oss bra når andre set pris på oss for den vi er og det vi kan. Dette er kanskje lett å gløyme i kvardagen, men berre prøv sjølv! Gle nokon andre, og kjenn kor godt det kjennest for deg òg.

Prøv sjølv

No har du lese om fleire ting som kan gi oss glede og lykkekjensle. Tenk gjennom kva for nokre av desse tinga som gjer deg glad, og prøv nokre av dei neste gong du har ein litt dårleg dag. Kanskje det ikkje er så vanskeleg å gjere dagen betre. Vi håpar lista kan hjelpe deg å få eit skikkeleg lykkerush!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay