Ekstremvêr

Ekstremvêr er vêr som er litt annleis og kraftigare enn det normale. Korleis oppstår ekstremvêr, og kva er koplinga til klimaendringane?

Accessibility icon Ekstremvêr

Ekstremvêr

Ekstremvêr er rett og slett vêr som er litt annleis enn det normale: plutselege haglskurer, kraftige overfløymingar og farlege hetebølgjer. 

Dei fleste forskarane meiner at vi får kraftigare vêr på grunn av det vi kallar global oppvarming. Når temperaturen på jorda blir høgare, er det større fare for meir øydeleggjande og kraftig vêr. 

Lyn over byen St. George

Ulike typar ekstremvêr

Støvstorm

Støvstormar oppstår i tørre område. Der kan sterk vind lett drage laus jord opp frå bakken. Vinden dreg med seg slam, leire og støv. Alt dette blir til ei stor, tett støvsky. Dårleg sikt (vanskeleg å sjå) gjer det umogleg å køyre bil. Støvstormar varer kanskje berre nokre få minutt, men kan føre til alvorlege bilulykker. 

Sandstorm
Sandstorm
Skogbrann

Skogbrannar startar lett i område der kraftig tørke og varme har tørka ut planter og tre. Desse brannane spreier seg raskt. Skogbrannar kan starte dei fleste stader i verda, men ikkje Antarktis. 

Skogbrann, Colorado
Skogbrann, Colorado

Forlat aldri eit bål

Lynflaum

Lynflaumar oppstår når lågt land fløymer over raskt. Det kan komme av mykje regn eller snøsmelting. 

Dei fleste flaumar oppstår når store mengder regn får elvane til å renne over. Dei kan òg oppstå når høgvatn eller store bølgjer slår inn over land. Flaum kan skade hus, øydeleggje drikkevatnet og spreie sjukdommar. 

Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Hagl

Hagl oppstår i toreskyer. Haglkorn er oftast på storleik med ei ert. Men dei kan bli store som ein golfball! Dei kan øydeleggje for jordbruk, knuse vindauge og til og med skade menneske. 

Slik blir lyn til

Viss det blir veldig varmt langs bakken, vil den oppvarma og fuktige lufta stige opp. Når ho kjem høgt opp, blir det kaldare, og fukta blir til iskrystall. 

Iskrystalla fell nedover gjennom den varme lufta som stig opp. 

Då oppstår det som heiter statisk elektrisitet. Det betyr at elektriske ladningar blir overførte frå eit objekt til eit anna. 

Skyene blir ladde opp negativt på botnen og positivt på toppen. Samtidig blir bakken ladd med ei positiv ladning. Lyn blir til når spenninga mellom den negative og positive ladninga blir så stor at det oppstår ein gneiste imellom dei. 

Det er ikkje berre skyer som er årsak til lyn og tore. Lyn kan også oppstå i sandstormar, vulkanutbrot og skogbrannar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hetebølgjer

Ei hetebølgje er ein periode med uvanleg varmt eller fuktig vêr. Det held gjerne fram gjennom nettene og påverkar store område. Hetebølgjene kjem av høgt lufttrykk. Når det er høgt lufttrykk, sig luft frå dei øvst i atmosfæren nedover og rullar rundt. 

Når lufta sig ned, blir ho pressa saman. Då aukar temperaturen. Lufta som blir skuva til sidene av presset, blokkerer anna vêr frå å komme inn i området. Ei hetebølgje kan vare i dagevis eller vekevis. Fordi det sjeldan er skyer på himmelen, får området også kraftig sollys.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Global oppvarming konsept
Global oppvarming konsept
Tørke

Tørke kjem av at det forsvinn meir vatn enn det som kjem som regn. Jorda tørkar ut, grunnvatnet søkk, og det regner ikkje. Tørke kan øydeleggje jordbruk og gjere det vanskeleg for menneske som er avhengige av dette for å leve. Tørke kan føre til svolt, krig og dødelege sjukdommar. 

Ørken
Ørken

FNs undersøkingar seier at det ganske sikkert er fleire varme dagar og netter no enn i 1950. Samtidig har det i same perioden færre kalde dagar og netter. 

FN trur òg at det sidan 1950 har blitt vanlegare med hetebølgjer, ekstrem nedbør og flaum i meir enn halvparten av målte landområde. 

For at vi skal kunne seie noko sikkert om ekstremvêr, må vi ha gode målestasjonar for vêr. Mange stader har ikkje slike målestasjonar. Difor kan vi berre seie noko om dei stadene som vi har kunnskap frå. 

Fordi ekstremvêr ofte treffer på små område, vil det også vere vanskeleg å overføre denne kunnskapen til større område. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ekstrem vær
Ekstrem vær

Kjelder:

  • Ekstremvær (2015)
    Orage Forlag
     AS
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. NRK
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. iStock