Eit rush av lykke
Kva gjer deg glad? Kva gir deg eit kick? Korleis får du skikkeleg godkjensle? Når kjenner du at du verkeleg lever? Livet er fullt av situasjonar, opplevingar og relasjonar som gir oss eit rush av lykke, ei kjensle av å sveve på ei rosa sky, ei djup kjensle av å vere verkeleg tilfreds, eller ei kriblande lykke som gjer det umogleg å ikkje smile breitt eller hoppe av glede.
Kva er lykke for deg?
Lykke er subjektivt! Det vil seie at akkurat kva som gir kvar og ein av oss ein skikkeleg opptur eller ei kjensle av å vera lykkeleg og tilfreds, kan variere frå person til person. Samtidig er det ein del felles faktorar som gjer mange av oss glade. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.
Fellesskap er viktig
Vi menneske er sosiale vesen, og oppleving av fellesskap er viktig for oss. Det å vere saman med venner eller familie, kan også gi oss mykje glede. Om ein ler saman, deler idear og tankar eller berre sit saman i ro og mak, kan det å dele noko gi ei kjensle av tilfredsheit og tilhøyrsel.
Å dele store og små opplevingar gir ei kjensle av samhald. Berre tenk kva samhald du kjenner når både du og vennen din bryt ut i latter av den same dårlege vitsen. Tenk på når du er på ein kamp og laget ditt endeleg skårar, eller om ein er på ein konsert der hundrevis av kroppar hoppar i takt som eitt stort bankande hjarte.
Le deg glad
Ein veldig enkel måte å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Sjå ein morosam komedie, høyr ein morosam vits, oppdag ein morosam «meme», del ei morosam oppleving. Det er viktig å unne seg sjølv nokre skikkelege latterkuler. Gjer det åleine eller del det med andre, men le ofte og lenge. Om ordtaket ein god latter forlengjer livet stemmer, er vanskeleg å seie, men at latter gjer oss lykkelege, det er i alle fall heilt sikkert! Så har du ein smittsam latter, bruk den 🙂
Kjelder:
- Forskning.no (30.05.2007): Rusa på kroppens egne stoffer
https://www.forskning.no/sport-stress-hjernen/rusa-pa-kroppens-egne-stoffer/1000508
- Snl.no (07.03.2020): Endorfin
https://sml.snl.no/endorfin
- Aftenposten (27.07.2017): Forskning: Derfor gråter vi av musikk
https://www.aftenposten.no/kultur/i/01lEG/forskning-derfor-graater-vi-av-musikk
- Verdensdagen for psykisk helse (14.02.2023): Fire grunner til å bruke mer tid på musikk
https://www.verdensdagen.no/gjesteinnlegg/fire-grunner-til-a-bruke-mer-tid-pa-musikk
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-